Hopp til innhold

Søk støtte

Støtteordning

Nynorsk litteraturstøtte (Avsluttet)

Se vedtakslister

Ordninga er avvikla

Denne støtteordninga er avvikla og ein ny struktur er litteraturstøtte er vedteke.

Søk støtte til litteraturproduksjon

Søk støtte til litteraturprosjekt

Søk støtte til litteraturformidling

Åpne alle

Tidlegare utlysing

Føremål

Ordninga skal sikre at det finst ei stor breidde i ulike tiltak for å utgje og formidle nynorsk litteratur. Norsk kulturråd vil bruke midlane til å støtte fleire nynorske bokutgjevingar for barn og unge, fleire teikneserieutgjevingar på nynorsk, god nynorsk sakprosa i bøker, tidsskrift og vekeaviser og utviklingsprosjekt der forfattarar som skriv nynorsk og bøkene deira blir presenterte på mange og ulike måtar. 

Løyvingane kan bli gjevne som grunnstøtte, produksjonsstøtte, honorarstøtte og prosjektstøtte. Den tidlegare utviklingsstøtta for bokutgjevingar fell bort, men forlag kan søkje om ei generell prosjektstøtte. Storleiken på prosjekttilskotet vil variere alt etter kompleksiteten i prosjektet; for bøker tel bokkalkylen og forventa marknad, for andre prosjekt tel omfanget av arrangementet, programmeringa, forventa publikumsdeltaking, andre finansieringskilder mm. Dei ulike kategoriane for støtte er desse:

  • Produksjonsstøtte går til å dekkje delar av trykkekostnadene for å minske utsalsprisen, sjå aktuelle bokkategoriar under. Søknaden til Kulturrådet må sendast inn før boka er utgjeven. Dersom ei sakprosabok for vaksne seinare blir kjøpt inn under innkjøpsordninga for ny norsk sakprosa, må forlaget betale tilbake tilskotet. Dette gjeld ikkje fagbøker for barn og unge.
  • Grunnstøtte går til innkjøpte barne- og ungdomsbøker på nynorsk innanfor innkjøpsordninga for skjønnlitteratur for barn og unge. Tildelinga skjer automatisk i etterkant av vurderinga av innkjøp, og det er ikkje naudsynt å søkje særskilt om dette.
  • Honorarstøtte går til å dekkje delar av utbetalte honorar til forfattarar/journalistar som har skrive artiklar, intervju og bokmeldingar i tidsskrift og vekeaviser, og til teikneserieskaparar som skriv på nynorsk. Utgjevarane søkjer i etterkant av ein årgang eller ei utgjeving.
  • Prosjektstøtte går til å dekkje kostnader ved eit større bokprosjekt, eit arrangement, ein forfattarturné eller ei anna form for formidling, der nynorsk litteratur/nynorske forfattarar står i sentrum. Søknad om prosjektstøtte til bøker må sendast inn til minimum ein frist før søknad om produksjonsstøtte.

Kulturrådet fullfinansierer normalt ikkje prosjekt.

Kva kan få støtte

Produksjonsstøtte:

  • omsette barne- og ungdomsbøker og omsett dramatikk som ikkje kjem inn under innkjøpsordninga for omsett litteratur
  • sakprosa/fagbøker for barn og ungdom (originale)
  • sakprosa/fagbøker for vaksne (originale og omsette)

Honorarstøtte:

  • tidsskrift, vekeaviser og teikneseriar som har meir enn 25 % av stoffet på nynorsk

Prosjektstøtte:

  • større bokprosjekt som har ekstra investerings- og utviklingskostnader 
  • litteraturarrangement i samband med litteraturfestivalar, bokkveldar mm og andre formidlingstiltak som syner fram eldre og ny litteratur på nynorsk

Forlag kan ikkje søkje nynorskstøtte til bøker som kan meldast på til dei to innkjøpsordningane for skjønnlitteratur eller til bøker for vaksne som skal meldast på til innkjøpsordninga for omsett skjønnlitteratur (sjølv om dei ikkje skulle bli kjøpte inn).

Kven kan søkje

Norske forlag/utgjevarar kan søkje støtte til utgjeving av litteratur på nynorsk. Forlaga skal sende med ei prosjektskisse eller innhaldsoversyn, evt ferdige manussider. For teikneseriar og tidsskrift må utgjevar sjølv rekne ut kor stor del av teksten som er på nynorsk.

Forlag, litteraturfestivalar, bibliotek, organisasjonar, lag og einskildpersonar kan søkje prosjektstøtte.

Vurdering av søknaden

Søknadene blir førebudde av administrasjonen, som på bakgrunn av det innsendte materialet innstiller på eit tilskot eller eit avslag.

I vurderinga av søknadene legg Fagleg utval for litteratur, som behandlar nynorsksøknadene, vekt på at boka har ein nasjonal marknad, dekkjer ein sjanger med få bøker på nynorsk og elles held god litterær og språkleg kvalitet.

Fagleg utval for litteratur gjer den endelege prioriteringa av søknadene innanfor den aktuelle budsjettramma. Utvalet er med nokre unntak delegert vedtaksmyndighet for støtteordninga for nynorsktilskot. 

Kulturrådet mottar langt fleire søknader enn det er midlar til. Det betyr at råd og utval må gjere strenge og ofte krevjande prioriteringar, som fører til at også prosjekt som blir vurderte som gode, vil få avslag eller lågare støtte enn det er søkt om.

 

 

Rapportering

Alle som mottar tilskudd fra Kulturrådet må sende inn rapport og regnskap som viser hvordan tilskuddet er benyttet. Sammen med vedtaksbrevet får tilskuddsmottakerne tilsendt et akseptskjema der vilkårene for tilskuddet og krav til rapporteringen fremkommer.  Enkelte ordninger har individuelle krav til hva rapporten skal inneholde og hvilke krav det er til regnskapet og revisjon av dette, det samme gjelder ved flerårige tilskudd. Dersom det er krav om revisjon av regnskapet, skal dette utføres av statsautorisert eller registrert revisor. For noen ordninger stilles det også krav til dokumentasjon på at prosjektet er gjennomført i henhold til søknaden som lå til grunn for vedtaket om bevilgning. Det er derfor svært viktig å lese og sette seg inn i vilkårene for tilskuddet og kravene som gjelder den spesifikke ordningen, før prosjektet settes i gang. Dersom støtten ikke brukes i tråd med forutsetningene, kan Kulturrådet kreve at midlene blir tilbakebetalt.

I mange tilfeller blir tilskudd utbetalt i to eller flere rater og med krav om at rapport og regnskap for prosjektet/virksomheten er sendt inn og godkjent av saksbehandler før gjenstående tilskudd kan utbetales. Manglende rapportering kan få konsekvenser for muligheten til nye tilskudd.

Dersom du har mottatt utgivelsesstøtte for en bok

Forlaget skal opplyse på kolofonsiden at utgivelsen er støttet av Norsk kulturfond.

Ved tildeling av prosjektstøtte vil tilskuddsmottakerne få tilsendt et akseptskjema som må fylles ut og sendes inn før Kulturrådet betaler ut første del av tilskuddet.

Når boka er ferdigtrykt, skal forlaget sende to eksemplarer av ferdig trykt bok til Norsk kulturråds administrasjon sammen med en skriftlig oppmoding om siste delutbetaling.

Se også forskrift om tilskudd fra Norsk kulturfond.