Om søknadsrunden
Talet på søknader: 37
Søknadssum: kr 5882 120
Talet på tildelingar: 14
Vedtakssum: kr 1 148 000*
*kr 898 000* frå årets budsjett *kr 250 000 er tilsagn for 2023.
Tendensar i søknadsmaterialet
Kunstnarar publiserer, ikkje berre for å dokumentere og kontekstualisere sitt eige virke, men og med ideen om boka som eit kunstverk i seg sjølv. Det er eit stort spenn i tematikk og omfang i ordninga – frå bøker om kunst til bøker som kunst.
Søknader om større monografiar om enkeltkunstnarar der vinklinga gjerne er meir teoretisk held seg på eit jamt høgt nivå. Monografiane om Marte Aas, Hilmar Fredriksen, Marilyn Ann Owens har til felles at dei samlar og revurderer utviklingstendensar i eit kunstnarliv, der gjerne fleire forfattarar tek for seg ulike kunstnarlege uttrykk. Mange av søknadene denne gongen er send inn av dei mindre institusjonane som publiserer og formidlar kunstbøkene, med kunstnarsamtalar i samband med boklanseringa. Eit døme er Telemark kunstsenter, der dei har som mål å hente fram kvinnelege kunstnarar til separatutstillingar og i tillegg å formidle kunstnarskapet gjennom bøker. «STEIN BLAD BEIN» om Marilyn Ann Owens må her nemnast.
Boka «Ducks in a row» presenterer film- kunstproduksjonen til Marte Aas frå 2017 – 2023. Her vert spørsmål om teknologi, kroppen og språket sett inn i ein vidare kontekst som igjen reiser debatten om miljøspørsmål og menneskets framtid. Bokprosjektet framstår både som eit prosessdokument og ein tematisk katalog. Det visuelle i boka merkjer seg ut, all den tid det er utfordrande å fange det levande bildet.
Den store antologien «Kunstsentrenes vekselstrøm» er både gjennomarbeidd og godt utvikla. Boka tek opp utfordringar knytt til det å drive femten kunstsenter i Norge. I prosessen fram mot boka er seminar og samlingar halde rundt om i landet. Spørsmål som vert stilt er kva betyr det å drive desse kunstnarstyrte utstillingsstadene, står det beveglege kunstomgrepet i motsentnad til institusjonen? Og vidare; står kunstsentra i vegen for profesjonalisering og fagleg utvikling? Rik dokumentasjon får fram ei mangfaldig historie og tretten tekstar av ulike forfattarar bidreg til gode undersøkjingar. Boka vert gitt ut på Museumsforlaget og tre av tekstane er fagfellevurdert, noe som og borgar for kvalitet.
Piksel-festivalen i Bergen ser attende på 20-års verksemd i boka «Piksel XX – 20 år med elektronisk kunst». Internasjonale skribentar er invitert, saman med dei norske bidragsytarane til antologien.
Talet på søknader til fotobøker er aukande og i denne runden var det 14 søknader. Ofte har tematikken i fotobøkene ein klar samfunnsrelevans. Nyutdanna Aksel-Dev Dhunsi tek opp større politiske spørsmål til diskusjon i «Maskin Taal/Ankon Dekhi» som skildrar nord-indiske åkerlandskap der verdas lengste fabrikkbygning er lokalisert, og der underbetalte tekstilarbeidarar forsyner vesten med handkle og sengetøy. Heavy Books er utgjevar og boka vert lansert i samband med Dhunsis separatutstilling på Galleri Melk.
Anna Margareta Bergmann ser innover i seg sjølv og er opptatt av kunstnarlege prosessar og improvisasjon i fotoboka/kunstnarboka som er kalla «bladi losnar». Her verkar spontanisme og intuitiv tilnærming å vere grunnlaget for eit narrativ som er visuelt slåande og som tyder på at kunstnaren er i stadig utvikling. Multipress forlag er utgjevar og dei har lang erfaring i produksjon av fotobøker.
Når det gjeld kunstnarbøker, eller bøker som kunst, er dei ofte sjøvpubliserte. Småboksforlaga som gjerne kunstnarar nyttar til sine bøker, må på eige initiativ distrubuere og ikkje minst formidle kunst- og kunstnarbøkene. Noen gonger er det etablerte forlag som publiserer bøkene og søkjer om støtte. Då vert og strukturar for formidling og distribusjon tatt vare på, - som i litteraturfeltet.
To kunstnarbok-prosjekt merkjer seg ut og begge kjem til å bli stilt ut som sjølvstendige kunstverk. Kay Andre Kirkebø brukar teikning som medium og har alltid arbeidd med kunstnarbøker. «Den lengste dagen» er den siste boka i ein triologi. I dei labyrintiske skildringane er det refaransar til brutalismen og tv-spelmediet. Aforismar eller korte tekstar, skreve av kunstnaren, står godt til uttrykket og får fram det narrative i boka.
I «Noe har skjedd» av Hanne Frey Husø» er ein underfundig tekst den mest markante delen av kunstnarboka, medan ulike trykk i mezzotint på eldre papir henta frå Riksarkivet, utgjer det visuelle. Dei unike trykka vert så samla i ei mappe saman med teksten, som kun tel trettitre i opplaget.
Manusutviklingsstøtta skal stimulere til å skrive om samtidskunst i det visuelle kunstfeltet. Det var fem søknader i denne runden og to prosjekt fekk støtte. - Silje Michelsen Heggren vil skrive teksten til boka «Minnesmerker etter 22. juli - konflikt, myte og materialitet». Fundamentet her er ei masteroppgåve frå universitetet i Bergen og målet er å auke forståinga av prosessane rundt offentlege minnesmerker, med eit særleg fokus på forvaltinga av dette etter 22. juli.
Prosess:
-
Søknadsfrist: 2.9.2022 kl. 13:00
-
Vedtak i faglig utvalg for billedkunst og kunsthåndverk: Dato ikke satt
-
Vedtak i rådsmøte: Dato ikke satt
Søk i tabellen
Søk i tabellen
Søker | Prosjekttittel | Boktype | Fylke | År | Søknadssum | Vedtaksdato | Vedtak | Tilskudd | Kategori |
---|