Hopp til innhold

Digitalt informasjonsmøte om tilskotsordninga for tidsskrift og kritikk

I samband med den årlege utlysinga av tilskot til produksjon, prosjekt, arrangement og innkjøp for tidsskrift og kritikk, inviterer Kulturrådet til informasjonsmøte for erfarne og nye søkjarar til ordninga.

9. august 2024

Legg arrangementet i min kalender

Digitalt

Kulturrådet

Strømmes

I dette møtet presenterer me tilskotsordninga for tidsskrift og kritikk, og kva det kan søkjast til i utlysinga som har frist 3. september 2024 klokka 13.00.

Det vil også bli gitt viktig informasjon om utlysinga som har vore gjennomført i mars i nokre år. Som hovudregel vil denne fristen bli avvikla. Me vil i dette møtet informera om dette, og kva dette bør bety for arbeidet med søknaden til denne fristen, altså september 2024.

I møtet informerer Kulturrådets sekretariat om formålet med ordninga og kven som kan søkja, og gir tips til ein god søknad. Utvalsleiar for tidsskrift og kritikk, Ida Habbestad, vil halda ei innleiing frå perspektivet frå utvalet. Inga Moen Danielsen skal gi praktisk informasjon om ordninga innkjøp og formidling av tidsskrift til bibliotek. Det vil vera rom for å stilla spørsmål.

Møtet er digitalt og ope for alle som ønskjer søkjarrettleiing om ordningane på området tidsskrift og kritikk.

Her finn du påmeldingsskjema

Neste søknadsfrist er 3. september 2024 kl. 13.00.

Program

  • Innleiing om Kulturrådets tilskotsordning tidsskrift og kritikk v/ seniorrådgivar i Kulturdirektoratet, Mette Karlsvik.
  • Innleiing ved utvalsleiar for fagleg utval for tidsskrift og kritikk, Ida Habbestad.
  • Mulighet for å stilla spørsmål.

Les om ordninga tidsskrift og kritikk her.