Norsk og svensk seterkultur innskriven på liste over levande kulturarv i verda.
Den norske seterkulturen har saman med den svenske fäbodkulturen vorte innskrive på UNESCO si representative liste over den immaterielle kulturarven. Innskrivinga av den multinasjonale nominasjonen demonstrerer at det globale samfunnet anerkjenner den mangfaldige tradisjonen som ein viktig del av kulturarven i verda.
– Med denne innskrivinga er ikkje berre våre lokale tradisjonar anerkjend, men den er òg eit vitnesbyrd om kor dynamisk og grenseoverskridande levande kulturarv kan vere. Innskrivinga viser korleis tradisjonar og kunnskap flyt over landegrenser og skaper eit globalt fellesskap der mangfald, respekt og felles verdiar blir framheva, seier avdelingsdirektør Torbjørn Urfjell i Kulturdirektoratet.
Den multinasjonale nominasjonen er eit samarbeid mellom Noreg og Sverige, der sistnemnde offisielt fremja nominasjonen. Organisasjonane Norsk seterkultur og Förbundet Svensk Fäbodkultur och utmarksbruk har i seks år arbeidd med nominasjonen på vegne av setermiljøa i dei to landa. I arbeidet med nominasjonen har dei mellom anna gjennomført felles seminar og workshop med diskusjonar samt spørjeundersøkingar, studieturar og dokumentasjonsarbeid – og på den måten fått eit godt kunnskapsgrunnlag for arbeidet med å verne og vidareføre den levande kulturarven.
Nominasjonen er underskriven av kulturdepartementa i begge land, og har fått støttebrev frå 110 organisasjonar i Noreg og Sverige.
Frå sjølvfølgje til kulturarv
Ei seter eller støl er eit beiteområde i utmarka med hus for folk og beitedyr som blir nytta om sommaren. Dei siste 150 åra har det vore ein sterk nedgang i talet på setrar i Noreg og Sverige, frå over 100 000 til under 1 000. Det er grunn til å tru at det i dag er mellom 200 og 250 fäboder i bruk i Sverige, der berre om lag 50 av desse har mjølkeproduksjon. I Noreg er det i dag rundt 750 setrar i drift. Berre dei ti siste åra har talet på setrar i Noreg gått ned med i overkant av 200 – noko som tilsvara ein nedgang på 22 prosent. Stadnamn og stiar er framleis i aktivt bruk, men mykje av seterdrifta er borte. Berre lukta og gjenklangen av historier og musikk sit framleis igjen i veggane i dei nedlagde seterhusa.
Seterdrift var ein sjølvfølgje for gardar i skog og fjellbygder for inntil få generasjonar sidan. Setra vart rekna som domenet til kvinnene. Her vart det hausta, sanka og produsert mat, spesielt meieriprodukt, og kunnskapen vart overlevert frå generasjon til generasjon. Hundrevis av år med beiting og tråkk har danna eit ope artsrikt økosystem og ein infrastruktur rik på kulturminne. Dei mangfaldige praksisane og variasjonane innan seterkulturen, og dei lokale tilpassingane, gir verdifulle bidrag til både natur- og kulturmangfaldet – og formar regional identitet.
– Det har vore seks intense år og veldig nyttige år. Me har lært enormt mykje om vår eigen seterkultur, ikkje minst kor stort mangfald det er. Her finst ikkje god eller dårleg seterdrift, heller ingen A eller B lag. Botnlinja i Noreg er at vi produserer mjølk frå utmarksbeite. I Sverige er det å ta vare på seterdrifta med husdyr og aktivitetar det viktigaste. I Sverige har ein nemleg ein vidare definisjon av seterdrift enn i Noreg, til dømes reknast beiting utan mjølkeproduksjon også som seterdrift. Mangfaldet av seterdrift har vore spesielt viktig å få fram i nominasjonsteksten, seier Siv Beate Eggen, styreleiar i Norsk seterkultur.
Ein mangfaldig tradisjon
Tap av seterkultur er ikkje berre eit personleg tap for kvar enkelt bonde, men noko som også kan påverka fleire. Nominasjonsprosessen har vist at seterkulturen har ulik betydning for folk. Seterbruk er ei viktig kjelde til lokalt produsert mat, samtidig som det kan fremja helse og velvære, både for seterbrukarane og for gjester på setra. I tillegg handlar seterkultur om kulturlandskap, friluftsliv og dyrevelferd, tradisjonskunnskap for berekraftig utvikling og beredskap for å nemne noko.
– Seterdrifta er ikkje berre viktig for oss seterbrukarar, men for heile verda, seier den svensk-norske arbeidsgruppa bak nominasjonen.
– Me var veldig stolte då den svenske regjeringa nominerte seterkulturen i Noreg og Sverige til UNESCOs liste for immateriell kulturarv i 2023. No er me ekstremt stolte av å bli anerkjende som ein viktig del av kulturarven i verda. Me er også veldig takksame over den breie oppslutninga arbeidet har fått. Mange, både i og utanfor landbruket, vil vera med å ta vare på seterkulturen.
Kva betyr listeføring for vern og vidareføring av immateriell kulturarv?
Listeføring fører i seg sjølv ikkje til vern og vidareføring av immateriell kulturarv, men bidreg til å synleggjera og anerkjenne ulike tradisjonar, ferdigheiter og praksisar. Dokumentasjonen kan også bidra til å løfta fram viktig kunnskap for vern og vidareføring av immateriell kulturarv, både for kulturberarane sjølve, og spesielt for aktørane bak nominasjonen. I tillegg kan det bidra til å auke kunnskapen blant folk flest. På denne måten kan inskripsjonane på UNESCOs listar, som norsk-svensk seterkultur, skape møtepunkt mellom folk og kultur verda over.
Inskripsjonen kan auke folk sin kunnskap om kva seterdrift er og kva denne praksisen betyr for folk også utanfor landbruket – og på den måten bidra til at tradisjonen kan bli vidareført inn i ei ny tid.
– Tradisjonskunnskap er av stor verdi, særleg i urolege tider, og kan styrkje motstandskrafta i samfunnet. Seterdrifta bringar med seg kompleks og verdfull kunnskap, mellom anna om matproduksjon, dyrehald og naturmangfald, som også kan vere viktig inn mot nasjonalt beredskapsarbeid og i krisesituasjonar, seier avdelingsdirektør Torbjørn Urfjell i Kulturdirektoratet.
Fakta om UNESCO-konvensjonen
I 2003 vart UNESCO- konvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven vedteken. Noreg slutta seg til den mellomstatlege avtalte i 2007. Sverige ratifiserte konvensjonen omtrent samtidig. Formålet med konvensjonen er å auka respekt for og kunnskap om immateriell kulturarv. Immateriell kulturarv kan definerast som levande tradisjonar som blir overførte mellom menneske.
Kulturdirektoratet har ansvar for å implementera UNESCO konvensjonen sin om vern av den immaterielle kulturarven i Noreg, og er Kultur- og likestillingsdepartementet sitt fagorgan på dette feltet. For å gjere mangfaldet av immateriell kulturarv synleg verda over har UNESCO oppretta tre lister:
- liste over truga kulturuttrykk
- representativ liste over den immaterielle kulturarven i verda
- forteikning over gode vernepraksisar
For meir informasjon om seter- og fäbodkulturen, sjå:
Noreg og Sverige har tidlegare samarbeidd med dei andre nordiske landa om nominasjonen og innskrivinga av den nordiske klinkbåttradisjonen i 2021.
Noreg har no fem inskripsjonar på UNESCOs lister over immateriell kulturarv. Tre på den representative lista over den immaterielle kulturarven: Norsk og svensk seterkultur (2024), Nordisk klinkbåttradisjon (2021), og song- og dansetradisjonane frå Setesdal (2019), med moglegheit for ein fjerde: bunadbruk i Noreg (2024). I tillegg har Noreg også to element på lista over gode vernepraksisar: Restaureringsverksemda ved Nidaros domkyrkje (2020) og Oselvarverkstaden (2016).