Så seier tala
Måndag 12. desember vert Kulturrådets bransjestatistikkar for musikk, litteratur og visuell kunst i 2015 lansert. Vi har invitert kulturforskar Georg Arnestad til å analysere og kommentere rapportane.
Sverige og Danmark vart først ute. I 2010 la Rambøll fram ein omfattande «Analyse af pengestrømme og ressourcer i dansk musikliv». Oppdragsgivar var Statens Kunstråds Musikudvalg. Same året kom Sverige med sin første enkle rapport om «Musikbranchen i siffror».
Tre år seinare sette vi i gang her i landet. Sidan har det gått unna. Med Kulturrådet som oppdragsgivar legg Rambøll no på fjerde året på rad fram omsetningstal for musikkbransjen i Noreg. Undervegs har litteraturbransjen kome til. Og i år presenterer Rambøll i tillegg omsetningstal for den visuelle kunsten i Noreg. Så langt har ikkje grannelanda våre kome.
Kva seier så desse tala oss? Kan tala brukast i kulturpolitikken, av styresmakter og av interesseorganisasjonar? Vert dei tema i den offentlege debatten?
I artikkelen er utviklinga av omsetningstal og andre verdital for dei tre kunstområda rekna om i faste 2015-prisar. I rapporten frå Rambøll om «Musikk, litteratur og visuell kunst i tall 2015», som mi framstilling byggjer på, er det brukt løpande prisar. Mine tal over utviklinga i perioden 2012-15 avvik derfor frå tala til Rambøll.
Årets tal viser at samla omsetningsverdi, frårekna moms, for dei tre bransjane musikk, litteratur og visuell kunst i 2015 var 11,5 milliardar kroner. Av dette utgjorde eksporten 686 mill. kroner, eller 6 pst. Produksjon er altså mest for heimemarknaden. Omsetningsverdien for litteratur var 5,9 mrd. (eksport 112 mill. kroner). Tala for musikk var 3,7 mrd. (eksport 240 mill.), for visuell kunst 1,8 mrd. (eksport 334 mill.). Eksporten utgjorde såleis 18,1 pst. av norsk omsetning av kunstverk i fjor. Tilsvarande tal for litteratur var 1,9 pst. og for musikk 6,5 pst. I Sverige utgjorde derimot musikkeksporten i 2015 heile 19 pst. av omsetninga på feltet, i Danmark 7 pst.
Stabilitet 2013-15 (målt med faste prisar)
Musikkbransjen, målt i faste prisar etter omsetningsverdi, har i perioden 2012-15 vakse med 14 pst. Men nesten heile veksten skjedde i 2013. I perioden 2013-15 vart musikkomsetninga redusert med 0,6 pst. Omsetninga på litteraturfeltet har gått ned med 2,4 pst. i åra 2013-15. For begge bransjar er det likevel ein liten vekst frå botnåret 2014 til 2015: 2,4 pst. for musikk og 0,1 pst. for litteratur. Vinnaren i 2015 er den visuelle kunsten med ein omsetningsvekst på heile 11,7 pst. Alt i faste prisar.
Stabilitet pregar altså utviklinga på musikk- og litteraturfeltet dei tre siste. Det gjeld samla omsetning. Det gjeld òg eksportens del av omsetninga på dei to felta. Gjennombrotet har ikkje meldt seg enno. Det er også høg stabilitet når det gjeld fordeling av omsetninga i hovudkategoriar.
Det vart omsett musikk, litteratur og visuell kunst for til saman 11.5 milliardar kroner i Noreg i 2015.
Kulturimport
Det artige med den visuelle kunsten er dei relativt høge eksporttala; 18 pst. av samla omsetning i 2015 og heile 24 pst. i 2014. Importen er likevel større; 26 pst. av den samla omsetninga i 2014 var importert visuell kunst, ein prosentdel som auka til 28 i 2015.
Det finst så langt, dessverre, ikkje gode importtal for litteratur og musikk. Nokre indikasjonar har vi likevel. I 2015 var 55 pst. av skjønnlitteraturen på den norske marknaden omsett litteratur. Det same gjaldt 33 pst. av sakprosaen. Importen av musikk er også stor. 45 pst. av samla konserthonorar for festivalar i Noreg, blei i 2015 utbetalt til utanlandske utøvarar. 57 pst. av musikken spelt på norsk radio i 2015, var utgitt på plateselskap i utlandet. 26 pst. av omsetninga frå innspelt musikk i Noreg i 2015, var «norsk» musikk. «Norsk» er her definert som innspelingar utgjevne av plateselskap registrert i Noreg. 74 pst. av omsetninga av innspelt musikk var såleis «utanlandsk.» I 2014 var dette talet 78 pst. Noreg er med stor margin ein netto importør av musikk og litteratur.
Kvar kjem pengane frå?
Litteratur- og kunstfeltet er kjenneteikna av at nesten all omsetning skriv seg frå sal av høvesvis bøker og visuell kunst, og at det er lite inntekter frå framføring/visning og frå vederlag. For litteratur utgjorde sal av bøker heile 97 pst. av den totale omsetninga. Salet av visuell kunst utgjorde 94 pst. av den samla omsetninga i den visuelle kunstbransjen. For litteraturbransjen vil det vere interessant å følgje utviklinga i salet både av fysiske og digitale produkt. Omsetninga av E-bøker utgjorde i 2015 107 mill. kroner; berre 1,9 pst. av det samla boksalet. Men digitale produkt til saman (E-bøker, lydbøker for nedlasting og digitale tenester elles) utgjorde i 2015 5,6 pst. av boksalet. I 2013 var prosentdelen 3,9. Kor stor vil den vere i 2020? Og bokhandelsdøden er oppskrytt: framleis vert meir enn éi av to bøker kjøpt i bokhandelen.
Musikkfeltet er derimot prega av fleire inntektskjelder. Konsertmarknaden står for vel 50 pst. av inntektene. Innspelt musikk og vederlagsinntekter utgjer begge ca. 25 pst. Konsertomsetninga vaks med 15 pst. (faste prisar) frå 2012 til 2013. I 2014 vart han redusert, men auke litt att i 2015. I faste prisar er nivået framleis lågare enn i rekordåret 2015. Derimot ligg inntektene frå innspelt musikk i dag over nivået i 2013. Dette skuldast mellom anna at det fysiske salet av musikk auka i 2015, etter mange års nedgang. Vederlagsinntektene, målt i faste prisar, har ikkje nådd toppnivået frå 2013. Slike inntekter spelar forresten ei overraskande lita rolle som inntektskjelde på litteratur- og kunstfeltet.
Den offentlege interessa har, som venta, vore størst kring musikktala. Dei svært positive 2013-tala fekk mykje merksemd. Nedgangstala i 2014 vekte mindre interesse. Men mest har merksemda dreidd seg om (manglande) musikkeksport. Svenskane knuser oss. Skuldast det strukturskilnader? Eller klarar ikkje norsk statistikk å fange opp heile eksporten?
Nye statistikkar?
Dei tre bransjestatistikkane er solide og etterrettelege. Rambøll har fått betydeleg innsikt i og god kompetanse på dei aktuelle felta. Arbeidet vert utført i nær kontakt med bransjefolk og -organisasjonar. Nyttig og relevant bransjestatikk på nokre område synest å auka behovet for (endå) meir statistikk. Såleis har både musikk- og litteraturtala vorte utvida kvart år sidan arbeidet tok til. Nye tabellar kjem til. Interessa har særleg vore knytt til behovet for ny kunnskap om forholdet norsk/utanlandsk, eksport/import og geografiske fordelingar av nasjonale tal. Etter kvart kjem truleg behovet for kunnskap om korleis inntektene vert fordelte mellom ulike aktørar i dei tre felta: produsentar, arrangørar, kunstnarar, andre utøvarar, distributørar, rettshavarar. Kunnskapsmangelen er stor. Og kulturstatistikken til Statistisk sentralbyrå gir få svar.
«High Heaven rejects the lore/Of nicely-calculated less or more», skreiv diktaren William Wordsworth. Men også kunsten deltek i kampen om samfunnets knappe ressursar. Seriøs statistikk og solid dokumentasjon viser seg nødvendig. Erfaringane frå fire år med norske bransjestatistikkar for kulturlivet er gode. Andre institusjonar arbeider også iherdig med å skaffe fram data om verdiskaping i kunst- og kulturlivet, bl.a. Centre for Creative Industries ved Handelshøyskolen BI. Samtidig blir det utvikla eit samarbeid mellom Kulturrådet og Innovasjon Norge for å styrkje kultur og kreative næringar. Behovet for tal og sakleg dokumentasjon om aktivitetane i kulturbransjen vert ikkje mindre med åra.