Om søknadsrunden
Ordninga skal hjelpe til med å styrke produksjon av publikasjonar som presenterar og/eller analyserar aktuelle problemstillingar innan samtidskunst og kunstteori. Støtte vert gitt til fotobøker, monografiar, kunstnarbøker/artists’ books, utstillingskatalogar, bok- eller magasinseriar, fanziner, ulike hybridbøker. Manusutvikling til lengre tekstar om samtidskunst er ein viktig del av ordninga.
Talet på søknader held seg på samme nivå som i forrige runde og det er god kvalitet, med stor breidde og mangfald i tema, uttrykk, utforming og problemstillingar. 50 søknader vart handsama og 21 vart tildelt støtte, på tilsaman kr 1 334 000. Samla søknadssum var kr 5 486 956.
Tendensen er framleis ein vilje til å analysere, oppsummere og samle kunstnarskap til større bokprosjekt, det vere seg monografiar, utvida katalogar, bøker om teori. Pandemien har gjort sitt til tilbaketrekkjing til heimen og det nære, kanskje har mange tenkt lengre tankar og sett på sitt eige kunstnarlege virke på ein ny måte. Bøker basert på arkivmateriale er tenkt lansert i samband med komande separatutstillingar, som Willibald Storn og Synnøve Anker Aurdal. Nemnast må og Elisabeth Haarrs bok til Festspillutstillingen i Bergen, der tekstar av Steinar Sekkingstad, Elisabet Byre, Cecilie Løveid kastar lys over kunstnarskapet, med særlig vekt på prosess og verk. Meir teoretisk vinkla er institusjonshistorien til Museet for samtidskunst ført i pennen av Karin Hellandsjø og utgitt på Press forlag. Boka gir eit historisk tilbakeblikk i åra 1988 - 2003, med vekt på utstillingar og innkjøp.
Objektiv forlags prosjekt «Visual Wanderings # 24» vert ei spesialutgåve. Serien presenterer fotografar sin fotodokumentasjon av lenger eller kortare reiser gjennom landskap, bylandskap, eller meir abstrakte landskap. Dette nummeret skil seg ut frå dei andre med at ein meir dagsaktuell profil som eksplisitt skildrar, nærmast arkiverer, tida vi lever i no.
Mangfald kjem til syne på mange måtar i denne runden, her må manusutvikling til ein tekst til Objektiv # 23 trekkjast fram, der Lisa Andrine Bernhoft-Sjødin tek mål av seg for å finne ein måte å skrive eller snakke om BIPOC- kunstnarar (black indigenous people of color). Det vert prøvd å opne opp for eit nytt narrativ både når det gjeld normativitet og blindsoner. Kordan skal vi klare å vere normkritiske og utvikle språket vårt med problemstillingar som kunstfeltet ikkje er van til å snakke om?
Tenthaus prosjekt «Germain Ngoma: Works» kan seiast å praktisere denne teorien som Bernhoft-Sjødin skal granske. Dei presenterer det eksperimentelle og leikande kunstnarskapet og pedagogiske arbeidet til den norsk-zambiske kunstnaren Germain Ngoma. Dette blir ei storformat-bok gitt ut av kunstbokforlaget Uten Tittel.
Norwegian Crafts har, saman med Samisk høgskole i Karasjok, tatt initiativet til antologien «Doudji Reader» som skal formidle både historisk og samtidig kunnskap om husflid, kunsthandverk, sløyd og småindustri. Doudji speglar samisk levemåte og kulturtradisjonar, samt naturgeografiske, økologiske og økonomiske forhold. Mange av tekstane er henta frå historiske kjelder i t.d. bygdebøker og nordiske tidsskrift, medan andre er av nyare dato.
Manusutviklingsstøtta fekk i denne runden ti søknadar. Seks prosjekt blei tilgodesett: Jøran Rudi skal bidra til teoretisering av 60 år med elektronisk kunst i Norge, der teksten vert sett i samanheng med samfunnsutviklinga og problemstillingar rundt endra daglegliv. Den komande boka vert nummer to i ein serie kalla «Elektronisk kunst i Norge».
Bokformatet framstår framleis som eit takksamt medium i ei tid av framhald i smittevernrestriksjonar. Nykommarar er Johanne Hestvolds «Eating at Conjunction» med kunstnarboka som vert gitt ut på Heavy Books etter separatutstillinga hennar ved Galler Golsa i Oslo. Hedda Roterud Amundsen skal stille ut på Galleri Ask i Horten og kunstnarboka med tittelen «The advantages of depression» reflekterer tida vi er inne i med isolasjon, depresjon, skjermtid kontra den fysiske verda.
Av stimuleringsmidlane som er sett av til dei ordinære ordningane i Norsk Kulturfond, vart det i denne runden brukt 990 000 kroner til kunstfaglege publikasjonar og manusutvikling. Skaping og formidling/ distribusjon av kunstbøker kan ofte tilpassast situasjonar av strenge smittevernrestriksjonar. Prosjekta i bunken viser – på kvar sin unike måte – kreativitet i høve å løyse det på sine eigne premiss.
Kjønnsfordelinga på søknadar i denne runden er jamn; 19 kvinner og 20 menn, medan 10 kvinner og 4 menn vart tildelt støtte. Det var tre forlag som søkte, medan sju søknadar kom frå institusjonar / kunstnarstyrte tiltak. Her vart tildelinga 7. Fylkesvise tildelingar er 13 frå Oslo, 3 frå Vestland 2 frå Møre og Romsdal, 2 frå Viken, 1 frå utlandet.
Økonomisk oversikt
Kto. 2218 Kunstfaglege publikasjonar og manusutvikling
Til disposisjon: Kr 3 735 000
Tal frå søknadsrunden
Talet på søknader: 50
Søknadssum: Kr 5 486 956
Tildelingar (vedtak): 21
Vedtakssum Kr 1 334 000
Prosess:
-
Søknadsfrist: 2.3.2021 kl. 13:00
-
Vedtak i fagutvalg: 28.5.2021
-
Vedtak i rådsmøte: 16. - 17.6.2021
Søk i tabellen
Søk i tabellen
Søker | Prosjekttittel | Fylke | År | Søknadssum | Vedtaksdato | Vedtak | Tilskudd | Kategori |
---|