Rekordhøge søknadstal for visuell kunst i Kulturrådet
Kulturrådet opplevde i 2023 ein auka i talet på søknader til tilskotsordningane for visuell kunst. Det skapte store utfordringar for utvala.
Årsoppsummeringa for visuell kunst 2023 presenterer tal, tendensar og utviklingstrekk frå Kulturrådets ordningar for visuell kunst. Formålet er å styrkja kunnskapen om rådet og leggja betre til rette for dialog med søkjarane og aktørane på feltet.
– Det har vore ein stor auke i talet på søknader i 2023. Det er gledeleg og viser eit høgt aktivitetsnivå i det visuelle kunstfeltet. Men stadig fleire søknader representerer også ei utfordring. Utvala må gjennomføra svært krevjande prioriteringar. Det er mange prosjekt og verksemder som held høg kvalitet, men som likevel ikkje får støtte, seier fagansvarleg for visuell kunst i Kulturdirektoratet, Jonas Ekeberg.
Ei tilskotsordning skil seg ut
Kulturrådet hadde i 2023 seks tilskotsordningar for visuell kunst og eit budsjett på 88 millionar kroner til fordeling. Det kom inn 1704 søknader. 639 prosjekt og verksemder fekk tilskot.
Tilskotsordninga prosjektstøtte for visuell kunst har hatt den største prosentvise auken i talet på søknader. Ordninga er eit av dei viktigaste statlege verkemidla for å sikre mangfaldet av frie visuelle kunstuttrykk over heile landet. Talet på søknader til denne ordninga auka med 39 prosent, frå 857 i 2022 til 1190 i 2023.
Dei to fagutvala for visuell kunst kunngjorde våren 2023 ein ekstraordinær runde med tilskot til prosjektet mangfald i det visuelle kunstfeltet. Ramma var på tre millionar kroner. Det kom inn 170 søknader. 25 søkjarar fekk tilskot. Prosjekta skal gjennomførast innan to år. Hausten 2025 blir tilskotsmottakarane invitert til å presentera resultata på eit seminar i regi av Kulturrådet.
Høgaste besøkstal sidan 2014
Rapporten fortel også om utvikling og tendensar i det visuelle kunstfeltet utanfor Kulturrådet. Både Fond for lyd og bilete og Kunstsentrene i Noreg fortel om rekordstor søknadspågang i 2023. Fond for lyd og bilete fekk 183 søknader, medan kunstsentera fekk 384 søknader.
Dei siste besøkstala frå kunstmusea viser at 1,5 millionar besøkjande løyste billett til norske kunstmuse i 2022. Dette er ein rekord. Besøkstala er dei høgaste sidan målingane starta i 2014.
Kunstsalet, det vil seia marknaden for nolevande norske kunstnarar, gjekk derimot noko ned frå 1,2 milliardar kroner i 2021 til i underkant av 1,1 milliard kroner i 2022. Årsaka kan vera at 2021 var eit spesielt godt år på grunn av ekstraordinære innkjøpsmidlar til musea og restriksjonar på mellom anna reiser og bruk av andre typar kultur under koronapandemien.
Stor avstand mellom store og små kunstinstitusjonar
Kulturrådets årsoppsummering for visuell kunst 2023 viser eit felt med sterkt auka aktivitet. Det er likevel ein stor avstand mellom dei store musea og dei små institusjonane og mellom kunstnarane som sel mykje, og dei som har låg inntekt. Det er ein utfordrande situasjon.
Kulturrådet har sett i gang eit større forskingsprosjekt for å kartleggja endringane i feltet. Me skal evaluera tilskotsordningane og undersøkja korleis dei best kan innrettast for å styrkja produksjon og formidling av visuelle kunst i heile landet.