Skrei convention
Skreien eller norsk tørka torsk vert no gjenstand for felleseuropeisk kunnskapsinnsamling. Det europeiske prosjektet Skrei Convention har fått tilskot frå Kreativt Europa for 2018 for å studera handelsrutene frå Nord-Noreg til andre delar av Europa.
Fakta:
Land: Italia, Portugal og Noreg.
Norsk partner/ prosjekteigar: Museum Nord, Noreg
Støttebeløp: € 200 000
Tidsperiode: 2018-pågåande
Kategori: Kulturarv / Kulturarvåret 2018
Om prosjektet:
Skrei eller norsk-arktisk torsk er visstnok Noreg si eldste eksportvare. No blir den gjenstand for felleseuropeiske studier. Skrei Convention er eit felles kunnskapsprosjekt mellom Noreg, Italia og Portugal som skal sjå på dei historiske handelsrutene for sal av tørrfisk frå Nord-Norge. Heilt sidan vikingtida har norsk tørrfisk blitt frakta heilt til det baltiske havet og land som Tyskland, Italia og Portugal. Dette har mellom anna resultert i den kjente matretten, bacalá eller bacalhau.
Den norske partneren i prosjektet er Museum Nord som er ansvarleg for musea i Lofoten, Ofoten og Vesterålen som får driftstøtte over Kulturdepartementets tilskotsordning for museum. Dei europeiske partnarane er C.E.R.S i Italia og Ilhavo Museum i Portugal. Saman skal dei tre ulike museumsinstitusjonane arbeida fram kunnskap om tørrfisken som kulturarv. Målet er å involvera lokal kunnskap og engasjement og ta i bruk kunnskapen frå museum i ulike land.
Prosjektdeltakarar:
Norge: Museum Nord (prosjektleder)
Portugal: Ilhavo Museum
Italia: C.E.R.S