Gulatingslova nominert til verdas dokumentarv
Den eldste kjende og bevarte lovsamlinga i Norden er nominert til UNESCOs verdsminneregister – Memory of the World. Frå før er dokumentet skrive inn på registeret over Noregs dokumentarv.
Gulatingslova er det einaste bevarte og komplette mellomalderhandskriftet vi har av ei norsk landskapslov. Ho syner korleis det norske samfunnet var organisert og fungerte i vikingtid og mellomalder. Lova representerer starten på statsdanninga her i landet.
Anne Hopland er dagleg leiar for Gulatinget, ho var med på å nominere Gulatingslova.
– Eg håpar dette kan gjere nordmenn meir bevisste på den lange rettstradisjonen Noreg har. Vi er eit land som var tidleg ute med å etablere eit samfunn som var tufta på lov og rett, fortel Hopland.
Tingstad og lovbok
Tinget var politisk forsamling, lovgjevande og dømande makt. Gulatingslova var ei av fire landskapslover i Noreg i mellomalderen. Dei andre var Frostatings-, Eidsivatings- og Borgartingslova. Desse lovene gjaldt fram til dei blei avløyste av Magnus Lagabøte si Landslov i 1274. Det var den første lova som skulle gjelde for heile landet.
Gulatingslova er delt inn i bolkar med tema som arv, odel, kjøp og sal, landleige, strafferett og forsvar. Lova sikra bøndene stor grad av autonomi og sjølvstyre, og var på det området unik i europeisk rettshistorie.
Oppbevart i København
Gulatingslova blir oppbevart på Det Kongelige Bibliotek i København. Der hamna ho etter at Christian Rantzau donerte lovboka til biblioteket i 1731. Rantzau var dansk statthaldar i Noreg.
Denne såkalla Rantzau-boka er datert til slutten av 1200-talet. Det finst eldre manuskript frå Gulatingslova, men dette er den einaste komplette utgåva. Gulatingslova er på nær 200 sider, er skriven på norrønt og med gotisk handskrift. Ho er digitalisert og tilgjengeleg på nett.
Nominert til Paris
No skal ein komité av 14 ekspertar i Paris avgjere om Gulatingslova skal førast opp i verdsminneregisteret. Dei andre norske oppføringane er Henrik Ibsens Eit Dukkehjem, arkiva frå Roald Amundsens sørpolekspedisjon, Sophus Tromholts fotosamling, Lepraarkiva i Bergen, arkiva etter Thor Heyerdahl og dei Castbergske barnelovene.
Les meir om dei norske dokumenta i registeret
Memory of the World-registeret vart oppretta i 1992, som eitt av fleire UNESCO-program for å gje eit nødvendig løft for å synleggjere og redde kulturarven. I Noreg heiter registeret Noregs dokumentarv. Memory of the World er ikkje ein konvensjon, men kan knytast opp til fleire konvensjonar, som til dømes Verdsarvkonvensjonen frå 1972 og UNESCOs konvensjon om vern av immateriell kulturarv frå 2003.