Kulturrådet lanserer nytt forskingsprogram om kunst og kunstig intelligens
For å skapa verket Nine Heads (2024) har Kristina Austi mata KI-algoritmar med vevsmønster og bilete av fabeldyr frå 1500-talet. Resultatet er eit vevearbeid i storformat. © BONO / Kristina Austi Foto: Runa Halleraker / KRAFT
Korleis bidreg kunstig intelligens til å endra kunsten? Kva for nokre etiske dilemma følgjer med teknologiutviklinga? Og korleis påverkar KI smak, omgrepsbruk og forståinga av kvalitet? Kulturrådet lyser no ut midlar til forsking på kunst og kunstig intelligens.
Målet med det nye forskingsprogrammet er kunnskap som er tydeleg forankra i dei estetiske praksisane til kunstfeltane og kunstnarane. Det skal særleg handla om litteratur, musikk, visuell kunst og scenekunst, og om kunstnarar og kunstpraksisar innanfor desse områda. Til saman fire millionar kroner skal fordelast på inntil åtte mindre forskingsprosjekt.
Store kunnskapsbehov
Heilt sidan 1950-talet har kunstnarar brukt ulike former for kunstig intelligens til å skapa kunst. Men der bruken av KI lenge var smal og innanfor eksperimentelle rammer, har teknologiutviklinga dei siste åra ført til eit brått skifte: Både bruken av KI og merksemda rundt spørsmål om kunst og KI har auka betrakteleg. Somme forskarar og forskingsmiljø har jobba lenge med problemfeltet, men kunnskapsbehovet er framleis stort.
– Ambisjonen med Kulturrådets nye forskingsprogram er å skaffa meir kunnskap om korleis KI påverkar kunstnarane, kunstfelta og dei estetiske praksisane i samtida. Dette inkluderer dei rammene som kunsten og kunstnarane verkar innanfor, seier Jan Fredrik Hovden.
Han er rådsmedlem og leder av Kulturrådets forskningsutvalg.
Det nye forskingsprogrammet dekkjer mange tema og fagområde. Programmet skal utforska korleis kunstig intelligens påverkar kunsten – både estetisk, etisk, økonomisk og politisk. Og det skal gjera det gjennom å løfta ulike perspektiv, problemstillingar og teoretiske inngangar.
– Dei første reaksjonane etter KI-bølgja til 2020-talet, frå panikk til begeistring, har byrja å roa seg. Kunstnarar og forskarar har no hatt tid til å samla konkrete erfaringar med og reflektera over bruken av KI i kunstfeltet.
Hovden held fram:
– Me ønskjer oss prosjekt som løftar blikket og inntek meir overordna og teoretiske perspektiv på kunst og kunstig intelligens. Prosjekta kan gjerne basera seg på casestudiar, men dei konkrete praksisane må plasserast inn i ein breiare kontekst og løftast inn i ein meir overordna prinsipiell diskusjon.
Tre temaområder står sentralt
Forskarar skal sjølv identifisera relevante forskingsspørsmål og utvikla eigne forskingsprosjekt. Tre temaområde står likevel sentralt i programmet.
For det første ønskjer Kulturrådet kunnskap om etiske utfordringar knytte både til sjølve teknologiutviklinga og til bruken av KI-baserte verktøy i kunstnariske samanhengar. Eigarkonsentrasjon i få, store teknologiselskap, maktrelasjonar og ressursbruk er nokre av dei etiske og politiske spørsmåla som knyter seg til KI. Forskingsprogrammet vil mellom anna belysa dei biasene – altså skeivskapane eller slagsidene – som bruken av KI-baserte verktøy fører med seg.
– Materialet KI-modellar er trena opp på er dominerte av stemmer og utrykk frå det globale nord, spesielt engelskspråklege land, og frå majoritetane i samfunnet. Ein fare er at bruken av slike modellar kan bidra til å styrkja forskjellar og svekkja mangfald i kunstfeltet og samfunnet. Det er openbert at me treng diskusjon og refleksjon rundt kunstens, det etiske ansvaret, blindsoneneog dilemmaa til kunstnaren og kulturpolitikken knytte til bruk av KI, seier Hovden.
Det andre temaområdet er estetiske praksisar. Kulturrådet treng meir kunnskap om korleis KI-baserte verktøy heilt konkret blir brukt innanfor litteratur, musikk, visuell kunst og scenekunst. Spørsmålet er korleis teknologiane bidreg til å forma og endra dei estetiske praksisane, altså korleis kunsten blir produsert og korleis han blir brukt. Kva for nokre nye kunstformer oppstår, og korleis blir smak påverka og kvalitetsforståingar? Kulturrådet er særleg oppteken av å få fram forskjellane i feltet, påpeikar Hovden:
– Kunstområda, dei kunstnariske praksisane og behova til kunstnarane er svært ulike. Ein forfattar vil bruka andre verktøy – og bruka dei på andre måtar – enn både musikarar, visuelle kunstnarar og scenekunstnarar. Kulturrådet treng meir kunnskap om slike forskjellar.
Stikkordet estetisk teori samanfattar det tredje og siste temaområdet i forskingsprogrammet. Her inviterer Kulturrådet til diskusjon om og refleksjon over korleis KI kan verka inn på dei begrepslige rammene for dagens estetiske praksisar. Med andre ord korleis KI påverkar forståinga vår av kunst, kunstnarrolla og kunstens posisjon i samfunnet. Det handlar mellom anna om å bruka teoretiske og kulturkritiske perspektiv til å plassera kunst og KI i større historiske, filosofiske, medieteoretiske, økonomiske, samfunnsmessige og kulturpolitiske samanhengar. Slike diskusjonar har ikkje berre ein teoretisk, men også ei praktisk side for Kulturrådet.
– Me har å gjera med ei teknologisk utvikling som lèt større delar av befolkninga produsera «kunst» eller i det minste estetiske uttrykksformer som liknar på kunst. Sett på spissen treng ein ikkje lenger å meistra musikkskaping for å skapa musikk, eller målarkunsten for å skapa måleri. Korleis skal tilskotsforvaltninga og kulturpolitikken meir generelt forhalda seg til prosjekt og praksisar kor automatiserte prosessar utfordrar den tradisjonelle rolla til kunstnaren? For Kulturrådet er dette viktige spørsmål, seier Hovden.
Artikkelsamling i 2028
Det blir planlagt ei artikkelsamling med bidrag frå forskingsprogrammet. Samlinga skal givast ut i Kulturrådets fagfellevurderte bokserie, og ventast å vera klar i 2028.
Sjå programplan for utfyllande beskriving av målet, temaområda og formelle rammene til forskingsprogrammet.
Alle søknader skal skrivast inn i Kulturrådets mal og sendast på e-post til [email protected] innan søknadsfristen 8. oktober 2025 kl. 13:00.