Digitale plattformar gjev kunsten nye dimensjonar
Digitale plattformar får stadig større betydning for korleis kunst og kultur produserast, formidlast og brukast, viser ny bok.
Digitale plattformar som musikkstrøymetenestar og sosiale medium gjer det lett å skape, dele og bruke kunst og kultur. Samstundes set plattformene rammer for kva slags innhald ein kan dele, og kva ein faktisk kan seie og gjere. Plattformene sin påverknad er difor ikkje uproblematisk. Dette kjem fram i artikkelsamlinga Estetiske praksiser i den digitale produksjonens tidsalder.
Å forstå digitaliseringa er å forstå samtida
Å forstå korleis digitalisering pregar kunsten og kulturen, handlar om å forstå korleis digitaliseringa pregar samfunnet vi er ein del av. Dei seinare åra har det kome fleire kritiske perspektiv på digitaliseringa, ikkje berre i forskinga, men også i sjølve kunsten.
Medieforskar Eivind Røssaak har studert verka til den amerikanske, Stavanger-busette kunstnaren Cory Arcangel, som har vore ein av pionerane innan digital mediekunst.
– Eg ser på korleis Arcangel nyttar digitale teknikkar og medium som reiskap for å undersøkje og kritisere den digitale infrastrukturen, inkludert sosiale medium og dei økonomiske systema som desse teknologiane er ein del av. Kunstnaren fungerer her som ein «hackar». I eit av dei mest kjende verka hans, "Super Mario Clouds", har Arcangel «brote seg inn i» og modifisert eit kjent dataspel frå Nintendo. Slik skapar han nye måtar å lage kunst på, forklarar Røssaak.
Redaktørar for boka er Knut Ove Eliassen, litteraturprofessor ved NTNU, samt Anne Ogundipe og Øyvind Prytz som begge arbeider i Kulturrådet si avdeling for kulturanalyse. Dei er opptekne av å vise at «digitalisering» i kunst- og kultursektoren ikkje berre er éin ting.
– Tvert imot består den av eit mangfald av små og store prosessar, små og store teknologiar og medium som takast i bruk på ei rekkje ulike måtar. Sånn sett er «digitalisering» eit ullent omgrep. Det tilslører like mykje som det forklarar. Artiklane i boka tilbyr ei brei vifte av modellar, perspektiv og omgrep som gjer det mogleg å reflektere over endringane i rollene, verkemåtane og betydninga til kunst og kultur innan ulike delfelt, seier Anne Ogundipe.
Instagram som arena
Litteraturvitaren Hans Kristian Strandstuen Rustad ser nærare på ein litterær sjanger som er blitt særs populær i løpet av kort tid; nemleg instagramdikt. Til dømes har Instagram-forfattaren Rupi Kaur over fire og ein halv million følgjarar, medan norske Trygve Skaug har over to hundre tusen. Enkelte litteraturkritikarar har kommentert at dikt som fungerer på Instagram, ikkje nødvendigvis fungerer like godt i bokformat.
– Dette heng saman med media sin eigen logikk. Media har betyding for korleis vi forstår dikta. Den raske lesemåten som Instagram legg opp til, krev dikt som ein ikkje treng å dvele ved, og som ein ikkje må lese fleire gonger for å forstå, seier Rustad.
Moteforskarane Synne Skjulstad og Ida Eritsland skriv om korleis klesdesignarar nyttar Instagram som arena. Dette er designarar som oppheld seg i skjeringspunktet mellom moteindustri og kunstfelt. Instagram gjer det mogleg for dei å overskride faglege, institusjonelle og geografiske grenser.
– Via Instagram kan designarar byggje nettverk både lokalt og internasjonalt. Digitale plattformar skapar altså nye moglegheiter for formidling, men dei set også spor etter seg i dei kunstnariske og kulturelle uttrykka. Instagram påverkar mellom anna kor ofte og kva slags innhald designarane publiserer, ifølgje artikkelforfattarane.
Kunst og kultur i ei digital tid
Nesten all kunst og kultur nyttar i dag digitale teknologiar og medium på eit eller anna tidspunkt i prosessen frå produksjon via formidling til bruk. Det gjev difor ikkje like god meining lenger å skilje mellom «analog» og «digital» kultur – sjølv ikkje i vårt møte med fysiske objekt som eit maleri eller ei bok.
– Når vi deler eit bilete frå ei kunstutstilling på Instagram eller tilråder ei bok på Facebook, bidreg vi til å veve den analoge kunsten inn i ei digital verd, seier Øyvind Prytz.
Teaterregissør og professor Tore Vagn Lid er blant dei som undersøkjer korleis digitaliseringa av kvardagslivet har betydning for kunsten.
– Scenekunsten kan ikkje late som om den digitale verkelegheita ikkje finst. I fleire av framsyningane mine har eg utforska korleis digitale medium verkar inn på «analoge» situasjonar. Det er det eg kallar «analogiseringa av det digitale». I framsyningane mine utforskar eg teknikkar som bryt med den tradisjonelle førestillinga om at scenekunsten alltid utfaldar seg her og no – i same rom og på same tid, utdjupar Lid.
Nedstengingane under pandemien bidrog til å sette fart på digitaliseringa for mange, og fleire av artiklane i boka undersøkjer nettopp dette. Mellom anna utforskar sosiologen Hendrik S. Spilker og medievitarane Yngvar Kjus og Håvard Kiberg betydninga til dei såkalla strøymekonsertane. Kunst- og medievitarane Susanne Østby Sæther og Caroline Ugelstad ser på korleis visuell kunst vart distribuert og formidla gjennom – men dimed også prega av – dataskjermar og sosiale medium.
– Pandemien tvang kunsten og kulturen over på digitale plattformar. Dette fekk naturlegvis store konsekvensar for mange aktørar i kultursektoren. Det vart samstundes tydeleg at ein stor del av kulturbruken allereie var digital – berre tenk på musikkstrøyming og dataspel. Like mykje som å representere eit brot med det gamle, medverka koronanedstengingane til å forsterke ei utvikling som allereie hadde skjedd over fleire tiår, seier Knut Ove Eliassen
Viktig kunnskap
Jorunn Veiteberg, rådsmedlem og leiar av Kulturrådet sitt FoU-utval, er glad for boka som no er ferdigstilt, og håpar at den vil nå ut til eit breitt spekter av interesserte lesarar.
– Det er viktig å forstå korleis digitale teknologiar og medium endrar produksjon, formidling og bruk av kunst og kultur. Dette har vore ei stor satsing frå Kulturrådet, og forskinga vil bidra til å tydeleggjere det estetiske moglegheitsrommet som digitaliseringa opnar, men også utfordringane den utstrekte bruken av digitale teknologiar fører med seg. Ikkje minst for kulturpolitikken, seier Veiteberg.
Fakta om boka
- Artikkelsamlinga "Estetiske praksiser i den digitale produksjonens tidsalder" spring ut frå Kulturrådet si forskingssatsing Digital kultur, estetiske praksiser, som vart sparka i gang med ein stor oppstartskonferanse i Trondheim i 2019. Den ferdige boka samlar til saman sytten bidrag frå ei rekkje norske og internasjonale forskarar.
- I tillegg til midlar frå Norsk kulturfond, har forskingssatsinga blitt finansiert av Kultur- og likestillingsdepartementet. Boka er fagfellevurdert og blir gjeve ut av Fagbokforlaget i Kulturrådets bokserie.
- Bidragsytarar i boka: Ellen Foyn Bruun, Knut Ove Eliassen, Ida Eritsland, Lykke Harmony Alara Guanio-Uluru, Aina Landsverk Hagen, Pepita Hesselberth, Ingeborg Hjorth, Ole Marius Hylland, Per Israelson, Håvard Kiberg, Yngvar Kjus, Ingvild Hagen Kjørholt, Bård Kleppe, Tore Vagn Lid, Sara Berge Lorenzen, Insa Müller, Anne Ogundipe, Elena Pérez, Øyvind Prytz, Hans Kristian Strandstuen Rustad, Eivind Røssaak, Synne Skjulstad, Hendrik Storstein Spilker, Anette Homlong Storeide, Susanne Østby Sæther, Nanna Bonde Thylstrup, Ingrid M. Tolstad, Caroline Ugelstad.