Retningslinjer for avhending
Prioritering, avhending og destruksjon av kulturhistoriske museumsgjenstandar
Forslaget til retningslinjer er meint som ei praktisk forlenging av ICOMs museumsetiske regelverk og SPECTRUM standard for samlingsforvaltning. I mangel på museumslov kan retningslinjene ikkje vere meir enn ei rettleiing for korleis ein kan gå fram i ein prioriteringsprosess. Dei etiske problemstillingane som fins på dette feltet er først og fremst formulert av ICOM, men det einskilde museet må også sjølv gjere sine etiske vurderingar og drøftingar ut frå eigne problemstillingar.
Det er ikkje gjort tilråding om bruk av spesifikke metodar for å gjennomføre prioriteringsprosessar. Det fins fleire ulike verktøy ein kan nytte i arbeidet, og kvart museum må vurdere kva som eignar seg best for deira situasjon.
Om publikasjonen
Retningslinjer for avhending |
|
Kulturdirektoratet |
|
2015 | |
978-82-8105-110-2 |