Nidarosdomens restaureringsarbeider ført opp i UNESCO-forteikning
Bygghytta ved Nidaros Domkirke har fått plass på UNESCO si liste over immateriell kulturarv – gode vernepraksisar. Bygghyttemodellen er eit fleirnasjonalt fagmiljø knytt til restaurering av bygg frå mellomalderen som kyrkjer, katedralar og slott. Dette er den fyrste fleirnasjonale UNESCO-nominasjonen frå Noreg.
I 2019 nominerte Kulturdepartementet bygghyttemodellen eller meir presis: Craft techniques and customary practices of cathedral workshops, or Bauhütten, in Europe, know-how, transmission, development of knowledge and innovation, til UNESCO si forteikning over gode vernepraksisar. Fagmiljø knytt til restaurering av bygg frå mellomalderen i Austerrike, Frankrike, Noreg, Sveits og Tyskland har gått saman om å nominera bygghyttemodellen til UNESCO for å kunne dele informasjon om vernearbeidet. I Noreg er det Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider som har arbeidd med nominasjonen. Torsdag 17. desember kom gladmeldinga frå UNESCO: Bygghyttemodellen er ført opp i forteikninga.
Rundt 600 element er til no ført opp på UNESCO sine lister, og bygghyttemodellen er den fyste fleirnasjonale nominasjonen frå Noreg. Noreg har tre innføringar på UNESCO sine lister. Frå før er oselvartradisjonen ført inn på UNESCO si forteikning over gode vernepraksisar, og i 2019 vart setesdalstradisjonen innskriven på den representative lista.
Handlar om kunnskapsdeling
Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider (NDR) er den eldste bygghytta i Norden, oppretta i 1869 for å gjenoppbygge Nidaros domkirke (Nidarosdomen) som delvis låg i ruinar etter fleire brannar i mellomalderen. I dag er NDR eit nasjonalt kompetansesenter for bevaring og restaurering av verneverdige bygningar i stein, og ei viktig oppgåve er å verne og vidareføre den tradisjonelle handverkskunnskapen som er representert ved bygghytta. Målet med forteikninga er å dele informasjon om gode metodar som sikrar vern og vidareføring av immateriell kulturarv.
Ved NDR arbeider steinhoggarar, murarar, blyglassarbeidarar, tømrarar, smedar og gipsmakarar saman med arkeologar, historikarar, ingeniørar og arkitektar for å ta vare på og vidareutvikle Nidarosdomen og Erkebispegarden. Organiseringa av arbeidet sikrar at den praktiske kunnskapen vert vidareført og vidareutvikla, samstundes som dei registrerer, overvakar og planlegg nye restaureringsprosjekt.
- Organiseringa av arbeidet ved NDR er eit godt døme på gode vernemetodar, og vi er svært positive til at denne modellen no er ført opp på forteikninga. Arbeidet med konvensjonen dreier seg om å dele kunnskap og gode metodar for vern og vidareføring av immateriell kulturarv, seier avdelingsdirektør for kulturavdelinga i Kulturrådet Espen Hernes
Kontakt over landegrensene
Allereie i mellomalderen vart arbeidet med å bygge katedralar organisert i bygghytter i Europa. Bygghyttene vart lokalisert i nærleiken av katedralen, handverkarar vart sysselsett og bygghytta var det ein opplæringsarena for nye handverkarar. Denne måten å arbeide på sikrar ein stab som gjennom tverrfagleg samarbeid tilfører kvarandre viktig kunnskap som aukar innsikta og kompetansen til den einskilde handverkar – noko som i sin tur aukar stabens totale kunnskap. Organiseringa har også ført til at viktig handverkskunnskap er blitt halde i hevd og overført mellom generasjonar.
For staben som arbeider ved NDR har det vore særdeles viktig å ha kontakt med kollegaer som arbeider ved bygghytter i Europa. Gjennom eit veletablert nettverk har dei utveksla erfaringar, diskutert problemstillingar og lagt idear som har bidratt til å utvikle arbeidet ved den enkelte bygghytta. Kunnskapsdeling mellom aktørar i ulike land har vore viktig for å vidareføre og vidareutvikle kompetansen til handverkarane. Bygghyttemodellen og organiseringa sikrar innsikt i korleis materialar og konstruksjonar verkar for seg og samen. Denne kunnskapen har ført til at ein har klart å halde ved like mange av dei store byggverka slik at dei eksisterer i dag.
- Immateriell kulturarv handlar om møte mellom kulturberarar verda over, og denne nominasjonen er eit godt døme på korleis samarbeid kan styrke arbeidet med å vidareføre tradisjonskunnskap for framtida, seier Espen Hernes.
Om UNESCO-konvensjonen
I 2003 vart UNESCO konvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven vedtatt. Noreg ratifiserte konvensjonen i 2007. Kulturrådet har ansvar for å implementere UNESCO sin konvensjon om vern av den immaterielle kulturarven og er Kulturdepartementets fagorgan på dette feltet. Formålet med konvensjonen er å auke respekt for og kunnskap om immateriell kulturarv.
For å gjere mangfaldet av immateriell kulturarv synleg verda over har UNESCO oppretta tre lister: «liste over truga kulturuttrykk», «representativ liste over verdas immaterielle kulturarv» og «forteikning over gode vernepraksisar».