Om søknadsrunden
Tal frå søknadsrunden/søknadsoversikt
Tal på søknadar: 42
Søknadssum: 17 360 000 kr
Tal på tildelingar: 14
Tildelingssum: 4 340 000 kr
Kunstnarassistentordninga skal gi kunstnarar i etableringsfasen moglegheit til å arbeide som assistent for ein meir etablert kollega i ein 50 prosent stilling i eitt år eller to år. Målet med ordninga er å utvikle unge kunstnarskap. Assistenten vil parallelt med assistentstillinga kunne oppretthalde eigen kunstnarisk praksis og motta andre typar tilskot. Føremålet er å bidra til røynsle- og kompetanseoverføring mellom etablerte og nyutdanna kunstnarar, samt profesjonalisere og auke inntektsmoglegheitene for begge partar.
Tendensar og trekk i søknadsmaterialet
Som vedtaksprotokoll viser, er den geografiske spreiinga ikkje svært høg i årets tildelingsliste. Tildelingane går til kunstnarar med base på Austlandet (8 i Oslo og 2 i Viken), samt Troms og Finnmark (2) og Trøndelag (1). Desse vedtaka speglar også søknadsmassen, som har eit tyngdepunkt på Austlandet (Oslo 25 og Viken 6), og som elles kjem frå Troms og Finnmark (6) Trøndelag (3) og Nordland (2). Det kom ingen søknadar frå Møre og Romsdal, Vestland, Rogaland, Agder, Innlandet eller Vestfold og Telemark.
Når det gjeld sjanger og uttrykk, er tala litt upresise fordi kunstnarane som søker ordninga jobbar innanfor fleire uttrykk, og det kan vere fleire tyngdepunkt i eitt kunstnarskap eller som duo søkar-assistent. Med dette førehaldet kan ein påstå at sju søknadar vektla kunstfilm som medium og like mange hadde eit tyngdepunkt i skulptur, og sju også i tekstil. Seks oppga måleri som viktig uttrykk, og seks la vekt på praksis med installasjon. Det var òg kunstnarar som dreiv med glaskunst, lyd, smykke, aktivisme, robotteknikk, tresnitt, installasjon, programmering, kuratering, performance, papirarbeid, og dei som jobba innanfor relasjonelle uttrykk.
Det var altså i denne, som i fjorårets runde, mange – og sterke - søknadar frå kunstnarar som jobbar med materialbasert kunst. Glaskunst, keramikk, tekstil og ikkje minst skulptur var mykje representert present i søknadsbunken.
Fleire av søkarane driv med materielle og formmessige granskingar. Som i fjor er det fleire søkarar i bunken som har ein forskingsbasert tilnærming til kunst. Elles er portefølja til denne ordninga mykje kjenneteikna av sterke, subjektive prosjekt med høg grad av spesialisering og profesjonalisering, med sterke kunstnar-eg.
Flest duoar har i denne runden til felles noko metodisk, materielt eller uttrykksmessig. Men det er også eit par duoar som får tilskot der det kunstnariske overlappet er i temaa dei jobbar med. Det blir til dømes gitt tilskot til kunstnarar som begge temateiserer kolonisering og urfolksproblematikk, men der bakgrunn, uttrykk og metodar skil seg mykje frå kvarandre.
Om tildelingane og utvalets vurderingar og prioriteringar
Utvalet la mykje vekt på rolleforståing hos søkar, men også hos assistent. Refleksjonar rundt det meir personlege og kunstnarskapmessige, korleis kunstnarane ville kunne jobbe godt saman og ha gjensidig fagleg og sosialt (nettverk) utbytte, blei tatt vel i mot av utvalet.
Det var eit poeng for utvalet å sikre ein miks i høve kjønn og alder/ stadium i kunstnarskap. Tildelingslista har fleire namn på godt etablerte kunstnarar, men også yngre – men allereie profesjonelle og interessante – kunstnarar.
Det var i denne, som i fjorårets runde, relativt mange søknadar frå filmkunstarar, og kunstnarar som jobbar med materialbasert kunst. Da fleire av desse søknadane var sterke, tildelte utvalet assistentar til fleire filmkunstnarar, og kunstnarar som jobbar med glaskunst, keramikk, tekstil, måleri og skulptur.
Og som alltid var også kunstnariske kvalitetar hos søkar og assistent eit viktig kriterium. Utvalets prioritetar kan komme til å bety ytterlegare profesjonalisering og spesialisering hos allereie sterke og etablerte kunstnarar (søkarar). Men at assistenten har stort kunstnarisk potensial var også eit tungvegande kriterium for utvalets prioriteringar.
Fem søkarar søkte om eit andre år med assistenten. Utvalet prioriterte i denne runden ikkje å gi tilskot til forlenging til noko søknad, men heller gi nye kunstnarar og nye assistentar tilgang til ordninga. Utvalet tildelte elles berre eittårige assistent-tilskot i denne runden.
Prosess:
-
Søknadsfrist: 2.12.2022 kl. 13:00
-
Vedtak i fagutvalg: 2.2.2023
-
Vedtak i rådsmøte: 30.3.2023
Søk i tabellen
Søk i tabellen
Søker | Prosjekttittel | Fylke | Søknadssum | Vedtaksdato | Vedtak | Tilskudd | Søkt antall år | Tildelt antall år |
---|