Sikringsmidlar til musea
Musea har høve til å søke Kulturdirektoratet om midlar for sikring i musea.
Musea tar hand om museumsbygg og gjenstandar. For å verne store, faste samfunnsverdiar finst det statlege sikringsmidlar til alle eksisterande museum med unnatak av dei som er statleg finansierte.
Kvart år er det høve til å søke Kulturdirektoratet om sikringsmidlar. Sikringsmidlane skal finansiere tiltak som kan førebyggje og redusere omfanget av øydelegging i samband med brann, tjuveri, ran, hærverk og naturskade. Sikringsmidlane kan og finansiere utarbeiding av sikringsplanar.