Kulturrådet lyser ut ekstra middel til tidsskrift og kritikk
– Ordninga tidsskrift og kritikk har ei særleg rolle i arbeidet for eit demokratisk og tolerant samfunn som også skal romme ulike synspunkt, seier Ida Habbestad, leiar i Kulturrådets faglege utval for tidsskrift og kritikk. Kulturrådet lyser no ut ein million kroner øyremerka scenekunstfeltet, med særleg fokus på ytringsrom.
I Kulturdepartementets Strategi for scenekunst 2021–2025 står det: «Ein føresetnad for å oppnå eit mangfald av forteljarstemmer på scena er at kunstnarane opplever ein fridom til å ytre seg gjennom kunsten. Kunst og kultur er dessutan berebjelkar for demokratiet og fremjar toleranse i samfunnet gjennom å vere arenaer for ytringsfridom.»
Dette kapittelet blir avslutta med følgande tiltak; Styrkje ordninga for tidsskrift og kritikk og dessutan ordninga for scenekunstfaglege tiltak og publikasjonar i Norsk kulturråd.
I år, som i 2022, vil overskotet frå tippemidlane bli sett av for å følgje opp strategien, og blir lyst ut i byrjinga av februar, med søknadsfrist 2. mars.
– I førre runde fekk vi eit breitt tilfang av tilnærmingar til emnet, og ulike definisjonar på utfordringar som feltet står ovanfor. Vi håpar på ei tilsvarande breidde også no, slik at diskusjonane og analysane på dette feltet blir mest mogleg nyanserte, seier utvalsleiar Habbestad.
Det er sett av ein million kroner til ordninga tidsskrift og kritikk. Habbestad håpar at denne avsettinga kan aukast på sikt og gjelde for alle kunstområde.
– Å styrke og utvikle kunst- og kulturkritikken er i seg sjølv viktig for eit godt ytringsklima. Vi ønsker at ordninga som heilskap kan utvidast, for gjennom tidsskrifta og kritikken har vi moglegheit til å skulere kvarandre til å leve med usemje.