Visjoner - Per Gunnar Eeg-Tverbakk
Eg trur at noko av det viktigaste Kunstløftet kan gjera, er å halda fram med å vera modige, mener Eeg-Tverbakk.
Per Gunnar Eeg-Tverbakk, tidlegare dagleg leiar av Kunsthall Oslo.
Kunstløftet har eksistert i fire år. Opplever du at det har skjedd noe med prestisjen/kvaliteten/interessa for kunst for barn og unge i denne perioden?
– Eg har ikkje følgt Kunstløftet veldig tett. Men i den grad eg har kjennskap til det vil eg seia at ordninga har bidratt med ein del nytenking til arbeidet med kunst for barn og unge, som òg kan ha vore med på å løfta det. Eg meiner at Kunstløftet har vore viktig sidan ein tydeleg har rørt seg vekk frå den pedagogiske innfallsvinkelen som ofte er utgangspunkt for denne kunsten. I staden har ein lagt mykje vekt på å finna høve for å komma i kontakt med barn og unge på kunsten sine undersøkande premiss.
– Når det kjem til interessa for feltet ser me vel ikkje noko gjennombrot. Det er mange aktørar som konkurrerer om merksemda på kulturfeltet generelt. Det tek tid å få merksemd, og verta kjend i eit større miljø, og det er nok mange som ikkje kjenner til Kunstløftet. Men mange av oss som aktørar kjenner ordninga. Som institusjon forsøker me å involvera barn og unge i kunsthallen, og har opplevd ordninga som kjærkomen. Ikkje minst fordi den altså har gjeve spelerom for dei prosjekta som også kunstnarane er interesserte i å vera med på.
Norsk kulturråd har konkludert med at det trengst eit vidare arbeid i satsinga på barn og unge, og dei vidarefører Kunstløftet i fire nye år. Kva forventningar har du til ordninga i den komande perioden?
– Eg trur at noko av det viktigaste Kunstløftet kan gjera, er å halda fram med å vera modige, og ikkje forlata den plattforma som eg skildrar ovanfor. Risikoen er sjølvsagt, når ein rører seg utanfor den stramme pedagogske ramma, at det vert meir vanskeleg å evaluera prosjekta. For kva premiss skal ein evaluera desse på? Eit pedagogisk prosjekt har klåre kriterium, ein kan måla om elevane har lært noko til dømes. Går ein utanfor denne norma er det ikkje like enkelt å finna kriteria.
Kva utfordringar ser du forbundet med dette arbeidet?
– Utfordringa er vel nettopp å våga å køyra det løpet ein legg opp til, der ein satsar på det kunstnarlege aspektet først. Går ein for langt i dette, kan ein risikera å få kritikk frå ulike hald som er opptekne av ein meir konvensjonell form for kunst. Politikarane kan til dømes vera meir opptekne av det oppbyggjande, pedagogiske aspektet ved kunst. Spørsmålet er altså kven det er ein skal rapportera til, kva mottakar det er som skal avgjera om ein har lukkast. Me lever i ei tid der det er stort fokus på målbar kunnskap. I kunstfeltet er Kunstløftet eit viktig initiativ fordi det tillet det eksperimenterande – som altså ikkje nødvendigvis kan målast. Får ein halda fram med dette, og let kunstnarane vera med på å setja premiss for korleis ein kvaliteten skal bli definert, trur eg ein vil få større motivasjon mellom kunstnarane – og dermed vonleg betre kunst for denne gruppa.
Har du nokre visjonar for feltet generelt dei neste åra?
– Ein visjon er at ein ikkje lenger har så sterke skilje mellom kunst for barn og unge og kunsten for dei vaksne. Sjølvsagt finst det kunstnarlege uttrykk som gjer bruk av verkemiddel som ikkje eignar seg for barn. Men dei fleste kunstformer har potensial til å bli formidla på ein måte så barn kan ha glede av det. Me ser det i kunsthallen at barn kan ha ei eiga evne til å forstå. Ved den kunsten som dei vaksne ikkje forstår, hender det at borna finn ein inngang som vaksne ikkje ser. Altså vonar eg for framtida at skiljet ikkje er like klårt, og at det vert legitimt å bryta ned noko av dette skiljet.