Nytt forskingsprogram skal undersøke befolkninga sine kulturvanar
Kulturrådet lyser ut forskingsmidlar til programmet «Kulturbruk, publikum og deltaking» som skal undersøke kulturvanane til befolkninga og kulturell åtferd i ulike samfunnsgrupper. Søknadsfristen er 17. februar 2025.
Kulturrådet inviterer forskarar til å søke om midlar til det nye forskingsprogrammet «Kulturbruk, publikum og deltaking». Programmet har som mål å gje djupare forståing av kunst- og kulturopplevingar blant ulike samfunnsgrupper, og å få betre innsikt i kulturbrukaren si rolle i kultur- og samfunnsliv. Det er særleg fokus på gruppene som tilsynelatande ikkje er aktive kulturbrukarar.
– Eit av måla til Kulturrådet er å bidra til at kunst- og kulturuttrykk blir gjort tilgjengelege for flest mogleg. For å oppnå dette treng vi djupare innsikt i dei som brukar kulturen – og i dei som fell utanfor, seier Ragnhild Torvanger Solberg, prosjektleiar for forskingsprogrammet og seniorrådgivar i avdeling for kulturanalyse ved Kulturdirektoratet.
Prosjektperioden er 2025–2028, og inntil kr 10 000 000 blir lyst ut, fordelt på to delprosjekt.
Del 1: Underrepresenterte grupper og kulturvanar
Her blir det lyst ut tilskot til eitt stort forskingsprosjekt, med ei ramme på inntil 6 millionar kroner. Prosjektet skal gjennomførast av eit forskingsmiljø eller ei forskargruppe og fokusere på å auke kunnskapen om og forståinga av underrepresenterte grupper og deira kulturvanar, i tillegg til andre samfunnsgrupper sine kulturvanar. I denne delen av programmet skal ein identifisere, skildre og analysere desse kulturvanane og utforske korleis ulike omgrep påverkar tolkingar og framstillingar av vanane. Særleg aktuelle er vanane – eller mangelen på registrerte vanar – til den såkalla ikkje-brukaren.
Del 2: Kulturbrukaren i kultur- og samfunnsliv
Her blir det lyst ut tilskot til fleire mindre forskingsprosjekt, kvart med ei ramme på inntil 500 000 kroner. Inntil åtte prosjekt vil få tilskot. Prosjekta kan gjennomførast av individuelle forskarar eller mindre forskarteam og legg vekt på korleis kunnskap og diskusjonar om kulturbruk inngår i kultur- og samfunnslivet.
Det er fleire viktige tema å utforske i denne delen, særskilt knytt til deltaking og tilgjengelegheit. Det vil blant anna vere relevant å sjå på legitimering og kritikk av offentleg finansiert kultur, effektar av kultur både innanfor og utanfor kultursektoren, auka mangfald blant kulturbrukarane, og samanhengar mellom kulturvanar og demokratisk ordskifte.
For begge delutlysningane er det krav om forskingskompetanse (doktorgrad eller tilsvarande) innanfor relevante fagområde for prosjektleiar og sentrale prosjektdeltakarar.
Ønskjer særleg tverrfaglege studiar
Solberg ønskjer seg særleg tverrfaglege studiar og grundige refleksjonar kring metodar, omgrep og forståingar som blir brukte i møte med kulturvanane til ulike samfunnsgrupper.
– Vi treng meir kunnskap om kva betydning kunst og kultur har i folk sine liv, og kva motivasjonar, interesser og opplevingar som ligg bak befolkninga sine kulturvanar og kulturelle val, understrekar ho.
– Kulturbruken i Noreg er lite studerte
Programmet er ein del av Kulturrådet sitt arbeid med langsiktig og grunnleggande kunnskapsdanning om kultursektoren. Målet er at forskingsprogrammet «Kulturbruk, publikum og deltaking» skal kunne gje forskingsbasert kunnskap som er relevant både for kulturforvaltinga, kultursektoren og forskings- og utdanningssektoren.
- Undersøkingar av kunst- og kulturbruk kan gje inntrykk av at den slags er noko som særleg interesserer folk med høgare utdanning. Men har vi oversikt over korleis kunst og kultur brukast? Nei. Viktige sider ved kunst- og kulturbruken i Noreg er lite studerte, seier Arild Danielsen.
Han er utvalsmedlem i Kulturrådet sitt faglege utval for forsking.
Forskingsutvalet er programstyre for forskingsprogrammet og vil følgje prosjektet tett, blant anna gjennom jamlege arbeidsseminar. Gjennom denne forskingssatsinga ønsker forskingsutvalet og Kulturrådet å bidra til at kulturvanemålingar blir så presise som mogleg og å diskutere samanhengen mellom kulturbruk, måling av kulturvanar og utforminga av kulturpolitikken på nye måtar.
Ny rapport belyser kunnskapsgap
Den ferske konferanserapporten «Tverrfaglege perspektiv på kulturbruk, publikum og deltaking», blir publisert i samband med utlysing av forskingsmidlane. Rapporten samanfattar innsikter frå eit arbeidsseminar i 2023 med mål om å identifisere kunnskapsbehov før det komande forskingsprogrammet.
Åtte forskarar frå ulike fagfelt diskuterte mellom anna kven som fell utanfor dagens målingar av kulturbruk og kvifor dette skjer, og kva for kulturelle uttrykk som går under radaren. Vidare peiker på utfordringar som metodiske manglar, snever terminologi, og hindringar for ei breiare inkludering i kulturlivet. Rapporten gjev eit solid kunnskapsgrunnlag for vidare forsking og metodiske forbetringar.
Søknadsfrist og vidare informasjon
Søknadsfristen til forskingsprogrammet er 17. februar. Planlagt oppstart er august 2025. Sjå utlysinga for meir informasjon om økonomiske og formelle rammar, organisering og søknad.
Les meir om forskingsprogrammet og korleis du søker her
Les konferanserapporten «Tverrfaglege perspektiv på kulturbruk, publikum og deltaking» her