Bunadbruk på lista over verdas levande kulturarv
Bunadbruk i Noreg er blitt innskriven på UNESCO si representative liste over verdas immaterielle kulturarv. Det internasjonale samfunnet anerkjenner dermed bunadbruk og tekstilhandverk i Noreg som viktig levande kulturarv, og at den bør bli sikra for framtidige generasjonar.
Arbeidet med nominasjonen Bunadbruk i Noreg, tradisjonshandverk og sosial praksis har føregått over sju år, og byggjer på eit breitt samarbeid mellom Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Norsk folkedraktforum og Studieforbundet kultur og tradisjon. Nominasjonen er basert på erfaringane og ekspertisen til organisasjonane. I tillegg har innspel frå fagpersonar, handverkarar og bunadbrukarar over heile landet vore avgjerande.
– Dersom kunnskapen og tradisjonane skal leve vidare til neste generasjon, er det viktig at ulike aktørar kjem til orde og bidreg i diskusjonen rundt framtidig vern og vidareføring av både handverket og bunadbruken, seier Torbjørn Urfjell, avdelingsdirektør i Kulturdirektoratet.
Noregs inskripsjonar på UNESCO si representative liste over immateriell kulturarv har i 2024 dermed vorte dobla frå to til fire: Bunadbruk i Noreg, tradisjonshandverk og sosial praksis (2024), norsk og svensk seterkultur (2024), Nordisk klinkbåttradisjon (2021), og song- og dansetradisjonane frå Setesdal (2019). Noreg har i tillegg to inskripsjonar på UNESCO si liste over gode vernepraksisar: Restaureringsverksemda ved Nidaros domkyrkje (2020) og Oselvarverkstaden (2016).
Bunadbruk i Noreg
Det finst i dag om lag 450 variantar av bunader i Noreg. Plagget har i snart 150 år vorte brukt i ulike samanhengar, slik som feiringar, markeringar, kappleik og konsertar i folkedans- og folkemusikkmiljøet. Få andre land i verda har ein så brei og folkeleg drakttradisjon som Noreg. Bunaden blir brukt uavhengig av alder, kjønn, bustad og sosial status. Meir enn 70 prosent av alle kvinner og rundt 20 prosent av alle menn har minst éin bunad i skapet. Plagget er ein markør for både tilhøyrsle og lokal og regional identitet. Tilknytinga blir særleg sterk der bunaden har gått i arv, eller er sydd av nokon i familien. Kunnskap og ritual knytt til påkledning er ein viktig del av bunadbruken for mange og kan variere frå bunad til bunad, frå familie til familie og frå person til person.
I arbeidet med nominasjonen har det vore viktig å få fram mangfaldet i tradisjonen. Prosessen blei derfor breitt forankra gjennom fleire arrangement, regionale samtalemøte og ei nasjonal digital spørjeundersøking. I nominasjonsprosessen vart det arbeidd særskilt med kunnskapsoverføring til barn og unge, noko som har resultert i målretta opplæringstiltak for elevar i barneskular, ungdomstrinnet og vidaregåande skular.
– Dette er ei innskriving brukarane og utøvarane av bunadstradisjonen sjølve står bak og som er breitt forankra i det norske samfunnet. Prosessen har gitt oss [forslagsstillarane] verdfull innsikt i statusen for tradisjonane og kunnskapen, og er eit godt kunnskapsgrunnlag for vidare arbeid, seier Camilla Rossing, direktør ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt.
Omfattande handverkskompetanse
Innskrivinga omhandlar både den handlingsborne kunnskapen knytt til produksjon og tilverking av bunader, og den allmenne bunadbruken i Noreg. Slik omfattar nominasjonen det naudsynte doble perspektivet der overføring av kunnskap mellom generasjonar står sentralt – både om måten ein brukar bunaden på og sjølve handverket.
– Stadig fleire unge interesserer seg for saum og redesign, for gjenbruk og bruk av naturlege materiale. Me ser ein auke i kursdeltakarar som vil lære tradisjonshandverk. Det er gode nyhende for bunaden. Det krevst gjerne solid handverkskompetanse for å produsera ein komplett bunad med alt tilbehøyr, seier Solveig Torgersen Grinder, seniorrådgivar i Norges Husflidslag.
Ein bunadstilverkar treng mellom anna kompetanse om mønsterkonstruksjon, påteikning, klipp, samansying, brodering, sølvsmedarbeid og vev. I tillegg krevst det ei rekkje spesialteknikkar for å produsera mellom anna blonder, kniplingar, vovne band, skjorter, strømper, handplagg, hovudplagg og sko. Denne handverkskompetansen må ein finna rom for å verne og vidareføre. I dag arbeider ulike organisasjonar for etablering av betre utdanningstilbod og lærlingordningar innan bunadtilverkarfaget. Forslagsstillarane understreker at meir og betre utdanning på bunads- og tekstilfeltet er eit av dei beste verktøya i arbeidet for å sikre og vidareføre kunnskapen i Noreg.
Kva betyr listeføring for vern og vidareføring av immateriell kulturarv?
Listeføring er eit verkemiddel for auka kunnskap om mangfaldet av praksisar, ferdigheiter og tradisjonar, og slik bidra til å synleggjere og anerkjenne immateriell kulturarv. I tillegg vil ein slik prosess generere viktig kunnskap om det komplekse arbeidet med å verne og vidareføre immateriell kulturarv for framtida. Inskripsjonen av bunadbruk i Noreg på UNESCOs liste over immateriell kulturarv kan bidra til å styrke utdanningssatsinga på bunads- og tekstilfeltet, og hjelpa med å vidareføre denne tradisjonen inn i ei ny tid.
I 2024 er i om lag 730 kulturuttrykk innskrivne på UNESCOs lister over immateriell kulturarv. Listene gir ein oversikt over mangfaldet av levande kulturarv, og er ein møteplass mellom folk og kulturar verda over. Auka kunnskap om både eigne og andre sine levande tradisjonar, kan skape auka toleranse på tvers av landegrenser og bidra inn i fredsbevarande arbeid.
– Dei siste åra har fleire aktørar i UNESCO peikt på at og tradisjonar er viktig i ei samtid prega av konflikt og krise – og at levande kulturarv kan auke motstandskrafta til både einskildpersonar og ulike samfunn, seier Torbjørn Urfjell, avdelingsdirektør i Kulturdirektoratet.
Fakta om UNESCO-konvensjonen
I 2003 vart UNESCO-konvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven vedteken. Noreg slutta seg til den mellomstatlege avtalte i 2007. Formålet med konvensjonen er å auka respekt for og kunnskap om immateriell kulturarv. Immateriell kulturarv kan definerast som levande tradisjonar som blir overførte mellom menneske.
Kulturdirektoratet har ansvar for å implementera UNESCO konvensjonen sin om vern av den immaterielle kulturarven i Noreg, og er Kultur- og likestillingsdepartementet sitt fagorgan på dette feltet. For å gjere mangfaldet av immateriell kulturarv synleg verda over har UNESCO oppretta tre lister:
- liste over truga kulturuttrykk
- representativ liste over den immaterielle kulturarven i verda
- forteikning over gode vernepraksisar
Sjå https://www.bunadbruk.no/ og Immateriell kulturarv i Noreg for meir informasjon om bunadbruk i Noreg og nominasjonsprosessen.