Digital utvikling
Digital utvikling handlar om det som skjer når kunst og kultur møter ny teknologi. Dei nye multimediateknologiane og Internett kan nyttjas for å skapa nye uttrykk og opplevingar, gje utvida tilgang til kunst og kultur, og leggja til rette for brukardialog og nye møteplassar.
Kulturdirektoratet arbeider med koordinerings- og utviklingsoppgåver på det digitale området som går ut over det einskilde fagområdet og som bør sjåast i ein vidare samanheng. Kulturdirektoratet er kontaktpunkt for samarbeid med andre nasjonale aktørar og internasjonale samarbeidspartar, til dømes andre nordiske land og Europeana. Utviklings- og koordineringsoppgåvene er definert mellom anna i:
St. meld nr. 24 (2008-2009) Nasjonale strategi for digital bevaring og formidling av kulturarv
St. meld nr. 49 (2008-2009) Framtidas museum. Forvaltning, forskning, formidling og fornying
Meld. St. 23 (2011–2012) Melding til Stortinget. Visuell kunst