Kulturrådet hentar ny kunnskap om det visuelle kunstfeltet
Kulturrådet styrkjer kunnskapen om det visuelle kunstfeltet. To prosjekt er no ute på anbod. Det eine skal undersøkja vilkåra for produksjon og formidling av visuell kunst i Noreg. Det andre skal undersøkja korleis arv etter visuelle kunstnarar blir teken vare på.
Kulturrådet har eit mål om å løfta det visuelle kunstfeltet. Dei to kunnskapsprosjekta som er kunngjorde no, er ein del av denne innsatsen.
Dei to kunnskapsprosjekta skal gi eit solid grunnlag for Kulturrådets vidare arbeid med å utvikla tilskotsordningane for det visuelle kunstfeltet, seier Merete Jonvik, som leier arrangørutvalet for visuell kunst.
Sjå utlysinga «Kulturrådet og det visuelle kunstfeltet» her.
Sjå utlysinga «Arv etter visuelle kunstnarar» her.
Kulturrådet og det visuelle kunstfeltet
Kulturrådet har sju tilskotsordningar som rettar seg spesifikt mot det visuelle kunstfeltet. Arrangørstøtte og prosjektstøtte for kunstnarar og visningsstader er dei viktigaste. Ordningane skal bidra til å byggja og vidareutvikla strukturar for produksjon og formidling av visuell kunst over heile landet.
Det visuelle kunstfeltet i Noreg på 2020-talet er prega av høg aktivitet og eit mangfald av kunstnariske praksisar, uttrykksformer og formidlingsarenaer, men også av komplekse strukturar og usikker økonomi for både enkeltkunstnarar og feltet samla sett, seier Jonvik. Det er eit sterkt søknadspress på Kulturrådets tilskotsordningar. Me har behov for meir kunnskap for å forstå korleis Kulturrådets tilskotsordningar verkar på kunstnariske praksisar, strukturar og økonomien i det visuelle kunstfeltet.
Det blir lyst ut midlar til eit tredelt forskingsprosjekt. Prosjektet skal for det første beskriva og analysera kunstnariske praksisar, strukturar og økonomien i det visuelle kunstfeltet. Det skal for det andre evaluera Kulturrådets tilskotsordningar for visuell kunst og undersøkja korleis ordningane verkar i feltet – også sett i forhold til andre kulturpolitiske verkemiddel. Og det skal for det tredje greia ut forslag til endringar i tilskotsordningane og rammene av tilskotsordningane.
Forskingsprosjektet skal både evaluera og greia ut. For Kulturrådet er det viktig at solid innsikt i det visuelle kunstfeltet ligg til grunn for arbeidet. Det er også viktig med god forståing av det kulturpolitiske verkemiddelapparatet, og sidan forskinga skal kunna nå ut til ei breidd av lesarar, blir det lagt stor vekt på god formidling, seier Jonvik.
Forskingsprosjektet har ei økonomisk ramme på tre millionar kroner, og resultata skal liggja føre i 2026
Arv etter visuelle kunstnarar
Medan det første prosjektet skal fokusera på produksjon og formidling av visuell kunst, handlar det andre prosjektet om kva som skjer etter at kunsten er produsert og formidla – mot slutten av karrieren til kunstnaren eller etter at kunstnaren har gått bort. Kunstnarar etterlèt seg ikkje berre kunstverk i ulike materiale og uttrykksformer. Dei etterlèt seg også ulike dokument og anna arkivmateriale som kan forteljar noko om livet og kunsten deira, og om den perioden dei har verka innanfor. Det kan vera alt frå søknader via utstillingskatalogar til rekneskapsrapportar. Nokon etterlèt seg også ulike objekt som har vore knytt til det kunstnariske arbeidet – verktøy, bøker, modellar, nokre gonger heile ateliermiljø eller til og med kunstnarheim.
Alt dette materialet kan ha stor kunstnarisk og kulturhistorisk verdi, påpeikar Jonas Ekeberg, som er fagansvarleg for visuell kunst i Kulturrådets sekretariat i Kulturdirektoratet. Samtidig representerer det i mange tilfelle ei stor utfordring. For kva skal ein gjera med alt dette materiale – utover det musea allereie gjer? Kva bør ein ta vare på, og kven bør ta vare på det? Kva er ansvaret til dei etterlatne? Og kva bør det offentlege ta ansvar for?
Det er slike spørsmål som det andre kunnskapsprosjektet skal utforska. Prosjektet er eit samarbeid mellom fagutvala for visuell kunst, kulturvern og forsking. Kulturrådet ønskjer ei utgreiing som på den eine sida analyserer problemfeltet og kartlegg dagens situasjon, og som på den andre sida identifiserer og greier ut moglege tiltak. Målet er ei utgreiing som foreslår konkrete løysingar på konkrete utfordringar. Det er sett av til saman åtte hundre tusen kroner til dette prosjektet, og rapporten skal liggja føre i 2025.
Begge dei to prosjekta er kunngjorde på Mercell og Doffin (Database for offentlege innkjøp).
Kravspesifikasjoner
Kravspesifikasjonen til «Kulturrådet og det visuelle kunstfeltet»
Kravspesifikasjonen til «Arv etter visuelle kunstnarar»
Spørsmål frå tilbydarar om utlysingane skal stillast gjennom verktøya i Mercell.