Søk støtte
Viktig melding:
Søknader til runde 1-2025 skal det sendast inn via ny søknadsportal. Det har ikkje vore mogeleg å søkje frå og med 10. november og fram til den nye portalen var på plass. Portalen var klar 4. desember, og lenke til søknadskjemaet finst som tidlegare under fana «Søknadsskjema».
Søknaden skal sendast inn før boka vert utgjeven. Dersom eit forlag ynskte å gje ut boka si i perioden det ikkje var råd å søkje ordninga, gjer vi unntak frå denne regelen. Unntaket gjeld kun for bøker som vart utgjevne medan søknadsskjemaet var stengt, og søknadene for desse bøkene må sendast inn i løpet av desember.
Alle søknader må sendast inn seinast ein månad før møtet i vurderingsutvalet for å kome med i den aktuelle søknadsrunden. I samband med at søknadsportalen har vore stengd blir det også gjort unntak frå denne regelen. Det vil seie at alle søknader som blir sende inn i løpet av desember, blir behandla på møtet 17. januar.
I 2025 må søknadene sendast inn seinast ein månad før utvalsmøtet for å bli behandla i den aktuelle runden. Vurderingsutvalet har lagt møta til følgjande datoar i 2025:
Fredag 17. januar
Tirsdag 11. mars
Mandag 28. april
Mandag 16. juni
Fredag 22. august
Mandag 22. september
Mandag 27. oktober
Onsdag 10. desember
Søknadsfrist
Løpende søknadsfrist
Føremål
Føremålet med innkjøpsordninga for ny norsk sakprosa er at det blir skrive, gjeve ut, spreidd og lese ny norsk sakprosa av høg kvalitet. Ordninga skal bidra til en open og opplyst offentleg samtale.
Innkjøpsordninga garanterer forlaga eit minstesal på 773 eksemplar av bøker (623 trykte bøker og 150 e-bøker, men for titlar som er påmelde og innkjøpte før runde 1-2022, skal det framleis leverast 703 trykte bøker og 70 e-bøker). Ordninga er selektiv, det vil seie at det er budsjettet som avgjer kor mange sakprosabøker som kan kjøpast inn årleg. Dei innkjøpte bøkene blir distribuerte til alle folkebiblioteka i landet.
Åpne alleForvaltning av ordninga
Kulturrådet forvaltar ordninga og midlane kjem frå Kulturfondet. Kulturdirektoratet er sekretariat.
Kva kan kjøpast inn?
Ordninga gjeld ny norsk sakprosa for vaksne, skriven i ei essayistisk, forteljande, resonnerande, opplysande eller argumenterande form, av ein eller fleire forfattarar og for eit breitt publikum. Ordninga er regulert av retningsliner som søkjarane må setje seg inn i.
Kven kan søkje?
Alle norske forlag/utgjevarar kan søkje om innkjøp av bøker som kjem inn under ordninga. Dette inkluderer bøker omsett frå samisk til norsk av forfattarar busett i Noreg, men det første originalverket på samisk kan ikkje vere meir enn tre år gammalt på søknadstidspunktet.
Søknadsskjema
Ein søknad består av søknadsskjema vedlagt trykkeklart manus. Søknad skal sendast inn før bokas utgjevingsdato og manus skal vere språkvaska og korrekturlese.
Som hovudregel skal alle titlar kjøpast inn som både trykt bok og e-bok. Dersom det er spesielle forhold ved verket som gjer at e-bok er eit ugunstig format, skal det sendes inn en grunngjeven søknad om dispensasjon frå kravet om å levere boka i begge format. Søknaden skal sendes per e-post til: post@kulturdirektoratet.no i forkant av påmeldinga.
Ordninga har ikkje faste fristar. Vurderingsutvalet har åtte møte i året, og samlar før kvart møte opp manus som er sendt inn sidan førre møte.
Les utlysingsteksten og retningslinene for innkjøpsordning for ny norsk sakprosa for vaksne (PDF) nøye før du byrjar å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet. Pass også på å lese alle hjelpetekstane. Desse finn du i søknadsskjemaet, merka med «?».
Korleis sende inn vedlegg?
Ein søknad består av søknadsskjema vedlagt trykkeklar fil. Trykkeklar fil skal lastas opp som eit vedlegg saman med søknaden i Altinn.
Vurdering av søknaden
Vurderingsutvalet for sakprosa vurderer dei innkomne manusa. Alle manus blir lesne av minst to medlemer, dei andre gjer ei oversynslesing. Vurderingsutvalet har åtte møte i året og er vedtaksmyndig.
Utvalet skal etter beste skjønn vurdere om ein tittel har dei naudsynte litterære, språklege, innhaldsmessige og formidlingsmessige kvalitetar som gjeld for å få ei bok kjøpt inn. Utvalet kan på eige initiativ ta opp igjen bøker til ny handsaming. Dei kan også vurdere at ein tittel fell utanfor ordninga ved å vise til retningslinene. Utvalet arbeider innanfor årlege, faste budsjettrammer. Desse økonomiske omsyna avgjer kor mange titlar som kan kjøpast inn årleg.
Det finst tre standardgrunngjevingar for avslag på søknad om innkjøp:
- Utgjevinga er ikkje prioritert innkjøpt innanfor ordningas økonomiske ramme, med ei tilstrekkeleg utvida ramme ville ho blitt innkjøpt.
- Utgjevinga er ikkje innkjøpt da ho ikkje oppfyller ordningas krav til kvalitet og/eller relevans (sjå vurderingskriteriene i retningslinene).
- Utgjevinga fell ikkje inn under ordninga etter retningslinenes punkt 3.
Vurderingsutvalet har fem medlemer og to varamedlemer, alle er oppnemnde av Kulturrådet. Utvalet kan og knytte til seg ekstern konsulenthjelp i særskilde høve, til dømes i samband med vurderinga av utgjevingar omsett frå samisk.
Rutinar etter innkjøp
Når ein søknad er handsama av vurderingsutvalet, vil forlaget få melding om boka blir kjøpt inn eller ikkje. Dersom ho blir kjøpt inn, skal ho så raskt som mogleg, og seinast innan seks veker frå vedtaksdato, bli levert til Kulturrådets sekretariat i Kulturdirektoratet. Eit standard innkjøp vil seie at Kulturdirektoratet kjøper inn 623 trykte bøker og 150 e-boklisensar. For titlar som er påmelde og innkjøpte før runde 1-2022, skal det framleis leverast 703 trykte bøker og 70 e-bøker.
Levering av trykte bøker
623 trykte eksemplar (703 dersom boka vart innkjøpt før 2022) av tittelen skal leverast til Biblioteksentralen, som sender bøkene ut til norske folkebibliotek.
Leveringsadresse er:
Biblioteksentralen
OrbitArena
Industriveien 18
2069 Jessheim
Kulturrådets sekretariat skal ha tilsendt eitt rapporteringseksemplar av dei innkjøpte bøkene.
Leveringsadresse er:
Innkjøpsordninga for sakprosa for vaksne
Kulturdirektoratet
Postboks 4808 Nydalen
0422 Oslo
Dei fem medlemene i vurderingsutvalet for sakprosa for vaksne skal ha tilsendt kvart sitt rapporteringseksemplar av boka.
Namn og adresser:
Vurderingsutvalet for sakprosa
Levering av e-bøker
Sjå Biblioteksentralens nettsider for en beskriving av levering av e-bøker.
E-boka blir gjort tilgjengeleg for folkebiblioteka i totalt 150 lisensar (70 dersom boka vart innkjøpt for 2022). Lisensane blir fordelte på fylkesnivå.
Betaling
Forlaget skal sende faktura til Kulturrådets sekretariat for kvar innkjøpte tittel. Bøker (både trykte bøker og e-bøker) må vere leverte hos Biblioteksentralen før forlaget sender faktura, og forfallsdato skal vere 30 dagar.
I henhold til økonomireglementet i staten utbetaler ikke Kulturrådet fakturaer til virksomheter som har forfalte tilbakebetalingskrav. . Faktura må sendast elektronisk i EHF-format. Elektronisk fakturaadresse er Norsk kulturfonds organisasjonsnummer 891 991 762. Elektronisk faktura er ikkje pdf-fil i e-post eller link til fakturahotell. For meir informasjon om EHF-faktura, sjå Elektronisk faktura for statlege verksemder, Direktoratet for økonomistyring.
Fakturaen må innehalde følgjande informasjon:
- IO-nummer
- Kva for ein innkjøpsordning boka er kjøpt inn under
- Namn på forlag, forfattar og tittel
- Målform (bokmål eller nynorsk)
- Type bok (glattsats eller illustrert)
- ISBN-nummer for trykt bok
- Evt. ISBN-nummer for e-bok
- Beløp for innkjøp av trykt bok, evt. innkjøp av e-bok og forfattarroyalty
For titlar som er innkjøpte i 2023, skal desse betalingstabellane brukast
Betalingstabellar 2024 sakprosa vaksne
Standard bok - 623 P-BØKER OG 150 E-BØKER
Format og målfrom | Forfattar | Forlag | Faktura til sekretariatet |
Både p-bok og e-bok på bokmål, glattsats |
105 000 | 165 000* | 270 000 |
Både p-bok og e-bok på bokmål, ekstra kostnadskrevende |
105 000 | 218 000* | 323 000 |
Både p-bok og e-bok på nynorsk, glattsats |
110 500 | 177 000* | 287 500 |
Både p-bok og e-bok på nynorsk, ekstra kostnadskrevende |
110 500 | 230 000* | 340 500 |
* 27 500 kr av dette utgjer e-bokandel
Dersom forfattaren har bidrege økonomisk til bokproduksjonen og dermed redusert kostnadene til forlaget, skal forfattarens del av betalinga for eit innkjøp bli auka med same beløp. Forlagsdelen blir redusert tilsvarande.