Kulturrådet vil forske på barns forhold til kunst og kultur
Kulturrådet har innvilga 4,25 millionar kroner til ei ny forskingssatsing som skal få fram kunnskap om ulike sider av barn og unge sitt forhold til kunst og kultur.
Kulturrådet har lang tradisjon for å vera oppteke av barn og unge i kulturlivet og rådet har også framheva barn og unge som prioritert område i sin strategi for 2016-2018. Kulturrådet har og tidlegare stått bak kunnskapsutvikling på området gjennom ulike evalueringar og utgreiingar. Sjå mellom anna Begreper om barn og kunst (2014),Barnet og kunsten (2005), Beings and becomings (2005). Forsøksprosjektet Kunstløftet hadde dessutan eit eksplisitt mål om kunnskapsutvikling på feltet og bidrog til at fleire artiklar og publikasjonar vart produserte. Les meir på Kunstløftet sine nettsider.
Ynskjer eit større samfunnsperspektiv
No ynskjer rådet å vite meir om mellom anna forholdet mellom dei ulike aktørane som har ansvar for kunst og kultur for, med og av barn og ungdom. Leiar av FoU-utvalet og rådsmedlem, Jorunn Veiteberg er nøgd med å få satsinga på plass.
Rådsmedlem Jorunn Veiteberg ser fram til meir kunnskap om barn og unges forhold til kunst og kultur. Foto: Ilja Hendel.
- Vårt inntrykk er at mykje av forskinga som er gjort på dette området tidlegare er evalueringar av enkelttiltak eller enkeltproduksjonar laga for særskilde aldersgrupper, eller at ho handlar om medievanar hjå dei unge. Me vil sjå dette i eit litt større samfunnsperspektiv, og ynskjer oss meir kunnskap om kva plass kunst- og kulturuttrykka har i barna og dei unge sine liv. Det er til dømes interessant å spørja kor vidt nye medium, nye informasjonskanalar og nye publiserings- og formidlingsplattformer påverkar barn og unge sin estetiske kompetanse på noko vis, og i så fall om det får noko å seie i møte med den tradisjonelle kunstinstitusjonen og kunst- og kulturformidlinga. Dessutan ynskjer me studiar som bidreg til å bryta opp barn og unge som kategori, og få meir kunnskap om korleis skilnader mellom og innanfor aldersgrupper, kjønn, etnisitet og sosial og økonomisk bakgrunn, artar seg, seier ho.
Nye rammer og ny teknologi
Det har i dei seinaste åra vore fleire endringar både i barna og dei unge sin tilgang på kunstnariske og kulturelle uttrykk gjennom nye medium og plattformer og i deira mogelegheiter til sjølve å uttrykkja seg. Nye måtar å produsere og formidle kunst og kultur på vert utvikla raskt. På nokon område kan ein og snakka om ein meir deltakarstyrt kultur som vert driven fram av dei unge. Kva for erfaringar, mogelegheiter og utfordringar som oppstår med slike utviklingstrekk er svært relevant å få meir kunnskap om.
Det er også nokre kulturpolitiske problemstillingar knytt til dette området som er relevante for ei slik forskingssatsing. Kulturløftet førte til auka ressursar og aktivitet på kulturfeltet utan at ein veit korleis dette har slege ut for barn og unge. Dessutan er det no fleire årskull som har gått gjennom heile skuleløpet med jamlege møte med profesjonell kunst gjennom Den kulturelle skulesekken, utan at ein veit noko særleg om kva dette har hatt å seie for elevane sitt forhold til kunsten og kulturen. Også i eit kulturpolitisk perspektiv er det difor fleire interessante problemstillingar å ta tak i.
Inviterer til innspelseminar
Forskingssatsinga vil ta form som ei programutlysing av minimum fire millionar kroner og midlane vert lyste ut på grunnlag av eit programnotat som er under utforming. Før ferdigstilling av programnotatet og endeleg innretting av utlysinga, skal det haldast eit innspelseminar med forskarar frå ulike, relevante forskingsmiljø. Seminaret vil haldast i løpet av vinteren 2017 og det er eit mål at midlane kan lysast ut i løpet av våren 2017.
- Me ynskjer ei innretting etter modell av Kunst, kultur og kvalitetsprogrammet, som me meiner har fungert svært godt og fått fram gode refleksjonar rundt kvalitetsforståingar innan kunst og kultur i dag. Dessutan har programmet rekruttert forskarar frå ulike forskingsfelt. Det er eit mål også i denne nye satsinga og me vil gjerne nå forskarar frå fagområde og forskingstradisjonar som kan gje nye eller overraskande perspektiv på kunsten og kulturen sin plass i unge menneske sitt liv, avsluttar Veiteberg.