Om søknadsrunden
Fagleg utval for tidsskrift og kritikk hadde møte i Tromsø 6. 7. og 8. november 2024. Hovudsaka var fordeling av ordninga sin avsetting for 2025, 29 171 000 kroner. Det blei òg vedteke fordeling av 895 000 kroner av Norsk Kulturfond sin andel av overskotet frå norsk tipping, og ein sum gjenståande 2024-midlar.
Vedtaka var, heilt overordna, sett på bakgrunn av føremålet til tilskotsordninga tidsskrift og kritikk, som er at denne skal styrke og utvide den offentlege ytrings- og refleksjonskulturen gjennom dei uavhengige tidsskrifta og kritikken som skapast og utøvast i ulike sjangrar, format og formidlingsformar.
Søknadane
Det kom inn hundre søknadar, og som vanleg, til haustrunden, var det absolutte fleirtalet søknadar til foroduksjonstilskot. At produksjonssøknadane, som ein òg kan kalle driftssøknadar, blir akseptert til ordninga sin haustfrist, har mellom anna å gjere med at utvalet ønsker å sjå alle desse, ofte relativt store, søknadane under eitt.
Det kom òg 18 søknadar til prosjekt, og ni søknadar var til arrangement.
Den geografiske fordelinga av søknadane var ujamn, med eit klårt tyngdepunkt i dei største byane: Oslo (67), Bergen (11) og Trondheim (4). Særleg magert var det i denne runden frå nord for Trondheim, noko som har vore ein trend sidan ordninga blei skipa. Dette er òg bakgrunnen for at fagleg utval i år la møtet sitt utanbys. Utvalet drog til Tromsø for å ha moglegheita til å møte feltet og få perspektiv på fråveret av søknadar frå landsdelen.
Det var sterke søknadar i år, frå fleire av aktørane som tidlegare har fått fleirårige tilskot og som har relativt høge, årlege tilskot. Kunstkritikk.no er eit døme, og er ein aktør som har hatt over to millionar i årleg tilskot dei siste par åra. Trass i dei ekstra salderingsmidlane på 2 000 000 kroner for 2024 blei det runde med harde prioriteringar. Det meste av dei ekstra 2 000 000 kronene var ad også allereie fordelt til søknadar som kom inn til fristen i mars.
Vedtaka
Her er døme på søknadar som utvalet har gitt eit løft i denne runden, fordi dei har levert gode søknadar og gode arbeidsprøver i denne runden:
Musikktidsskriftet Ballade blir av utvalet opplevd som å ha ein redaksjon som tolkar kritikkomgrepet breitt, men også djupt. Utvalet opplever kritikken som internalisert i redaksjonen, og som at det er kritiske nivå i mykje av redaksjonens aktivitetar og innhald.
Josimar er tidsskriftet som, både prosentvis og i kroner, får det største løftet i runden, frå eit produksjonstilskot før innkjøpsstøtte på kr. 500 000 for 2024, til 750 000 for 2025. Utvalet la igjen vekt på det grundige, redaksjonelle arbeidet, og kritikken som er implisitt i alle sjangrar av tekstar. «Eit gedigent danningsprosjekt,» sa eit utvalsmedlem, og viste til kor mange lesarar dette fotballtidsskriftet når ut til, med innhald som ofte held høgt litterært nivå.
Hakapik er eit anna tidsskrift som får eit betydeleg løft i runden, frå 550 000 kroner for 2024, til 700 000 kroner for 2025. Tidsskriftet har, sidan ordninga og nettidsskriftet blei skipa, hatt ein bratt kurve av profesjonalisering, som utvalet meiner at framleis peiker oppover. Dette er eit tiltak som utvalet meiner har respondert spesielt positivt på tilskot, trass dei sosiale risikoane som det kan medføre å drive det einaste magasinet med kunstfagleg kritikk i regionen.
Utvalet la vekt på det geografiske aspektet, at Hakapik har bært mykje av ansvaret for den uavhengige kritikken og essayistikken i regionen. Hakapik var i runden den einaste søkaren nord for Trondheim, noko som utvalet opplever som bekymringsverdig sidan det i desse fylka er eit høgst utvikl a produksjons- og formidlingsapparat. I møte med feltet, fekk fagleg utval for tidsskrift og kritikk inntrykk av at det er eit enormt potensial for eit levande miljø for uavhengig kritikk, og tidsskrift. Utvalet ønsker å gi eit løft for å anerkjenne det arbeidet som gjerast med å forsøke å vere si eiga kritiske offentlegheit i Troms og Tromsø.
Oppfølging av strategiske satsingsområde og mål
Mangfald
Tidsskriftportefølja har alltid representert breitt, og det er utvalets meining at den bidrar til å støtte opp under utvalets strategiske mål om mangfald. Portefølja har eit mangfald av tematikkar, former, skribentar og målgrupper, og forskjellige avsendarar og lesarar, tematikkar og sjangrar, språk og fagfelt. Det blir gitt tilskot til tidsskrift eller podcastar som spesialiserer seg på alt frå arkivstudier eller boligpolitikk, til tidlegmusikk og arkitekturkritikk. Tildelingane gjer at svært mange får tilgang til tidsskrift som ivaretar deira særlege interessefelt. Utvalet er medvitne om at det å tildele til eit mangfald av tidsskrift er demokratiserande.
Rekruttering frå nye miljø, og nye røyster
Rekruttering frå nye miljø og nye røyster er eitt av Kulturrådet sine strategisk mål, som utvalet har fulgt særleg opp dei siste rundane. Utvalet ser etter å ta inn nye søkarar, og i år blei det gitt eit oppstartstilskot til tidsskriftprosjektet Cloaca Maxima, ved den norsk-iranske poeten Mazdak Shafieian. Shafieian er ein røynd tidsskriftredaktør og -essayist, og utvalet har store forventningar til tekstane, til den overordna haldninga i prosjektet, og til den fysiske utforminga av tidsskriftet, som blir ivaretatt av England typografisk verkstad. I første nummer, som er prosjektert for 2025, blir det bidrag frå mellom andre Johan Jönson, Gunnar Wærness, Karin Nygård, Ingrid Nielsen og fleire.
Av søkarane som fekk oppstartstilskot for 2024 i 2023, fekk desse produksjonstilskot også for 2025: Gespenster, Nordisk revy for arkitektur, og kulturplattformen tbatba.no.
Tidsskrift- og kritikkordninga skil seg frå andre ordningar i fondet med at den ikkje utelukkar studenttiltak. Tvert imot så har ein sett at på tidsskrift- og kritikkfeltet er det iblant i studentmiljøa at mykje av den viktige nyskapinga skjer, for relativt magre midlar. Fleire av desse tidsskrifta fekk i denne runden omsøkt beløp: Fortid, Prosopopeia og Bøygen, som tre døme på studenttidsskrift som utvalet ser at held høgt nivå, på sine fagfelt, over tid.
Andre saker
Fagleg utval for tidsskrift og kritikk møtast normalt éin gong i året fysisk. Difor var det òg orienterings- og diskusjonssaker på agendaen. Utvalsleiar og sekretariat orienterte om utvals- og ordningsrelatert arbeid utførd sidan sist utvalet møttest, slik som relevante saker i media, skriving av høyringssvar om endring i forskrift til Medietilsynets produksjonstilskot, innspel til statsbudsjettet 2026, og til rådets kommande strategi, samt innspel som var komme frå feltet til statsbudsjettet. Norsk Tidsskriftforening, Norsk Kritikerlag og Tekstallmenningen – sentral for småforlag og tidsskrift hadde levert eit forslag for tidsskrift og kritikk. Spørsmåla som utvalet stilte til det eksterne statsbudsjettinnspelet, og perspektiva som kom fram i diskusjonen, blei i desember tatt inn i eit møte mellom forslagsstillarane, og utvalsleiar Ida Habbestad, sekretariatet for tidsskrift og kritikk i Kulturrådet, og rådsleiar Sigmund Løvåsen.
Kunnskapsprosjekt
Sekretariatet orienterte om eit kunnskapsprosjekt som blir sett i gong før jul 2024, om administrasjonen av ordninga innkjøp og formidling av kulturtidsskrift i bibliotek. Forskarane Paul Bjerke og Lars Julius Halvorsen gjennomfører undersøkinga, som skal resultere i ein kortare rapport i Q2/Q3 2025.
Om pågåande prosessar i sekretariatet
Det var tre eksterne gjestar til utvalsmøtet, på Teams, frå Kulturdirektoratets lokalar i Oslo. Gjestane introduserte til to diskusjonar. Den første handla om det juridiske handlingsrommet i søknadsvurdering og -forvalting i Norsk Kulturfond, og den første om forvalting av verksemder i fondet.
Spelemidlar
Utvalet disponerte kr. 895 000 av Norsk kulturfonds andel av overskotet frå Norsk Tipping. I og med KUD sine føringar på midlane, blei disse tildelt som prosjektmidlar til Shakespearetidsskriftets dansesatsing, Kritikerlagets teatersalong, til teatervitar Anette Pettersens «Porøse kunstmøter» og til ein andel av Perioskops produksjonstilskot.
Tilstedeverelse
Utvalet vitja Samisk hus, Mondo Books og Tromsø kunstforening, og eit dialogmøte med feltet på utestaden Amtmanden Efth.
Innkjøp av tidsskrift til bibliotek
Fagleg utval for tidsskrift og kritikk sette ei foreløpig ramme lik fjorårets, med 3% auke, for innkjøp og formidling av tidsskrift til bibliotek. Det utgjorde kr. 1 133 000. I etterkant av utvalsmøtet, kom Tekstallmenningens tilråding om å bruke kr. 1 131 877 til innkjøp av abonnement til bibliotek. Utvalet gjorde vedtak om å følgje sekretariatets tilråding om å følgje Tekstallmenningens tilråding, i skriftleg utvalsmøte i desember.
Biblioteka sin interesse for dei respektive tidsskrifta, samt utvalets vedtak om produksjonstilskot eller ikkje, ligg til grunn for vedtakssummane:
Tidsskrift |
Vedtak sum |
Agora |
kr 30 380 |
Aksess |
kr 10 950 |
Arr |
kr 14 620 |
Billedkunst |
kr 16 688 |
BLA |
kr 101 898 |
Fett |
kr 45 500 |
Folkemusikk |
kr 17 000 |
Fotografi |
kr 46 800 |
Gespenster |
kr 750 |
Jazznytt |
kr 22 800 |
Josimar |
kr 78 288 |
Kirke og kultur |
kr 34 533 |
Krabben |
kr 2 000 |
Kunsthåndverk |
kr 32 480 |
Leseplaneten |
kr 45 859 |
Mellom |
kr 2 800 |
Minerva |
kr 91 439 |
Museum |
kr 11 200 |
Musikk og Historie |
kr 4 200 |
NORA |
kr 870 |
Norsk Barneblad |
kr 75 816 |
Norsk Kunstårbok |
kr 3 192 |
Norsk Shakespearetidsskrift |
kr 7 200 |
Numer |
kr 11 310 |
NY TID |
kr 52 140 |
Nytt norsk tidsskrift |
kr 66 672 |
Røyst |
kr 4 400 |
Samtiden |
kr 112 350 |
Syn og Segn |
kr 32 200 |
Tidsskriftet Beijing Trondheim |
kr 600 |
Tidsskriftet Jaja |
kr 1 992 |
Torggata Blad |
kr 15 000 |
Utrop |
kr 67 100 |
Vagant |
kr 27 930 |
Z filmtidsskrift |
kr 42 920 |
|
|
SUM |
kr 1 131 877 |
Hovudtal for runden
Tal på søknadar: 100
Tal på tildelingar: 64
Samla søknadssum, utan innkjøp av tidsskrift til bibliotek: kr. 81 131 167
Samla tildelingssum, inkludert innkjøp av tidsskrift til bibliotek for 2025: 38 704 717
Vedtatte tilsegn for 2025, inkludert innkjøp av tidsskrift til bibliotek for 2025: 26 1147 717**
Vedtatte tilsegn for 2026: 6 572 000*
Vedtatte tilsegn for 2027: 6 018 000*
*Alle tilsegn blir gitt med førehald om Stortingets budsjettvedtak.
**Merk at ein del av ordninga sin avsetting for 2025 allereie er lova bort, som fleirårige tilsegn, i tidlegare utvalsmøte.
Prosess:
-
Søknadsfrist: 3.9.2024 kl. 13:00
-
Vedtak i fagutvalg: 8.11.2024
Søk i tabellen
Søk i tabellen
Søker | Prosjekttittel | Fylke | År | Vedtak | Tilskudd |
---|