Skoleprotokollar frå 1800-talet
Skoleprotokollane representerer ein viktig kjeldetype frå kommunal sektor og dokumenterer ein offentleg og obligatorisk skule i ein tidleg fase.
Arkivmaterialet speglar viktige tiltak i skulehistoria med omgangsskulane som inngang til utdanning. I tillegg har protokollane ein viktig tilleggsfunksjon ved å gje innblikk i barns oppvekstforhold med utfyllande bilete av enkeltpersonars liv og regionale særtrekk.
Til oppføringa inngår:
- Skoleprotokollar frå Målselv kommune 1869-1885 med dokumentasjon av omgangsskulen i eit kolonisamfunn
- Skoleprotokollar frå indre Vest-Agder 1828-1914 med dokumentasjon av barnevandrarane
Oppføringa kan utvidast med materiale som dokumenterer andre sider ved grunnskulevesenet.
Meir informasjon om skoleprotokoller frå Målselv hjå Interkommunalt arkiv Troms.
Meir informasjon om skoleprotokollar frå Vest-Agder hjå Interkommunalt arkiv i Vest-Agder
Nominasjon av Skoleprotokollar frå Målselv kommune 1869-1885 (pdf)
Nominasjon av Skoleprotokollar frå indre Vest-Agder 1828-1914 (pdf)