Kulturrådet lyser ut tre millionar kroner til å styrkje mangfaldet i kunsten
Kulturrådet ønskjer å bidra til eit større mangfald innan visuell kunst, og me søkjer no etter prosjekt som fremjar samarbeid, utviklar nettverk og skaper møteplassar for eit ope og mangfaldig kunstliv.
Korleis kan det visuelle kunstfeltet famne breiare? Dette spørsmålet var utgangspunktet for den ekstraordinære utlysinga som no er klar. Rådsmedlem i Kulturrådet og leiar for arrangørutvalet for visuell kunst, Rikke G. Komissar, forklarer:
– Me ønskte å utforske dette spørsmålet og inviterte inn ulike aktørar frå kunstfeltet til å kome med innspel. Både institusjonane og kunstnarane gav tydeleg uttrykk for at det er samarbeid, nettverk og møteplassar som gjer det mogleg med breiare deltaking på kunstfeltet. Me har derfor valt å lyse ut tre millionar kroner med dette som utgangspunkt.
Les meir og søk - fristen er 14. april
Read more about the announcement in English
Loga eanet almmuhusa birra davvisámegillii dákko
Kva er eit mangfaldig kunstliv?
Målet med denne ekstraordinære utlysinga er å skape eit større mangfald på det visuelle kunstfeltet. Det vil seie eit kunstliv der folk med ulik sosial og kulturell bakgrunn, religion, seksuell orientering, kjønnsidentitet, nasjonalitet, alder og ulike funksjonsvariasjonar tar del som kunstnarar, formidlarar og publikum. Me er særleg interesserte i prosjekt som legg til rette for samarbeid mellom nye og meir etablerte aktørar på det visuelle kunstfeltet.
– Korleis kan me saman utvide føresetnadene for produksjon og formidling av biletkunst, fotografi og kunsthandverk? Korleis kan fleire få høve til å skape kunst og vise han for eit publikum? Korleis kan kunstnarar og kunstinstitusjonar samarbeide? Dette er viktige spørsmål, og me ser fram til å lese søknadene, seier Komissar.
Kven kan søkje?
Tilskotsordninga er open for både enkeltpersonar og verksemder, og det er retningslinjene for prosjektstøtte visuell kunst som gjeld. I tillegg gjeld følgjande særskilt for denne ekstraordinære eingongsutlysinga:
- Føremålet med utlysinga er å styrkje mangfaldet på det visuelle kunstfeltet. Ordninga rettar seg særleg mot samarbeid, nettverk og møteplassar.
- Kulturdirektoratet tilbyr rettleiing i form av individuelle nettmøte.
- Det er arrangørutvalet for visuell kunst i Kulturrådet som behandlar søknadene.
- Tilskota spenner frå 30 000 til 300 000 kroner.
- Prosjekta som får tilskot, vil bli inviterte til å presentere resultata på eit seminar i regi av Kulturrådet i 2024.