Hopp til innhold
Bokserien

Kvalitetsforståelser. Kvalitetsbegrepet i samtidens kunst og kultur

Kva legg vi i omgrepet kvalitet, og korleis vert det nytta i ulike fagkrinsar og –miljø? Det er nokre av spørsmåla vi får svar på i antologien som er den fyrste boka i forskingssatsinga Kunst, kultur og kvalitet.

$imageText.getData()

Antologien inneheld bidrag frå ti forskarar og fagpersonar frå ulike fagområde og forskingsmiljø.

Dei ti artiklane drøftar kvalitetsomgrepet frå ei rekkje ulike perspektiv. Nokre av artiklane har eit overordna blikk på kvalitet som byråkratisk, politisk, filosofisk og kulturkritisk term. Andre ser nærare på bruken av kvalitetsomgrepet i meir spesifikke kontekstar.

Boka er redigert av professor i litteraturvitskap ved NTNU Knut Ove Eliassen og prosjektleiar for «Kunst, kultur og kvalitet» i Kulturrådet, Øyvind Prytz. 

Om publikasjonen

Kvalitetsforståelser. Kvalitetsbegrepet i samtidens kunst og kultur

Kulturrådet

Knut Ove Eliassen og Øyvind Prytz (red)
Frederik Tygstrup, Brita Brenna, Stian Grøgaard, Odd Are Berkaak, Bernhard Ellefsen, Anne Danielsen, Tore Vagn Lid, Knut Oterholm, Linnéa Lindsköld, Knut Ove Eliassen
2016