Vedtaksliste for søknader til 15. september 2020
Tilbake til 2020 (Alle)Om søknadsrunden
Ordninga skal hjelpe til med å styrke produksjon av publikasjonar som presenterar og/eller analyserar aktuelle problemstillingar innan samtidskunst og kunstteori. Støtte vert gitt til fotobøker, monografiar, kunstnarbøker/artists’ books, utstillingskatalogar, bok- eller magasinseriar, fanziner, manusutvikling. 48 søknader vart handsama og 20 vart tildelt støtte, på tilsaman kr 965 000. Samla søknadssum var kr 5 057 000.
Søknadane i siste runde av 2020 spenner vidt i tematikk så vel som sjangrar. Prosjekta involverer større bøker som tek for seg lengre kunstnarskap, katalogar, kunstnarbøker som òg omhandlar pandemien me er inne i, bok om institusjonsteori, bok om nettkunst, jubileumsfanziner, tidsskriftserie, laporello-boks, reiseguide om samtidskunst og bokprosjekt som vil formidle kunst i offentleg rom. Talet på søknader til fotobøker held seg jamt høgt, denne gongen det var ti, der to er fotobokseriar.
Tre av desse fotoboksøknadane fekk støtte. Morten Torgersruds «Middels», til dømes, skal komme ut på Heavy Books i samband med ei utstilling i Kunstnerforbundet i Oslo i 2021. Dei nære og kvardagslege omgjevnadene til kunstnaren vert formidla fotografisk i ulike nyansar av gråtonar, der nokre delar av bildeflata er i fokus, andre ikkje. Boka formidlar sjølve infrastrukturen til fotografiet som og måten auga ser på.
I fotobokserien «Erde, Feuer, Wind, Wasser” fortel Michael Heinisch om si reise attende til fortida til forfedrene sine. Fire senter i Europa definerer motiva i bokprosjektet; Essen i Tyskland, Gliwice i Polen, Carl Berner i Oslo og Donetsk i Ukraina, der tematikkar som tvungen immigrasjon, identitet og tilhøyre generelt vert undersøkt. Serien maktar å setje dokumentarisk fotokunst inn i eit større samfunnsperspektiv og saman med den transkriberte dagboka til bestefaren vil dette og kunne danne grunnlag for fleire utstillingar.
Ein kan kalle Heinisch’ prosjekt tverrfagleg. Denne evna til opne biletkunstfeltet mot andre fag ser ein også i til dømes Trondheim kunsthalls søknad. Kunsthallen, som har vitskap og miljø- og økospørsmål som eit satsingsområde, skal produsere katalogen «Nets of hypahe» i samband med ei utstilling av Diana Policarpo. Boka, som utstillinga, fortel gløymde historier - mellom anna om relasjonen mellom syntetiske og organiske material, mellom verten og parasitten innom den antropocene tida.
Blant andre bøker som tek for seg etablerte kunstnarskap finn ein den retrospektive katalogen Biegga savkala/ Vinden hvisker om Synnøve Persens kunstnarskap. Her vil ein sjå mange fasettar av Persen, mellom anna den europeisk orienterte kunstnaren.
Men det er ikkje berre dei etablerte kunstnarane som blir tilgodesett i denne runden. Den foreløpig uetablerte men lovande Agnes Hagen Thorstvedt får støtte til ei samling kortprosa og teikning. «Ingenting og annet» handlar om korleis ein snakkar om psykisk sjukdom, og er den første eigne utgjevnaden hennar. Thorstvedts prosjekt kjem inn under manusutviklingsstøtta, som kan gå til den slag kunstnarbøker, men som også skal stimulere skribentar til å skrive om samtidskunst i det visuelle kunstfeltet. Det kan søkjast om midlar for 1 – 3 månaders skriving (kr 30 000 pr mnd.) Ordninga er populær og søknadane held seg på eit jamt høgt nivå. Denne gongen fekk fire av sju søknader støtte. Kunsthistorikaren Sara Elina Rundgren Yazdani skal skrive bok om fotokunsten til tyskaren Wolfgang Tillmanns. Vidare fekk poeten Anders Vermehren Holm støtte til teksten i den siste boka i kunstnarbok-triologien «Metanoia» der han samarbeider med Sveinung Rudjord Unneland. Vidare skal den unge skribenten Simen Kallevik Nielsen utvikle ein tekst til ei komande bok kalla «Thorbjørn Sørensen: Å være maler».
At talet på søknadar til ordninga er litt høgare enn tilsvarande tid i fjor kan vere eit teikn på at kunstnarar stadig opplever publikasjonen som eit lettare tilgjengeleg medium i pandemitida. Ein har kanskje meir tid til eller ønskje om å samle trådar i kunstnarskapet, ein tenkjer lenger tankar som kanskje kan resultere i meir utarbeidd bokprosjekt.
Geografisk spreier søknadar til publikasjonar seg i større grad enn prosjektstøtta gjer. Kanskje fordi prosjektstøtta er avhengig av institusjonane og visningsstadene, medan ein kan lage bøkene kvar ein enn bur i landet. Tjue søkjarar er basert i Oslo, ni er frå Vestland, åtte søkjarar er basert i Trøndelag, fem er frå Viken, to frå Troms og Finnmark, to frå Innlandet, ein frå Møre og Romsdal, ein frå Rogaland, ein frå Agder. Altså ingen frå Nordland eller Telemark og Vestfold. Det var 12 kvinner og 20 menn som søkte og 16 søknader kom frå ulike forlag eller institusjonar.
Tal frå søknadsrunden:
Tal, søknader: 48
Samla søknadssum: Kr 5 057 135
Tal, tildelingar (vedtak): 20
Vedtakssum: Kr 965 000
Prosess:
-
Søknadsfrist: 15.9.2020 kl. 13:00
-
Vedtak i faglig utvalg for billedkunst og kunsthåndverk: 19.11.2020
Søk i tabellen
Søk i tabellen
Søker | Prosjekttittel | Boktype | Fylke | År | Søknadssum | Vedtaksdato | Vedtak | Tilskudd |
---|