Kulturrådet satsa på leselyst i 2023
Kulturrådet styrkte i 2023 arbeidet sitt med å auke leselysta til barn og unge gjennom blant anna ei vellykka skulebibliotekordning, auka innkjøp av sakprosa og teikneseriar, og ekstra midlar til litteraturformidling.
Årsoppsummeringa for litteratur 2023 presenterer tal, tendensar og utviklingstrekk frå Kulturrådets litteraturordningar. Formålet er å styrkje kunnskapen om rådet og leggje betre til rette for dialog med søkjarane og aktørane på feltet.
– Kulturrådet jobbar målretta for at alle barn og unge skal få betre tilgang til god og aktuell litteratur der dei er. Difor er det gledeleg at det i statsbudsjettet for 2024 kom ein auke på 5 millionar kroner til skulebibliotekordninga og 4 millionar kroner til teikneserieordningane. Dette kom etter jamt påtrykk frå både Kulturrådet og litteraturfeltet gjennom 2023, og er ei etterlengta styrking av ordningar med stor betydning for barn og unges lesing, seier fagansvarleg for litteratur i Kulturdirektoratet, Janicken von der Fehr.
Ny, permanent skulebibliotekordning
Kulturrådet har lenge understreka at ei satsing på skulebibliotek bør vere eit sentralt verkemiddel i ein leselyststrategi. Skulebibliotekordninga er eit døme på korleis ein med relativt små summar kan nå ut til svært mange barn og unge med relevant og aktuell litteratur. I juni 2023 vedtok derfor Kulturrådet å gjere forsøksordninga for skulebibliotek permanent.
Til utlysinga av den nye ordninga kom det inn heile 661 søknader. 380 skular vart valde ut til å delta i perioden 2024–2026. Dette er nesten dobbelt så mange skulebibliotek som under forsøksordninga.
Fleire lyspunkt tross økonomiske utfordringar
For litteraturfeltet var den økonomiske situasjonen framleis utfordrande i 2023, med mellom anna høge produksjonskostnader og framleis nedgang i sal av papirbøker. Presset var også merkbart på mange av Kulturrådets ordningar. Det var ein auke i talet på søknader på litteraturformidlingsordninga, og framleis høge påmeldingstal på innkjøpsordningane.
Året baud likevel på fleire lyspunkt. Budsjettramma for litteratur i Kulturrådet gjekk opp med over 19 millionar kroner, frå litt over 185 millionar i 2022 til 205 millionar i 2023. Rundt 75 % av auken var faste midlar. 10 millionar kroner vart løyvde over statsbudsjettet til innkjøpsordningane for sakprosa. Med det starta året med langt betre rammer for innkjøp av sakprosa for både vaksne og for barn og unge, og ga ein god auke i innkjøpa gjennom året. På innkjøpsordningane var det til saman 1186 titlar til behandling, og 666 bøker vart innkjøpte.
Satsing på nasjonale minoritetsspråk
Arbeid med mangfald og nye søkjarar har vore prioritert på fagområdet i 2023. Det vart sett av 500.000 kroner til ei satsing på litteratur frå nasjonale minoritetsspråk (kvensk, romani og romanes) på tilskotsordninga for litteraturprosjekt. Dette er ei vidareføring av satsinga på nasjonale minoritetsspråk og litteratur frå minoritetsspråklege forfattarar i Noreg frå 2022.
– Arbeidet med leselyst, og med samisk litteratur, litteratur på og frå dei nasjonale minoritetsspråka og litteratur av minoritetsspråklege forfattarar i Noreg, vil framleis vere viktige satsingsområde på litteraturordningane i Kulturrådet framover, seier von der Fehr.