Stor interesse for samisk kunst og kultur, men svak økonomi hindrar samarbeid
Ein ny rapport viser at kulturverksemder over heile landet arbeider med samisk kunst og kultur. Men samiske aktørar som kan hjelpe fleire verksemder med å satse på samisk kunst og kultur, blir hindra av svak økonomi og liten kapasitet.
264 kulturverksemder har svart på ei undersøking frå Kulturdirektoratet, Sametinget og Samerådet om korleis dei arbeider med samisk kunst og kultur. Litt over halvparten av verksemdene som ikkje er samiske seier at dei har programmert eller formidla samisk kunst og kultur det siste året.
– Sannings- og forsoningskommisjonen understrekar kunst- og kulturverksemders rolle i forsoningsarbeidet og oppmodar verksemdene til å bidra til å synleggjere, ta vare på og formidle samisk kunst og kultur. Eg er glad for at undersøkinga vår viser at mange kulturverksemder i Noreg arbeider med samisk kunst og kultur, og at dei gjer det fordi dei synest det er kunstnarisk interessant, seier direktør i Kulturdirektoratet Kristin Danielsen.
Les rapporten: Kartlegging av arbeid med samisk kunst og kultur i kulturvirksomheter i Norge
Rapporten vart lansert 19. april med panelsamtalar med oppdragsgivarar og kulturverksemder.
Sjå opptak frå lanseringa her.
Eit kollektivt ansvar
Undersøkinga tyder på at det blæs ein samisk vind over det norske kulturlandskapet. Både internasjonale straumdrag, samepolitiske saker i Noreg og ikkje minst rapporten frå sannings- og forsoningskommisjonen blir nemnd som årsaker til engasjementet for å arbeide med samisk kunst og kultur. Samtidig seier 40 prosent av verksemdene som ikkje er samiske at dei ikkje reknar det som relevant å jobbe med samisk kunst og kultur.
– Kulturverksemder er kunnskapsstader og møteplassar som er med på å definere vår historie, samtid og framtid. Ved sida av Sametinget, har kulturpolitikken, offentleg forvaltning og kulturverksemder eit ansvar for å ta vare på, utvikle og formidle samisk kunst og kultur. At utstillingar, oppsetjingar, program og publikasjonar rommar mange og ulike stemmer er ein føresetnad for eit samfunn rikt på kunst og kultur, seier Danielsen.
Svak økonomi hindrar meir samisk samarbeid
Mange kulturverksemder peikar på at samarbeid med samiske aktørar kan gi dei nødvendig kunnskap og kompetanse til å satse meir på samisk kunst og kultur. Undersøkinga viser òg at samiske verksemder i aukande grad fungerer som rådgivarar for andre verksemder, men dei er gjennomgåande små, med svak økonomi og liten kapasitet til å drive samarbeid.
– Samiske kulturinstitusjonar- og aktørar er gode bidragsytarar til slike samarbeid, men då er det heilt nødvendig å styrkje rammene og ressursane deira slik at dei blir sette kapasitetsmessig i stand til å kunne komme den auka interessa i møte og ønskjer om samarbeid, i tillegg til å vareta kjerneoppgåvene sine, seier sametingsråd for kultur Maja Kristine Jåma.
Leiar for kulturavdelinga i Samerådet, Christina Hætta er spent på gjennomgangen av støtteordningane for samiske kunst- og kulturverksemder som regjeringa varsla om i kulturmeldinga «Kunstnarkår» (2023).
– Ein slik gjennomgang er rett startstad for å kartleggje og styrkje vilkåra for likeverdige samarbeid mellom samiske kulturverksemder og andre delar av sektoren, seier Hætta.
Vurderer tilrådingar
Rapporten foreslår fleire tiltak som kan auke kunnskap og byggje nettverk om samisk kunst og kultur, mellom anna ein kunnskapsbank og eit kompetanseprogram, og fleire arenaer for formidling og nettverksbygging. Det er òg eit behov for meir kunnskap og data.
– Kulturdirektoratet fortset samarbeidet med Sametinget og Samerådet om tilrådingane som kjem fram i rapporten. Vi vurderer òg tilrådingane opp mot stortingsbehandlinga av rapporten frå sannings- og forsoningskommisjonen seinare i år, seier Kristin Danielsen.
Fakta om undersøkinga
- Proba samfunnsanalyse har gjennomført ei undersøking av korleis samiske og andre kulturverksemder over heile landet arbeider med samisk kunst og kultur. Kulturdirektoratet er oppdragsgivar i samarbeid med Sametinget og Samerådet.
- 599 kulturverksemder, blant desse 39 samiske verksemder, fekk tilsendt undersøkinga. 264 svarte på ho. Verksemdene får tilskot til drift av ein viss storleik innan felta musikk, litteratur, scenekunst, visuell kunst, museum og kulturarv. I tillegg er det gjennomført intervju med representantar frå 13 verksemder, blant dei samiske verksemder.
- Undersøkinga gir innsikt i korleis kulturverksemdene arbeider med samisk kunst og kultur, kva dei legg vekt på i arbeidet og i kva grad ulike verksemder samarbeider om samisk kunst og kultur. Den klargjer også kompetansen for verksemdene på samisk kunst og kultur, og relevante kompetansehevingstiltak.
- Rapporten er tilgjengeleg på norsk og nordsamisk.