Sju forskingsprosjekt får tilskot: Skal gje ny innsikt i befolkninga sine kulturvanar
Korleis brukar ulike grupper i samfunnet kunst og kultur? Sju nye forskingsprosjekt skal gje svar. Biletet er frå då Deichman Bjørvika opna biblioteket for ungdom under Oslo kulturnatt. Foto: Deichman
Korleis brukar ulike grupper i samfunnet kunst og kultur? No får sju prosjekt tilskot frå Kulturrådet for å finne svar. Forskinga skal gje betre grunnlag for framtidas kulturpolitikk.
– Det var mange gode prosjektsøknader og vi imøteser korleis dei komande forskingsarbeida kan gje ny innsikt om sider ved kulturbruk som tidlegare har vore lite studert, seier Arild Danielsen, medlem av Kulturrådets faglege utval for forsking.
Forskingsprogrammet heiter «Kulturbruk, publikum og deltaking» og er delt i to:
- Kulturvanar blant underrepresenterte grupper.
- Rolla til kulturbrukaren i samfunns- og kulturlivet.
Totalt kom det inn 12 søknader, og sju av desse fekk tilskot.
Brei forsking på kulturbruk
Prosjekta som no får tilskot frå Kulturrådet, viser stor breidde både i tematikk og metodar.
I første del av programmet skal ei forskargruppe ved Universitetet i Bergen, leia av Torgeir U. Nærland, undersøkje kvifor enkelte grupper ikkje nyttar seg av offentlege kulturtilbod. Dei ser særleg på barn og unge, og på kulturelt marginaliserte grupper, for å finne ut korleis desse gruppene kan inkluderast betre i kulturpolitikken.
Dei seks andre prosjekta høyrer til i andre del av programmet:
- Merete Jonvik (Universitetet i Stavanger) skal utforske kva som skjer i møtet mellom publikum og kunst. Ho skal gjennomføre nærstudiar av ulike publikumsgrupper – frå barn og ungdom, til museumsgjengarar og menneske som møter kunst gjennom helseføremål.
- Ragnhild Kristine Olsen, Dagny Studedahl og Gudrun Rudningen (OsloMet) vil sjå på samspelet mellom lokale kulturinstitusjonar og lokalmedia. Dei undersøker korleis endringar i medielandskapet påverkar synlegheita og rolla til kulturtilbodet i lokalsamfunna.
- Heidi Stavrum (Universitetet i Sørøst-Norge) skal utforske kva det betyr for vaksne amatørar å vere aktive i kor og korps. Ho undersøker korleis eigenaktivitet formar både enkeltmenneske og lokale fellesskap.
- Mats Johansson og Ola K. Berge (Universitetet i Sørøst-Norge) skal undersøkje betydninga av aktiv deltaking i folkemusikk og -dans, og kva som driv menneske til å engasjere seg i slike kulturformer.
- Fredrik Wilhelmsen og Marianne Løken (Østfoldmuseene) skal kartlegge korleis kulturinstitusjonar brukar kreativ formidling for å involvere ungdom, og korleis ungdommane sjølve opplever rolla som aktive kulturskaparar.
- Gry Brandser og Anne Wally Ryan (Universitetet Nord) vil undersøkje korleis eldre kan delta meir i kulturlivet. Dei ser på kva regionale kulturarenaer gjer for å tilpasse tilbodet til eldre, og kva behov og barrierar som finst for denne aldersgruppa.
Kulturpolitikken treng oppdatert kunnskap
Forskingsprogrammet skal gje Kulturrådet og kultursektoren eit breiare og meir presist bilete av befolkninga sine kulturvanar og grundige refleksjonar kring både metodar, omgrep og forståingar. Målet er at kunnskapen skal gjere målingane av kulturbruk mest mogleg presise og sikre at kulturpolitikken byggjer på oppdatert innsikt.
– Undersøkingane av kulturbruk som har vore ein referanse i norsk kulturpolitikk bygger på ganske grovmaska kategoriseringar av kunst og kultur. Dei har også halde seg nokså uendra gjennom fleire tiår, seier Danielsen.
Han påpeikar fordelen med faste kategoriar for å studere moglege variasjonar over tid, men at mange nyansar blir oversett på denne måten. Nye tendensar blir dermed også vanskelege å fange opp.
– For å utvikle meir treffsikre framgangsmåtar for å studere korleis kunst og kultur brukast i dag treng vi meir detaljert og oppdatert kunnskap, avsluttar Danielsen.