Rettleiing for medlemsundersøkingar
Kulturdirektoratet tilbyr rettleiing til kunstnarorganisasjonar som ønskjer å kartleggja inntektene til medlemmene i samsvar med dei offisielle kunstnarundersøkingane.
Styresmaktene har dei siste tiåra gjennomført fleire større undersøkingar av inntektene og arbeidsforholda til kunstnarane. Den siste undersøkinga, Kunstnerundersøkelsen 2019, vart publisert av Kulturdirektoratet i 2023. Den er utarbeidd av forskarar ved Telemarksforsking og byggjer på inntektsdata frå offentlege register i tillegg til ei spørjeundersøking.
Viktig kunnskap
Kunstnarundersøkingane gir viktig kunnskap om økonomien til kunstnarane, og dei er viktige for utviklinga av statleg kunstnarpolitikk. I tillegg blir undersøkingane brukte av kunstnarorganisasjonane som ei kjelde til innsikt i økonomien til medlemmene og på kunstfelta. Etter utgivinga av Kunstnerundersøkelsen 2019 gav fleire organisasjonar uttrykk for at dei ønskte tydelegare samanheng mellom kunstnarundersøkinga og deira eigne medlemsundersøkingar.
Slike medlemsundersøkingar blir i dag gjennomførte på ulike måtar, og dei har i avgrensa grad vore kompatible med kunstnarundersøkingane til styresmaktene.
Tilbyr organisasjonane råd
Kulturdirektoratet ønskjer derfor å tilby organisasjonane råd om korleis kunstnarars inntekter kan kartleggjast – og då på ein måte som samsvarer med metoden i kunstnarundersøkingane. Telemarksforsking har på oppdrag frå direktoratet utarbeidd eit notat som beskriv korleis inntektene til kunstnarane kan kartleggjast, og som forklarer dei metodiske vurderingane som ligg til grunn for råda.
Notatet gir også forslag til konkret ordlyd som kan integrerast direkte i medlemsundersøkingar. Forslaga byggjer på Kunstnerundersøkelsen 2019.
Fleire fordelar
Det er fleire fordelar ved å følgja denne rettleiinga i utforminga av spørsmål om bakgrunn, arbeidstid og inntekter:
• Spørsmåla kan gi forholdsvis klare og velstrukturerte opplysningar om inntektene og arbeidstida til kunstnarane.
• Dei kan gi opplysningar som kan jamførast med tala i Kunstnerundersøkelsen 2019, men også kommande kunstnarundersøkingar.
• Dei kan gjera at undersøkingar av bakgrunn, arbeidstid og inntekter i ulike kunstnarorganisasjonar blir samanliknbare med kvarandre.
Merk at Kulturdirektoratet ikkje gir råd til utforminga av medlemsundersøkingar i sin heilskap. Råda avgrensar seg til korleis spørsmål om bakgrunn, arbeidstid og inntekter kan formulerast for å samsvara med kunstnarundersøkingane. Om ein vil følgja desse råda, er opp til organisasjonane sjølv.
Meir om kategoriar blant medlemmene
Fleire kunstnarorganisasjonar har uttrykt eit ønske om at framtidig statistikk har meir finmaska kategoriar innanfor hovudgruppene av kunstnarar. Dette kan gi meir detaljert innsikt i forskjellar og likskapar mellom grupper innanfor éin og same organisasjon. Kulturdirektoratet stiller seg positivt til å innføra slike underkategoriar i framtidige undersøkingar.
Sidan populasjonen i kunstnarundersøkingane byggjer på medlemslister frå kunstnarorganisasjonane, avheng dette av at organisasjonane leverer lister der medlemmene er registrerte med underkategori. Notatet Hvordan undersøke kunstneres inntekter? inneheld derfor råd om korleis ein kan innføra slike kategoriar i eige register – for at desse skal kunna brukast i kommande kunstnarundersøkingar.
Kulturdirektoratet tilrår at organisasjonar som har interesse av slike underkategoriar, byrjar arbeidet med å innføra dei tidleg, i god tid før neste kunstnarundersøking.
Notatet Hvordan undersøke kunstneres inntekter?
Les Kunstnerundersøkelsen 2019 her