Masterstipend frå Kulturrådet og Kulturdirektoratet
Masterprosjekta skal på ein eller annan måte artikulere, belyse og svare på aktuelle spørsmål knytt til likestilling og mangfald i kunst- og kultursektoren. Biletet er frå den samiske kulturfestivalen Márkomeannu i 2024. Foto: Steve Nilsen
Både Kulturrådet og Kulturdirektoratet lyser no ut masterstipend. Mangfald og minoritetserfaringar står sentralt. Søknadsfristen er 2. april 2025.
For å forstå kunsten og kulturen, og dei prosessane som heile tida endrar sektoren, er det behov for kunnskap. Ikkje minst er det behov for studentar og forskarar som interesserer seg for feltet.
Styrka kunnskap og rekruttering av framtidige forskarar er målet når både Kulturrådet og Kulturdirektoratet no lyser ut masterstipend. Dei to utlysingane har litt ulike innretningar, men studentar som skriv om mangfald, kan søke begge.
Ønsker kunnskap om mangfald
Kulturdirektoratet er nasjonal koordinator for auka mangfald, inkludering og deltaking i kunst- og kultursektoren og jobbar med mangfald på ein rekke måtar.
Les meir om dette arbeidet her.
No lyser Kulturdirektoratet ut masterstipend til studentar som skriv om mangfaldsrelevante tema. Masterprosjekta skal på ein eller annan måte artikulere, belyse og svare på aktuelle spørsmål knytt til likestilling og mangfald i kunst- og kultursektoren.
Stipenda skal blant anna bidra til å utvikle nye, relevante forskarstemmer. Anne Ogundipe, seniorrådgivar i avdeling for kulturanalyse, poengterer at masteroppgåva for mange studentar er ei viktig første erfaring med forsking.
- Arbeidet kan ha mykje å seie for om ein seinare vel ein forskarkarriere, og for kva ein vel å forske på. Dessutan kan masteroppgåver vere viktige kjelder til innsikt om mangfald, seier hun.
Kulturdirektoratet har ei brei forståing av mangfald, sjølv om arbeidet som nasjonal koordinator for mangfald særleg er retta mot synlege minoritetar og grupper som representerer fleirkulturelt og etnisk mangfald, den samiske befolkninga, nasjonale minoritetar og personar med funksjonsnedsettingar.
- Det er mange tema og dimensjonar ved mangfald som kan vere relevante. Til dømes kan prosjekta ta for seg mangfaldsomgrep og forståingar, skaparmangfald i kunstnariske praksisar, føresetnader for mangfald i kultursektoren eller noko heilt anna, seier Ogundipe.
Kulturdirektoratet deler ut inntil seks stipend, kvart av dei på 15 000 kroner. Studentar som får stipend, vil òg bli invitert til eit arbeidsseminar, der dei kan presentere og diskutere prosjekta sine.
Sjå retningslinjer og meir om korleis du fyller ut søknaden, her.
Ny tilskotsordning for kunst- og kulturforsking
Også Kulturrådet lyser ut masterstipend denne våren. Stipenda er ein del av ei ny tilskotsordning som Kulturrådet har etablert.
Du kan lese eigen nyheitssak om den nye tilskotsordninga her.
Målet med masterstipenda er å auke interessa blant studentar for tema som er relevante for Kulturrådet, kulturpolitikken og kunst- og kultursektoren generelt.
Jan Fredrik Hovden er medlem i Kulturrådet og leiar av rådet sitt forskingsutval. Han meiner det er viktig med perspektivmangfald i kunst- og kulturforskinga.
- Det er behov for nye stemmer og perspektiv i forskinga på kunst og kultur. Derfor har vi valt å lyse ut masterstipend. Vi ønsker å rekruttere framtidige forskartalent. Ikkje minst oppmodar vi studentar med ulike minoritetserfaringar om å søke, seier Hovden.
Formålet med ordninga er, som det heiter i retningslinjene, å styrke forsking med relevans for Kulturrådet, kulturpolitikken og kunst- og kultursektoren generelt.
- Masteroppgåvene til dei som søker, må være relevante for Kulturrådet og for dei delane av kunsten og kulturen som Kulturrådet jobbar med. Dette kan rett nok vere mykje forskjellig. Vi overlet til studentane sjølve å definere korfor prosjekta deira er viktige, seier Hovden.
Kulturrådets nye tilskotsordning er eit prøveprosjekt som skal gå over tre år. Det blir ei utlysing kvart år. I 2025 vert det lysa ut inntil fire masterstipend, kvart på kr 20 000.
Sjå retningslinjer og meir om korleis du fyller ut søknaden her.
Informasjonsmøte
Kulturrådet arrangerer informasjonsmøte om utlysinga av masterstipend tysdag 25. februar kl. 10.00.