Kunstnardrivne visningsrom. Årestadar for ny kunst
Evaluering av kva verknader prøveordninga med driftsstøtte til kunstnarstyrte visningsstadar har hatt.
Siste tiåret har det oppstått mange kunstnardrivne visningsstadar i Noreg. Dei er blitt anerkjende som viktige og vitale årestadar for visning og produksjon av ny kunst. Men kva inneber det å vera kunstnardrive eller sjølvorganisert? Kva skil dei frå meir etablerte institusjonar og kommersielle galleri? Er dei å rekna som eit alternativ eller eit supplement?
I 2010 oppretta Kulturrådet ei prøveordning med driftsstøtte til fem utvalde visningsstadar. I denne boka blir verknaden av ordninga diskutert gjennom ei grundig skildring av dei aktuelle visningsstadane: Kurant og Small Projects i Tromsø, Entrée i Bergen og Dortmund Bodega og 1857 i Oslo.
Denne boka kan lesast både som eit bidrag til norsk samtidskunsthistorie og som ei vurdering av driftsstøtta si betydning.
Om publikasjonen
Kunstnardrivne visningsrom. Årestadar for ny kunst |
|
Kulturrådet |
|
Jorunn Veiteberg | |
2017 | |
978-82-7081-182-3 |