Søk støtte
Søknadsfrister
mar
04
2025
Kl. 13:00
jun
03
2025
Kl. 13:00
Formål
Formålet med ordninga er å stimulere til utgjeving av publikasjonar som gir auka kunnskap om historie, kunst, kulturar og samfunnsliv i Noreg fram til i dag. Det blir lagt særleg vekt på utgjevingar som inkluderer fleire stemmer, styrkjer mangfaldet og aukar breidden i kulturvernet.
Åpne alleForvaltning av ordninga
Kulturrådet forvaltar ordninga og midlane kjem frå Kulturfondet. Kulturdirektoratet er sekretariat.
Kva kan få støtte?
Ordninga gir trykkjetilskott til bokutgjevingar med eit nedslagsfelt som strekkjer seg ut over det lokale og regionale. Dei fleste utgjevingane som får tilskott er tematisk orientert mot kulturelle, sosiale, økonomiske eller politiske fenomen. Det blir også gitt tilskott til biografiar, antologiar, kjeldeutgjevingar og andre publikasjonar som vedkjem kulturvernet, kunstfeltet og sektorane museum og arkiv.
Særleg relevante er bokutgjevingar som er orientert mot
- dokumentasjon og synleggjering av urfolk, minoritetar og marginaliserte gruppers historie, kulturarv og vilkår i dag
- formidling og dokumentasjon av immateriell kulturarv og tradisjonell kunnskap og praksis
- utforsking og refleksjon rundt kulturvernets samfunnsrolle
- modig refleksjon der maktstrukturar blir utfordra
- samtidsorientert dokumentasjon og formidling
- refleksjon rundt og kunnskap om berekraft
- barn og unge som tydeleg målgruppe
Det blir ikkje gitt trykkjetilskott til
- lokalhistoriske utgjevingar, slik som bygdebøker og årbøker
- manusførebuande arbeid og manuskriptutvikling
- dekking av utgifter til å trykkje bøker som allereie er utgjevne
Som hovudregel blir det ikkje gitt tilskott til tiltak som er igangsatt før søknad om tilskott er innsendt. Det er ikkje høve til å søkje om tilskott fleire gonger til eit prosjekt som allereie har fått avslag innanfor same budsjettår, med mindre det ligg føre vesentlege endringar i prosjektet og endringane kjem tydeleg fram av søknaden (nytt budsjettår startar 1. desember).
For søknad om støtte til andre kulturvernrelaterte prosjekt,
Kven kan søkje?
Den primære målgruppa for tilskottsordninga er forlag. Forlag/utgjevar skal stå som formell søkjar. Kulturrådet imøteser søknader frå et breitt spekter av forlag og utgjevarar. Søknader frå forlag/utgjevarar som hittil ikkje har erfaring med Kulturrådet vil bli spesielt verdsatt.
Vedr. søknader frå verksemder med fast årleg statstilskott, sjå pkt 5 i gjeldande retningsliner for ordninga.
Andre kriterier
Søknad til Kulturrådet skal sendast inn så snart trykkeklart manuskript ligg føre. Trykkeklart manuskript, inklusive døme på bilete og illustrasjonar, må leggjast ved søknaden i pdf-format.
For denne ordninga kan Kulturrådet normalt gje støtte på inntil 50 % av trykkekostnadene, unntaksvis ein større del dersom publikasjonen er tematisk orientert inn mot prioriterte område i Kulturrådets strategi for kulturvernområdet.
Krav til søknaden
Søknaden skal leverast via Kulturdirektoratets elektroniske søknadsportal innan søknadsfristen. Søknaden må tilfredsstille dei til eikvar tid gjeldande krav og retningsliner som er fastsatt av Kulturrådet. Alle obligatoriske felt i søknadsskjemaet skal vere utfylt. Søknader som ikkje er komt inn før søknadsfristen, eller som fell utanfor ordninga, vil bli avvist.
Særskilt krav til vedlegg ved søknader om trykkjetilskott
Trykkjeklart manuskript er obligatorisk vedlegg ved søknader på denne ordninga. Søknad til Kulturrådet skal sendast inn så snart trykkeklart manuskript ligg føre. Trykkjeklart manuskript, inkludert døme på bilete og illustrasjonar, må leggjast ved søknaden i pdf-format.
Prosjekttittel til søknader på denne ordninga skal ha slik form:
Forfattars namn: Tittel eller arbeidstittel på boka.
Søknadsskjema
Les utlysingsteksten nøye før du startar med å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet. Les også hjelpetekstane i skjemaet. Desse er merkte med «?».
Har du problem med å logge deg på eller sende vedlegg?
Du kan søkje om tilskott frå denne ordninga berre ein gong for kvart prosjekt.
Tilrådde nettlesarar
For best mogleg brukervenleik i skjemaet, tilrår me at du nyttar følgjande nettlesarar: MAC = Safari. Windows = Chrome.
Utanlandsk søkjar/Foreign applicant
Har du ikkje norsk fødselsnummer eller D-nummer, må du kontakta support seinast 14 dagar før søknadsfrist. If you do not have a Norwegian social security number or D-number, contact support@kulturdirektoratet.no no later than 14 days before application deadline.
Kulturrådet krev at forlaget/utgjevar står som søkjar. Det er berre mogleg å søkje med organisasjonsnummer.
Søknadsskjemaer blir tilgjengelige cirka en måned før neste søknadsfrist.
Vurdering av søknaden
I vurderinga av søknader blir det lagt overordna vekt på historie- og kulturvernfagleg forankring og kvalitet. Prosjektets relevans i forhold til Kulturrådets områdeplan for kulturvern blir vurdert spesielt.
I den enkelte søknad blir det lagt vekt på gjennomføringsevne og at bokprosjektets mål, omfang og konkrete gjennomføring er godt skildra. Videre blir det forventa ei realistisk budsjettering og ein tydeleg finansieringsplan.
Verksemder med fast årleg statstilskott blir normalt ikkje innvilga støtte frå Norsk kulturfond, jf pkt 5 i gjeldande retningsliner. Prosjekt som er orientert mot bevaring, dokumentasjon og formidling relatert til urfolk, nasjonale minoritetar og/eller marginaliserte grupper i samfunnet vil bli spesielt prioritert. Det blir lagt særleg vekt på om tiltaket fremjar samarbeid med det frie feltet.
I den samla vurderinga av alle søknader og fordelinga av midlar, blir det lagt vekt på at ordninga skal ivareta eit mangfald og ei stor breidde av kulturuttrykk og erfaringar i samfunnet. Videre blir det lagt vekt på at ordninga kjem både etablerte og nye aktørar til gode, at prosjekta når målgrupper med ulik økonomisk, sosial og kulturell bakgrunn, og at eit stort spekter av prosjekt med blikk for aktuelle endringsprosessar, fenomen og utfordringar i vår samtid og nære fortid kan bli realisert. Utgjevingar som dokumenterer og synleggjer urfolk, minoritetar og marginaliserte gruppers historie, kulturarv og vilkår i dag blir gitt høg prioritet i vurderinga. Det blir også tatt omsyn til geografisk fordeling av midlane og tiltakas forankring og potensiale i lokale, regionale, nasjonale og internasjonale samanhengar.
Forseinkingar som ikkje er avtalt, eller manglende rapport/rekneskap i tidlegere saker der søkjaren har fått tildeling, vil bli vektlagt ved vurderinga av søknaden.
Søknadene blir vurdert av Fagleg utval for kulturvern som gjer sine vurderingar på grunnlag av fagleg skjønn i samsvar med ordningas formål og Kulturrådets områdeplan for kulturvern.
Kulturrådet mottek langt fleire søknader enn det er midlar til. Det vil seie at råd og utval ofte må gjere krevjande prioriteringar, som medfører at også bokprosjekt som blir vurdert å vere gode vil få avslag eller lågare tilskott enn omsøkt.
Kulturrådet fullfinansierer normalt ikkje prosjekt, og det er ein føresetnad at søkjar budsjetterer med andre finansieringskjelder og eit rimeleg eigeninntektsnivå. For denne ordninga kan Kulturrådet normalt gje tilskott på inntil 50 % av trykkjekostnadene, unntaksvis meir dersom tiltaket fell innafor satsingsområde og prioriteringar som framgår av Kulturrådets områdeplan for kulturvern.
Det er normalt ikkje rom for å søkje støtte til same prosjekt meir enn ein gong innafor same budsjettår.
Slik behandles søknaden
Se hvordan søknadene blir behandlet, fra søknaden blir sendt inn til vedtakene blir offentleggjort.
Rapportering og regnskap
Utbetaling for faglitteratur kulturvern skjer i ratar. Dei første 80 prosent av tilskotet vert utbetalt når søkjar har akseptert kontrakten. Dei resterande 20 prosent vert utbetalt når Kulturrådet har godkjent rapport og rekneskap, sjå §12 i retningslinene.
Viss tildelinga ikkje er akseptert innan fristen som er fastsett i kontrakten, vil tildelinga falle bort. Eventuell utsetjing av akseptfristen føreset skriftleg søknad før fristens utløp.
Tilskot over kr 500 000 skal reviderast av statsautorisert revisor eller registrert revisor. Dette gjeld også viss prosjektet er gitt tilskot frå fleire ordningar og tilskota til saman utgjer over kr 500 000. Institusjonar og organisasjonar som nyttar kommunerevisjon eller anna offentleg revisjonsorgan, skal levere rapport frå kommunerevisjon eller anna offentleg revisjonsorgan.
Kulturrådet kan stille særskilte krav til type revisjon i kontrakten.
Vesentlege endringar i prosjektet, budsjett eller tidsplan må søkjast om skriftleg og godkjennast av Norsk kulturråd.
Seinast tre månader etter at prosjektet er avslutta skal det sendast inn to eksemplar av det ferdige produktet (bok, katalog eller tidsskrift) og eit underskrive rekneskap. Viss det ikkje er avtalt utsetjing med Kulturrådet, gjeld sluttdatoen som er oppgjeve i søknaden.
Rekneskapen skal vise korleis tilskotet er brukt og settast opp slik at han kan samanliknas med innsendt budsjett. Tilskot frå Norsk kulturråd og andre offentlege tilskotsytarar skal spesifiserast. Bilag må kunne leggast fram viss spurt etter. Avvik på meir enn 10 prosent mellom rekneskapen og budsjettet som låg til grunn for tilskotet, skal kommenterast.
Kulturrådet kan stille særlege vilkår til rapport og rekneskap i kontrakten.
Tilskot frå Norsk kulturfond utbetalast i ratar. Ved manglande innsending av rapport/rekneskap innan fastsatt frist, vil den delen av tilskotet som ikkje er utbetalt, bli heldt tilbake. Den delen av tilskotet som er heldt tilbake, vil då kunne bli tilbakeført til Norsk kulturfond.
Tilskotsmidlar som ikkje nyttast etter føresetnadene, skal tilbakebetalast til Norsk kulturråd.
Viss Norsk kulturråd avdekker at tilskotet ikkje er nytta etter føresetnadene, at tilskotet er gitt på bakgrunn av urette opplysningar eller at det føreligg andre vesentlege brot på vilkåra, kan Norsk kulturråd holde tilbake tilskot som ikkje er utbetalt, og krevje at utbetalte tilskot betalast tilbake.
Tilskotsmottakar plikter å leggje fram etterspurt dokumentasjon, dersom Norsk kulturråd krev det i samband med evaluering av prosjektet.
Det skal gjerast kjent at prosjektet er støtta av Kulturrådet.
For tilskot til prosjekt der det skjer sal av billettar er det ein føresetnad for tilskotet at alle som har prov for at dei er følgje til ein funksjonshemma person, skal ha rett til gratis billett eller ein billett med rabatt som gjer at samla pris ikkje overstig prisen for ein vanleg billett.
Kulturrådet legg til grunn at verksemder gjev honorar til kunstnarar og fagpersonar i tråd med gjeldande avtalar, vederlagsordningar og tilrådde satsar, der dette er relevant. Dette skal då framkomme i rapport og rekneskap.
Korleis sende inn rapporten?
Alle tilskottsmottakarar som aksepterer si kontrakt etter 2. november 2017, skal rapportere via Altinn.
Du vil få to varsel om rapportering før rapportfristen. Det første kjem tre månader før rapportfristen og det andre to veker før fristen. Begge kjem i di meldingsboks i Altinn. Dersom du ikkje rapporterer innan fristen, fell resten av tilskottet bort automatisk. Les artikkel om strengare oppfølging.
Dersom du har behov for å utsetje ein rapporteringsfrist, ta kontakt med sakshandsamar i god tid før fristen slik at vi kan vurdere utsetjing. Om du ventar til rapporteringsfristen har gått ut vil eventuelle attståande midlar automatisk bli trekt tilbake. Også allereie utbetalte midlar kan bli krevd tilbakebetalt. Ikkje utbetalte midlar vil bli tilbakeført til Kulturfondet, og kjem annan kunst og kultur til gode.
Tilskottsmottakarar som har akseptert kontrakt før 2. november 2017, skal, som tidlegare, sende rapportdokumenta på epost til post@kulturdirektoratet.no med referanse til prosjektnummer.