Hopp til innhold
Statistikk

Statistikk for museum 2021

Kulturrådet samlar inn, behandlar og publiserer statistikk frå norske museum. Det er eit nært samarbeid med Statistisk sentralbyrå, og museumsdata går inn i Noregs offisielle statistikk.

$imageText.getData()

Statistikk 2021 for norske museum blei samla inn i februar og mars 2022 og femner om museum med minst eitt fast årsverk i 2021.

Museumsstatistikken skal gi eit oversyn over norske museum, og syner informasjon om museumsinstitusjonane, besøk og tilgang, formidling og utstillingar, forsking og samarbeid, forvalting av bygningar og samlingar. Talmaterialet femner om i alt 106 museum. Av desse fekk 69 museum driftstilskot frå Kultur- og likestillingsdepartementet. Dei 37 andre musea er mellom anna samiske museum, kommunale museum, universitetsmuseum og museum under andre departement.

Talet på museum som rapporterer varierer litt frå år til år. For musea under Kultur- og likestillingsdepartementet heng statistikkrapporteringa saman med det årlege søknads- og rapporteringsarbeidet til departementet, og ev. endringar for denne delen av populasjonen skjer i hovudsak berre om tidlegare sjølvstendige  museumseiningar blir slegne saman.

I den andre gruppa museum er nokre av dei små musea litt ustabile med innrapportering slik at dei fell ut innimellom.

Rapporten er konsentrert om fem område. Den første delen omtalar drift, organisasjonsform, økonomi og tilsette. Så følgjer presentasjon av publikumstal og tilgang til musea. Dei neste delane gir informasjon om tre av kjerneoppgåvene til musea: formidling, forsking og forvalting. Til slutt følgjer fylkesvise tabellar for ulike delar av drifts- og fagansvar.

Om publikasjonen

Statistikk for museum 2021

Kulturrådet

2022
978-82-8105-164-5