Hopp til innhold
Rapport

Klima- og miljøarbeid i kultursektoren

I denne rapporten fra 2024 har vi kartlagt i kva grad kulturverksemder i Noreg er eller vil bli ramma av konsekvensane av klimaendringane, kva tiltak som blir gjorde for å møte desse utfordringane, og kva som er dei største hindera for grøn omstilling i kultursektoren.

$imageText.getData()

Kartlegginga av klima- og miljøarbeid i kultursektoren vart gjennomført med eit digitalt spørjeskjema utarbeidd av Kulturdirektoratet i samarbeid med Verian (tidlegare TNS Kantar) i perioden 19. januar til 1. februar 2024.

Målgruppa er verksemder innanfor kultursektoren som får støtte over Budsjettet til kultur- og likestillingsdepartementet. Dette gjeld både aktørar som får støtte direkte over statsbudsjettet og utvalde aktørar som får støtte gjennom Kulturrådet og Fond for lyd og bilete.

590 verksemder fekk tilsendt undersøkinga. 248 (42,2 prosent) svarte på ho.

Om publikasjonen

Klima- og miljøarbeid i kultursektoren

Verian - på oppdrag frå Kulturdirektoratet
2024