Fagleg utval for litteratur
Handsamar søknader om prosjektstøtte, produksjonsstøtte og formidlingsstøtte.
Fagleg utval for litteratur er samansett av personar som samla har ein brei kompetanse og solid røynsleerfaringar frå dei ulike ledda i det litterære krinsløpet.
Leiar
Sigbjørn Skåden (1976) Tromsø, Troms og Finnmark. Forfattar og lærar, utdanna filolog. Han har både samisk og norsk som skrivespråk og debuterte i 2004 med det episke langdiktet Skuovvadeddjiid gonagas. For denne boka blei Skåden nominert til Nordisk Råds litteraturpris. Sidan debuten har han gjeve ut ytterlegare ei diktsamling, ei barnebok og to romanar. I tillegg har han vore tekstforfattar for eit mangfald av tverrkunstnariske og performative prosjekt.
Medlemmar
Anne Kristin Undlien (1962) Kristiansand, Agder. Biblioteksjef på Kristiansand folkebibliotek. Ho har bachelorgrad i bibliotekkunnskap og etterutdanning i kulturleiing.
Gulabuddin Sukhanwar (1982) Trondheim, Trøndelag. Programkoordinator på Litteraturhuset i Trondheim, jobbar med prosjektet Litteratur for inkludering. Han har tidlegare vore aspirant på Litteraturhuset. Han har bakgrunn som politisk sekretær, diktar og kulturformidlar frå Kabul, med ein bachelorgrad i statsvitskap og jus. Etter at han kom til Noreg har han gått på Nansenskolen, jobba med seminar, flyktningar, kulturformidling og som skribent.
Ragnar Aalbu (1966) Nesodden, Viken. Illustratør, utdanna frå Statens håndverks- og kunstindustriskole. Han har fått Kultur- og kirkedepartementets Debutantpris i 2004, Kultur- og kirkedepartementets Fagbokpris i 2014 og Kulturdepartementets bildebokpris for 2018. Han var òg nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris i 2016.
Anja Dahle Øverbye (1981) Oslo. Teikneserieteiknar, forfattar og illustratør frå Rauma i Romsdalen. Ho har utdanninga si frå England, der ho tok ein BA i visuell kommunikasjon ved UCCA i Kent. I 2016 vant ho Årets tegneserie for debutboka Hundedagar (Jippi 2015), og andreboka Bergen (Jippi, 2018) vant sølv under Årets Vakreste Bøker i 2019. Biletboka Lykketanna (Samlaget) kom i 2019. Ho dreiv òg Blokk Forlag frå 2016 til 2022.
Ingrid Greaker Myhren (1962) Nesodden, Viken. Litterær frilansar med brei erfaring frå bokbransjen, utdanna bibliotekar. Forlagsredaktør for barne- og ungdomsbøker, norsk og omsett, i Gyldendal Norsk Forlag 1993–2017. Sjefredaktør for omsett barne- og ungdomslitteratur hos Kagge Forlag 2017–2020. Tidlegare redaksjonsmedlem i Kritikkjournalen og seksjonsleiar for barne- og ungdomsbokavdelinga i Norli Universitetsgata. Ho har òg sete i styret for Norsk litteraturfestival på Lillehammer i ein fireårsperiode.