Setesdalstradisjonen fyrste norske element på UNESCO-liste
Setesdølane sin dans, spel, kveding og stevjing blei i går kveld det fyrste norske elementet på UNESCO-liste over immateriell kulturarv. – Ein stor dag for Noreg, og ei påminning om at minne og tradisjonar er viktigare enn nokon gong, seier Kristin Danielsen, direktør i Kulturrådet.
I 2018 nominerte Kulturdepartementet «The practice of traditional music and dance in Setesdal. Playing, dancing and singing (stev/stevjing)» (setesdalstradisjonen) til UNESCO si representative liste over immateriell kulturarv i verda, etter tilråding frå Kulturrådet. I går kveld kom gladmeldinga frå UNESCO: Tradisjonen frå Setesdal blei ført inn på lista.
Rundt 450 element er til no ført opp på lista, og setesdalstradisjonen er det fyste norske elementet som har fått plass her. Frå før er oselvarkulturen ført inn på UNESCO si forteikning over gode vernepraksisar.
Handlar om respekt
– I Noreg har vi eit mangfald av tradisjonar som er viktige for kulturberarane og som har ei meining i liva til dei som lever i denne kulturen, seier Kristin Danielsen, direktør i Kulturrådet. – Den internasjonale avtala om immateriell kulturarv handlar om å vise respekt, å verdsette og ikkje minst tolerere historier og tradisjonar til ulike menneske. Både dei som liknar eins eigne, og dei som er heilt annleis.
Immateriell kulturarv er levande tradisjonar og tradisjonell kunnskap som blir overført mellom folk. Kunnskapen blir praktisert i dag og ført vidare gjennom kreative uttrykksmåtar. Det kan vere ulike former for handverk, musikk, dans, mattradisjonar, ritual og munnlege forteljingar, og også kunnskap om naturen og universet.
Kulturrådet har ansvaret for å gjere konvensjonen om immateriell kulturarv kjent i Noreg. Dei mange organisasjonane og aktørane rundt om i landet er drivkrafta i arbeidet. Kulturrådet støttar opp om arbeidet med denne delen av kulturarven gjennom ulike tiltak og aktivitetar.
– Vi er gode på å snakke om, ta vare på og formidle gjenstandane, men metodane og tradisjonane kan fort bli borte. I tida vi lever i – der ingen husker avisforsida frå dagen før – er metodar for å huske viktigare enn nokon gong, seier Danielsen.
Viktig for identiteten
Setesdalstradisjonen med dans og spel, stev og stevjing er viktig for identiteten til setesdølane, men blir også brukt som kunstnarleg uttrykk av andre som er interesserte i denne tradisjonen. Musikken og dansen har rom for individualitet og variasjon og har eit særpreg som har blitt formidla munnleg frå generasjon til generasjon. Det finst registrert kring 25–30 000 stev frå Setesdal, og kring 40 ulike stevmelodiar.
Musikken og dansen høyrer saman. For musikken og dansen er det ulike personlege stilar og uttrykksformer. Ein utøvar kjenner alle uttrykka og beherskar gjerne alle tre. Dans, spel og kveding skjer ofte på same sosiale arena. Dei blir bruka både i heimen, i kulturskulen, på puben og på scenen.
Setesdalstradisjonen er ein del av folkemusikktradisjonen i Noreg. Folkemusikk er tradisjonell musikk med sterk lokal identitet, og lokallag over så å si heile landet fører vidare kunnskapen og tradisjonen. Folkemusikktradisjonen er sterk i Noreg, og denne innskrivinga er med å synleggjere særpreget og mangfaldet i ein tradisjon som er høgst levande i Noreg.
Vern av immateriell kulturarv
I 2003 godkjende UNESCO konvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven. Noreg ratifiserte konvensjonen i 2007. Konvensjonen definerer immateriell kulturarv slik:
Immateriell kulturarv betyr praksis, fremstillinger, uttrykk, kunnskap, ferdigheter – samt tilhørende instrumenter, gjenstander, kulturgjenstander og kulturelle rom – som samfunn, grupper og, i noen tilfeller, enkeltpersoner anerkjenner som en del av sin kulturarv. Denne immaterielle kulturarven, som er overført fra generasjon til generasjon, blir stadig gjenskapt av samfunn og grupper i forhold til deres miljø, i samspill med naturen og med historien og gir dem en følelse av identitet og kontinuitet noe som fremmer respekt for kulturelt mangfold og menneskelig kreativitet. I forbindelse med denne konvensjon tas kun i betraktning immateriell kulturarv som er forenlig med de eksisterende internasjonale menneskerettighetsinstrumentene og med kravene om gjensidig respekt mellom samfunn, grupper og grupper og enkeltpersoner samt en bærekraftig utvikling.
For å gjere mangfaldet av immateriell kulturarv synleg verda over har UNESCO oppretta tre lister: «liste over truga kulturuttrykk», «representativ liste over verdas immaterielle kulturarv» og «forteikning over gode vernepraksisar». På den representative lista er det til no skrive i overkant av 450 uttrykk på verdsbasis, og det er på denne lista setesdalstradisjonen er blitt tatt opp.