Arkivet etter slekten Aall på Ulefos Hovedgaard ca. 1660-1900
Aall-slekta var sentral i tidleg norsk industri- og handelshistorie innan bergverk, sagbruk og skipsvesen, i ein periode der handelsmessige og politiske tilhøve i Noreg gjekk gjennom store endringar.
Arkivet , skapt av medlemer av familien Aall frå godset kom i familiens eige, dokumenterer bedriftshistorie heilt tilbake til 1600-talet og er ei unik kjelde til kunnskap om framveksten av Ulefoss, ein tidleg industristad i norsk historie. Brevsamlinga etter statsråd Niels Aall gjev opplysningar om politiske tilhøve før og etter Riksforsamlinga i 1814.
Arkivet er ei rik kjelde til kunnskap om industriell, politisk, økonomisk, sosial og kulturell historie i ein viktig periode i Noregs historie.
Meir informasjon om arkivet hjå Telemark museum.
Nominasjon av Arkivet etter slekten Aall på Ulefos Hovedgaard ca. 1660-1900 (pdf)