Vedtaksliste for søknader til 5. september 2023
Tilbake til 2023 (Alle)Om søknadsrunden
Tilskotsordninga Tidsskrift og kritikk skal styrke og utvide den offentlege ytrings- og refleksjonskulturen gjennom dei uavhengige tidsskrifta og kritikken som skapast og utøvast i ulike sjangrar, format og formidlingsformar.
I byrjinga av september kvart år er ordninga sin store søknadsfrist, der heile eller det meste av ordninga sin avsetting av Norsk kulturfond, blir fordelt.
93 søknadar kom inn til denne runden, og alle blei realbehandla av Fagleg utval for tidsskrift og kritikk i utvalsmøte i november. Utvalet sette vedtak i 92 av søknadane og tilråding i éin. Tilrådingssaka blei behandla av Kulturrådet i årets siste rådsmøte.
Flest søknadar kom det i år inn frå det tverrfaglege feltet (24), medan 22 søknadar hadde tyngdepunktet sitt i det litterære feltet. Det kom elles inn 18 søknadar med tyngdepunkt på visuell kunst, 16 søknadar er markert som med tyngdepunkt på andre kunstfelt, medan det kom ni søknadar med tyngdepunkt i musikkfeltet, og fire til kvart av felta kulturvern og scenekunst. Tildelingsprosenten på tvers av fagfelta låg på mellom 50% og 68%, med unntak av musikk, der 33% av søknadane vart tilgodesett.
Søkarane har oftast base i Oslo og Bergen, med 62/93 søknadar frå Oslo og 14/93 frå Bergen. Viss ein såg på nedslagsfeltet, ville dette sjå annleis ut, da det særleg på arrangements- og prosjektsida blir prosjektert tiltak over heile landet.
Dei øvrige søkarane hadde basen sin i Viken (5 søkarar), Vestfold og Telemark (3 søkarar) Trøndelag og Troms og Finnmark (2 søkarar i kvart fylke) og Rolgaland, Møre og Romsdal, Innlandet og Agder (1 søkar i kvart fylke).
Om utvalets prioriteringar og vurderingar
Sidan Kulturrådet blei skipa i 1965, har det gitt tilskot frå Kulturfondet til tidsskrift. Sidan da har Kulturrådet også hatt ein pågåande diskusjon om kva for tidsskrift Kulturfondet skal ta vare på. Frå Kulturrådet bestilte ei utgreiing om feltet i 1972, har det vore uttalt at det er dei allmennkulturelle tidsskrifta som først og framst kjem inn under Kulturfondets ordning.
Fagleg utval for tidsskrift og kritikk prioriterte i denne runden å gi eit løft til ei handfull av desse allmennkulturelle tidsskrifta. Dei la da vekt på kvaliteten og aktivitetn på det som handlar om refleksjons-, skrift- og redigeringsarbeid. Agora, Vagant, Syn og segn og Vinduet er blant dei tidsskrifta som i denne runden fekk eit lite løft.
Da det ikkje var komme friske midlar til ordninga, måtte utvalet prioritere andre ned. Det blei difor gjort nokre tydelege prioriteringar som gjorde det mogleg å gi dette løftet til dei av tidsskrifta som har vist, over tid, at dei utviklar redaksjonar som jobbar seriøst og grundig med redaksjonell oppfølging og skribent- og tekstutvikling over tid.
I tillegg til å legge vekt på refleksjonsnivå i tekst og redigering, vurderte utvalet søknadane ut ifrå kriterier som mangfald i høve geografi og fagfelt, realisme i budsjettering, historikk og gjennomføringsevne, og medvit om eigen rolle på tidsskrift- og kritikkfeltet.
I styringsdokumentet «Kulturrådets områdeplan for tidsskrift og kritikk 2022-24» står det at Kulturrådets ansvar på dette fagfeltet mellom anna er følgande: «Behov for stabilitet og langsiktighet i kulturfeltet balanseres med behov for endringer og nye initiativ». Det har over tid vore vanskeleg å finne plass til nye tiltak, i og med at det ville gått ut over langsiktigheita og stabiliteten til tiltak som har eksistert over tid.
Men i denne runden prioriterte utvalet å gi fleire nye søkarar plass i ordninga.
Blant nye eller kommande tiltak som utvalet valde å gi tilskot til, finn ein nisjeblad om bustadspolitikk og om arkitekturkritikk, og podcastar om stil og mote, og norsk, samtidig populærmusikk.
Fleirårige tilskot
Utvalet har lenge vurdert å gi fleire tiltak fleirårige tilskot, men har ikkje praktisert dette i særleg stor grad i åra frå ordninga blei skipa i 2019, fram til dette utvalsmøtet. Utvalet ser mange fordelar med å gi fleirårige tilskot, for søkar så vel som forvalting, men har unnlete grunna eit venta løft for avsettinga.
Da løftet ikkje har komme, og det ikkje i like stor grad blir venta, valde utvalet i denne runden å tildele fleire fleirårige tilsegn enn det som har vore gjort før.
Særlege tilhøve
Fagleg utval for tidsskrift og kritikk sendte småskrift og tidsskriftsentralen Tekstallmenningens søknad om tilskot til drift og prosjekt opp til Kulturrådet, med tilrådning om følgande vedtak: Å tildele ein million kroner av tidsskrift og kritikk si avsetting til Tekstallmenningen, men å gjere dette som ei overføring til Fagleg utval for tverrgåande ordningar. Denne tilrådinga kunne utvalet for tidsskrift og kritikk komme med fordi Tekstallmenningen også hadde sendt søknad til Fagleg utval for tverrgåande ordningar. I praksis foreslo fagleg utval for tidsskrift og kritikk å overføre éin million av sine midlar til Fagleg utval for tverrgåande ordningar i 2024, og frå og med same år overlate det til Fagleg utval for tverrgåande ordningar å ta imot søknadar og forvalte eventuelle tildelingar til tiltaket.
Bakgrunnen for tilrådinga er at Tekstallmenningen har motteke tilskota sine frå tidsskrift og kritikk si avsetting sidan ordninga blei skipa i 2020. Tekstallmenningen selskapsmodell er å levere tenester til tidsskrift- og kritikkfeltet, og har såleis har konkurrert med sine eigne kundar om dei same fondsmidlane. Søkar, så vel som sekretariatet, ønska difor å overføre tiltaket til ordninga tverrgåande kulturverksemd.
Om økonomien i runden
I forkant av denne runden disponerte utvalet tilsaman 31 001 000 kroner. Desse midla fordelte seg på tre typer: 148 000 kroner gjenståande på 2023-budsjettet, som følge av revidert nasjonalbudsjett, 930 000 kroner frå tidsskrift- og kritikkordninga sin andel av overskotet av Norsk Tipping 2023, samt 29 923 000 kroner som Kulturrådet har vedteke sett av til tidsskrift og kritikk for 2024.
Fire søkarar fekk toårig produksjonstilskot, og to søkarar fekk treårig produksjonstilskot. Dette gir følgande fordeling av det samla tildelingsbeløpet:
58 søkarar fekk tilsaman 24 536 821 kroner for 2023 og 2024. Dette inkluderer Tekstallmenningen. Seks av desse fekk i tillegg tilsaman 4 964 000 kroner for 2025, og av desse igjen to som får 2 050 000 kroner for 2026.
Søknads- og tildelingsbeløpa under inkluderer dei fleirårige tilsegna, samt éin million kroner til Tekstallmenningen, overførd til Fagleg utval for tverrgåande ordningar.
Tal frå runden
- Tal på søknadar: 93
- Tal på tildelingar: 58
- Søknadsbeløp: 87 726 537 kroner
- Tildelingsbeløp: 31 550 821 kroner
Prosess:
-
Søknadsfrist: 5.9.2023 kl. 13:00
-
Vedtak i fagutvalg: Dato ikke satt
-
Vedtak i rådsmøte: Dato ikke satt
Søk i tabellen
Søk i tabellen
Søker | Prosjekttittel | Fylke | Sjanger | År | Søknadssum | Vedtak | Tilskudd |
---|