Opent for nominasjonar til Noregs dokumentarv
No kan du nominera dokument, arkivseriar eller arkiv til Noregs dokumentarv. Nominasjonsfristen er 10. juni 2022.
Noregs dokumentarv er den norske delen av UNESCOs Memory of the World-register. Noregs dokumentarv skal synleggjere kulturarv i Noreg i form av mellom anna dokument, arkiv, manuskript, foto, film og lyd. Alle typar medium kan nominerast til registeret, både digitale og ikkje-digitale.
Sjå kva dokument som er innførte i Noregs dokumentarv
Den norske komitéen for verdas dokumentarv opnar no for ein ny runde nominasjonar for å supplera Noregs dokumentarv-registeret som vart lansert i 2012. Fram til 10. juni 2022 kan du nominera dokument, arkivseriar eller arkiv, samlingar eller deler av samlingar til Noregs dokumentarv.
Ønskjer nominasjonar av kvardagsliv
Noregs dokumentarv har få oppføringar som viser korleis folks kvardagsliv er dokumentert. I 2022 ønskjer komitéen difor spesielt nominasjonar om kvardagsliv i arkiv og samlingar, som på same måte som store felles hendingar kan aktualisera kor viktig dokumentarven er for oss, og som kan minne oss om kven vi er.
– Vi ønskjer oss nominasjonar som fortel noko om vår nære og meir fjerne fortid. Som seier noko om kvardagslivet til dei som bur i Noreg, til dømes frå foreiningslivet eller barnekulturen, kricketlaget eller fritidsklubbane, matkultur, turisme eller reiseliv. Det er berre fantasien som set grenser for kva som kan dokumentere kvardagslivet, seier leiar for den norske komitéen Synne Stavheim.
I tillegg ønskjer komitéen nominasjonar innanfor markeringa av Skeivt kulturår 2022 og innanfor urfolk og minoritetar. Komitéen tar òg imot opne nominasjonar, men periodar og tema som er godt dekte i registeret vil ikkje bli prioritert.
Kva dokument som blir teke opp i Noregs dokumentarv i år, blir kunngjort seinhausten 2022.
Slik nominerer du
- Du må nominere i det elektroniske nominasjonsskjemaet vårt. Nominasjonar som ikkje blir sende inn gjennom det elektroniske skjemaet, blir ikkje vurdert.
- For å få tilgang til skjemaet, må du logge inn i ACOS-systemet eller opprette ny brukar.
- Det er viktig å lesa søkarrettleiinga før du byrjar å fylle inn det elektroniske skjemaet, og vi anbefaler alle å orientera seg om kva innførslar som allereie finst på Noregs dokumentarv.
- Husk å lagre det elektroniske nominasjonsskjemaet på di eiga datamaskin før du sender det inn, i tilfelle noko skulle gå gale undervegs.
Last ned søkarrettleiing (PDF)
Informasjon på nord-samisk
Nominasjonsskjemaet og søkarrettleiinga er òg tilgjengeleg på nord-samisk. Merk at du likevel må nytta det norskspråklege elektroniske nominasjonsskjemaet, og at dette må fyllast ut på norsk/skandinavisk.
Nord-samisk utgåve av søkarrettleiinga (PDF)
Nord-samisk omsetjing av nominasjonsskjemaet (PDF)
Meir informasjon
Noregs dokumentarv på Facebook
Sjå kven som sit i Den norske komitéen for verdas dokumentarv