- Å ta det kvenske språket tilbake er viktig
Kvenske Inger Birkelund blei bestemor før ho bestemte seg for å bli formidlar av kvensk kultur og historie. Eit av prosjekta ho har jobba mykje med, kventeateret, fekk i 2020 eit ekstraordinært tilskot av Norsk kulturråd.
- Eg har alltid visst at eg er kven. Allereie som barn oppfatta eg språket som spanande og knytte det til minne om besteforeldra mine, seier Inger Birkelund.
Birkelund har sidan 2011 drive selskapet ihana! AS, (kvensk for «fantastisk», eller «herleg»). ihana! fremmar kvensk kultur gjennom historieformidling, sceniske framsyningar og utvikling av ulike kulturprosjekt, og er ein av fleire aktørar som har jobba for å etablere kventeateret, «Kvääniteatteri», på Halti i Nordreisa.
- Gjennom kventeateret kan vi løfta den kvenske kulturen inn i demokratiet via kunsten, forklarer Birkelund, som også sjølv står på scena, både som forteljar og skodespelar.
Bestemorrolla gav ein «dytt»
16. mars er kvenfolket sin dag. Kvenane vart anerkjente som nasjonal minoritet i Noreg i 1998, og i 2005 vart kvensk anerkjent som eit eige språk. Historisk har den kvenske kulturen, på linje med den samiske, vore stigmatisert og utsett for hard fornorskingspolitikk.
- Eg har òg samisk slekt på morssida. Og i motsetning til det kvenske var det samiske veldig undertrykt i familien min. Såpass at då mormora mi døydde, ville ikkje onklane mine at dei samiske etternamna hennar skulle stå på gravsteinen. Men så kom den samiske blomstringa i samband med Altaaksjonen, som endra mykje, fortel Birkelund.
Ein tilsvarande blomstring har det ikkje vore for den kvenske kulturen, meiner ho. Sjølv lærte Birkelund seg språket fyrst i vaksen alder, og då ho vart bestemor, fekk ho ein dytt når det gjaldt å formidle den kvenske kulturen. I 2012 var ho med å starte ein kvensk teaterforeining, som i 2015 sette opp eit barneteater, og i 2017 det kvenske spelet «Mun Kultani», som betyr «Mitt Gull»
- Intensjonen med spelet var at det skulle formidla ei historie som var viktig for regionen, men som ikkje mange utanfor kjente til, forklarer Birkelund.
Eit teater for den kvenske minoriteten
Spelet gav ei plattform for vidare arbeid. Hausten same år vart teaterforeininga samd om å stifte eit kventeater som skulle jobbe for heile den kvenske minoriteten, og eit forprosjekt vart igangsett i 2018. I desember 2020 gav Norsk Kulturråd eit ekstraordinært tilskot på 875.000 kroner til etablering av Kvääniteatteri i 2021. I tillegg fekk ITU kvensk teatertrupp tilskot frå Kulturrådet til spelet «Kyläpeli - Mun Kultani/Mitt Gull». Teaterforeininga fekk prosjekttilskot til talentutvikling gjennom ordninga Prosjekttilskot til nasjonale minoritetar.
- Teateret rommar så mykje, både musikk, tekst, spel og dans. Det gjer at teateret kan vere eit nav som løftar ein fleirkunstnarisk samanheng. Dette var viktig for oss da vi valde teateret som form. At vi kunne løfta kvensk kultur i brei forstand, og jobbe med både barneteater, talentutvikling og internasjonalt samarbeid med andre minoritetsteater.
Kvensk kultur er ein munnleg kultur, og spela som blir sette opp er basert på forteljingar om fattige barn frå Tornedalen, grenseområdet mellom Sverige og Finland, som kom til Nord-Troms frå 1700-1800-talet for å veksa opp i betre omstende enn familiane deira kunne tilby dei.
- Mange barn vart tekne med frå Tornedalen av samiske familiar, som i sin tur vart skulda for å driva slavehandel, fortel Birkelund.
- Men dei kvenske familiane visste kven dei skulle gå til, og dei samiske familiane tok eit honorar for å følgje barna. Den kjende predikanten Lars Levi Læstadius sa at dette var ei handling i medynk med dei familiane som sleit.
Ei av framsyningane ved teateret omhandlar to brør frå nettopp Tornedalen, som vart skilde som barn.
- Den eine blir predikant og den andre blir spelemann, midt i ei tid med store motsetningar mellom det religiøse og det verdslege. Men til slutt finn dei saman, forklarer ho.
-Å ta språket tilbake er viktig
Nord-Troms, der Kvääniteatteri blir etablert, er ein stad der fleire kulturar møtest. Den kvenske, den samiske og den norske. Birkelund opplever at kvenane og samane har mykje til felles.
- Kvenar og sjøsamar deler mykje. Begge grupper har drive med fleirbruk langs fjordane i området i mange år. Folkegruppene lærte av kvarandre. Ikkje minst er teknikkane som blir brukte i jakt og fiske like. Både samar og kvenar brukte kommagar laga av dyreskinn. Samane brukte reinskinn, kvenane brukte kalveskinn, seier Birkelund.
Det som skil kulturane mest er språket, meiner ho.
- Du kan ikkje forstå samisk som kvensk. Det blir litt som norsk og engelsk, du har ein del grunnord som er like, men språka er trass alt ganske ulike. Ein del lånord har oppstått som følgje av samlokalisering og inngifte.
Sjølv om ho har både samisk og kvensk opphav, har ho aldri opplevd å bli mobba for dette.
- Eg hadde jo heller ingen synleg identitet som same eller kven, verken i namn eller i klesdrakt, seier ho.
Snarare har Birkelund kjent på kjensla av å ikkje vere ein «god nok» same eller ein «god nok» kven, fordi ho ikkje lærte seg språket som barn.
- Å bli fråtatt språket sitt er fortvilande. Difor er det viktig for meg å ta det kvenske språket tilbake.
- Alle prøver så godt dei kan
Etter å ha jobba med formidling av kvensk kultur i ei årrekke, meiner Birkelund at kvenane har mykje å lære av korleis samane har jobba med å fremme kulturarven sin.
- Beaivváš, Det Samiske Nasjonalteateret, er ei inspirasjonskjelde for oss. Også har vi valt å bruka teateret til å visa fram positiv samhandling mellom kvensk, samisk og norsk kultur. Det meiner vi er viktig å få fram. Alle prøver å gjere så godt dei kan – uavhengig av kva kultur dei kjem frå.
Les meir om Kulturrådet sitt arbeid med nasjonale minoritetar her.