Tverrfaglege tilskott over heile landet
Ei rekkje kulturarenaer og prosjekter over heile landet får tilskott frå Kulturrådet sine tverrgåande ordningar. Kunstnarkollektivet Pikene på Broen i Kirkenes skapar møteplassar der vanlege folk kan treffast på tvers av landegrenser, og trur det bidreg til avspenning i nordområda.
Nyleg møttest utvalet for tverrgåande ordningar til møte i Kristiansand. Der bestemde det kva arenaer og prosjekter på tvers av kunst- og kulturfeltet som får dei siste tilskotta i år. Utvalet trekkjer mellom anna fram Terminal B i Kirkenes som eit spannande døme på ein tverrfagleg samtidskunstarena. Den er det kunstnarkollektivet Pikene på Broen som står bak.
– I prosjekta våre samarbeider mange aktørar frå fleire ulike fagfelt, noko som forsterkar samanhengen mellom kunsten og samfunnet, fortel Ingrid Valan i Pikene på Broen.
– Ein del av publikummet som kjem på våre tverrfaglege arrangement, kjem ikkje nødvendigvis hovudsakeleg av omsyn til kunsten. Men me trur at dei fleste både kan bli overraska og overtydde når det gjelder kva kunst betyr i ei rekkje samanhengar. Ein vinn-vinn-situasjon for oss, kunstnaren og publikum.
Kunst betyr noko i krig og konflikt
Gjennom folk-til-folk samarbeid har Pikene på Broen jobba med grenseoverskridande samarbeidsprosjekt innanfor samtidskunst og kulturfeltet i over 20 år. Etter Russlands angrep på Ukraina har det vorte utfordrande, men desto viktigare.
– Me er lokalisert i sentrum av Barentsregionen med grense til både Russland og Finland. Møteplassane me skapar gjennom kunst, der vanlege folk kan treffast på tvers av landegrenser, bidreg til avspenning i nordområda. Det er essensielt for eit godt naboforhold, kanskje spesielt i desse tider. Frå Terminal B midt i Kirkenes, kan våre arrangement lettare nå ut lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt gjennom heile året, seier Ingrid Valan.
Fleire kulturarenaer kjem publikum til gode
Maria Utsi, leiar av fagleg utval for tverrgåanda ordningar, fortel at omfanget av solide og interessante tverrfaglege kunst- og kulturarenaer har auka kraftig dei siste åra.
– Arenaene er sentral infrastruktur for både produksjon og formidling av kunst, og for nye konstellasjonar for samarbeid. Ikkje minst bidreg dei til at folk over heile landet får tilgang på fleire kunstopplevingar.
Sjå alle vedtaka til tverrfaglege kulturerksemder her