Hopp til innhold

AVLYST: Informasjonsmøte om tilskotsordninga for tidsskrift og kritikk

Bodø og omland – sett av datoen! I samband med den årlege utlysinga av tilskot til tidsskrift og kritikk, inviterer Kulturrådet til informasjonsmøte om ordninga.

19. august 2024 kl. 10:00 - 11:00

Legg arrangementet i min kalender

Dronningens gate 18, Bodø

Kulturrådet

Oppdatering 12. august:  På grunn av for få påmelde, ser me oss dessverre nøydde til å avlysa det fysiske arrangementet. Viss du ønskjer å søkja ordninga til kommande frist, og har spørsmål, kan du ta kontakt med seniorrådgivar i Kulturdirektoratet, Mette Karlsvik. Ho kan nåast på mette.karlsvik@kulturdirektoratet.no.

Kulturrådets ordning tidsskrift og kritikk vil for 2024 ha tildelt nesten 30 millionar kroner til redaksjonar og enkeltskribentar som jobbar innanfor tidsskrift- og kritikkfeltet. Men lite av dette går til søkjarar med base i Nordland fylke, og slik har det vore lenge. Det er få søkjarar frå fylket, ofte ingen. 

Me oppmodar alle som skaper og/eller publiserer innhald av det meir grundige, djuptpløyande og kritiske segmentet av offentlegheita til å møta opp, for informasjon og moglegheita for å stilla spørsmål. 

Informasjonsmøtet kjem i samband med årets utlysing av produksjons-, prosjekt-, og arrangementstilskot for 2024. Typiske søknader som kjem til ulysningen, er for drift av tidsskrift, programmering av arrangement som tematiserer eller praktiserer kritikk og anmelderi, eller utprøvingsprosjekt innanfor tidsskrift- og kritikkfeltet. 

Neste søknadsfrist er 3. september 2024 kl. 13.00.

Påmeldingsskjema finn du her

Program

  • Innleiing om Kulturrådets tilskotsordning tidsskrift og kritikk v/ seniorrådgivar i Kulturdirektoratet, Mette Karlsvik
  • Spørsmål og samtale

Les meir om ordninga tidsskrift og kritikk her