Yngve Seierstad Stokke er konstituert som direktør i Kulturdirektoratet
Foto: Trym Schade Warloe
I samband med at Kristin Danielsen har sagt opp som direktør i Kulturdirektoratet, har Kultur- og likestillingsdepartementet konstituert Yngve Seierstad Stokke i stillinga. Stokke vil fungere frå 18. august og inntil ny direktør er tilsett.
– Eg går inn i denne rolla med stor respekt for det viktige samfunnsoppdraget Kulturdirektoratet har. Saman med dyktige medarbeidarar, skal eg føre vidare og utvikle det gode arbeidet fram til ny permanent direktør er på plass, seier Yngve Seierstad Stokke.
Stokke er frå før tilsett som direktør for virksomhetsstyring i Kulturdirektoratet, og vil halde fram i den rolla samtidig som han er konstituert direktør.
I april vart det kjent at Kristin Danielsen sluttar i Kulturdirektoratet etter ni år som toppleiar. Ho blir ny direktør i Nordisk kulturfond.
– Kristin Danielsen har lagt ned ein solid innsats som har vore til svært stor verdi for verksemda, og vi ønskjer henne alt godt i nye utfordringar, seier Stokke.
Kultur- og likestillingsdepartementet har lyst ut stillinga som direktør i Kulturdirektoratet med søknadsfrist 1. september.