Løft til fleire allmennkulturelle tidsskrift og tilskot til fleire nye søkarar
Fagleg utval for tidsskrift og kritikk har fordelt 31,5 millionar kroner, og utvalsleiar Ida Habbestad er med på å oppsummere møtet: - Det er gledeleg å sjå at det går føre seg tenking på mange ulike felt, i ei tid der tidsskrifta og særleg kritikken har krevjande vilkår. Samstundes ønsker me oss fleire søkarar frå område utanfor dei største byane, og frå minoritetsmiljø av ulike slag, seier ho.
Sidan Kulturrådet blei skipa i 1965, har det blitt gitt tilskot frå Kulturfondet til tidsskrift. Sidan da har Kulturrådet også hatt ein pågåande diskusjon om kva for tidsskrift Kulturfondet skal ta vare på. Frå Kulturrådet bestilte ei utgreiing om feltet i 1972, har det vore uttalt at dei allmennkulturelle tidsskrifta som særleg er sentrale i Kulturfondets ordning.
Tilskotsordninga Tidsskrift og kritikk skal i dag styrke og utvide den offentlege ytrings- og refleksjonskulturen gjennom dei uavhengige tidsskrifta og kritikken som skapast og utøvast i ulike sjangrar, format og formidlingsformer. Og i styringsdokumentet «Kulturrådets områdeplan for tidsskrift og kritikk 2022-24» står det vidare at Kulturrådets ansvar på dette fagfeltet mellom anna er å balansere behov for stabilitet og langsiktighet i kulturfeltet med behov for endringer og nye initiativ. Da utvalsleiar Ida Habbestad og resten av fagleg utval for tidsskrift og kritikk møttest i november, for å fordele årets avsetting til tidsskrift, kritikarar og andre aktørar på feltet, prioriterte dei å gi eit løft til ei handfull av dei allmennkulturelle tidsskrifta. Dei la da vekt på kvaliteten og aktiviteten på det som handlar om refleksjons-, skrift- og redigeringsarbeid. Agora, Vagant, Syn og segn og Vinduet er blant dei tidsskrifta som i denne runden fekk eit lite løft.
- Fordi ordninga ikkje blir tilført nye midlar, har det over tid vore vanskeleg for utvalet å gjere prioriteringar som både kan styrka enkelttidsskrift, stø enkelte nye tiltak og samtidig sikre føreseielege vilkår for dei etablerte søkarane. I denne runden la utvalet vekt på å løfte nokre enkelttidsskrift. Dei fire er aktørar som har jobba stabilt og ideelt over lang tid, og dei leverer kvalitativt godt stoff som tydeleg er med på å styrke den offentlege ytrings- og refleksjonskulturen, langt ut over ramma av eigne tidsskrift, seier Ida Habbestad.
Så lenge ordninga tidsskrift og kritikk har eksistert innanfor Kulturfondet, har styringsdokumenta òg lagt vekt på ei balanse mellom dei meir etablerte, og nye røyster. Da det var rekordmange nye søkarar i runden, og da desse jamnt over leverte sterke søknadar, prioriterte utvalet å tildele midlar til uvanleg mange debutantar.
Leiar Ida Habbestad er glad for denne utveklinga, men ser også eit forbetringspotensial kva gjeld mangfald i portefølja til utvalet:
Blant nye eller kommande tiltak, finn ein nisjeblad om bustadspolitikk og om arkitekturkritikk, og podcastar om stil og mote, og norsk, samtidig populærmusikk. Det er gledeleg å sjå at det går føre seg tenking på mange ulike felt, i ei tid der tidsskrifta og særleg kritikken har krevjande vilkår. Samstundes ønsker me oss fleire søkarar frå område utanfor dei største byane, og frå minoritetsmiljø av ulike slag.
Da det heller ikkje i år var komme friske midlar til ordninga, måtte utvalet prioritere andre ned. Det blei difor gjort nokre tydelege prioriteringar som gjorde det mogleg å gi dette løftet til dei av tidsskrifta som har vist, over tid, at dei utviklar redaksjonar som jobbar seriøst og grundig med redaksjonell oppfølging og skribent- og tekstutvikling over tid. For å gje meir føreseielege vilkår for tidsskrifta, prioriterte Habbestad og resten av utvalet òg å auke talet på fleirårige tilskot:
- Utvalet har tidlegare vore noko restriktive med slike tilslag, fordi me har vona på meir midlar i ordninga. Men me ser at det vil vere gunstig for tidsskrifta å kunne arbeide med noko lenger tidhorisont og valde derfor å auke talet på tilsegn for fleire år.
I tillegg til å legge vekt på refleksjonsnivå i tekst og redigering, vurderte utvalet søknadane ut ifrå kriterie som mangfald i høve geografi og fagfelt, realisme i budsjettering, historikk og gjennomføringsevne, og medvit om eigen rolle på tidsskrift- og kritikkfeltet.
Flytting av tiltak
Tidsskrift- og småforlagsentralen Tekstallmenningen har dei siste åra fått tilskot frå tidsskrift og kritikk, og søkte også i år om tilskot frå dette utvalet si avsetting. Fagleg utval for tidsskrift og kritikk sendte søknaden opp til Kulturrådet, med tilrådning om følgande vedtak: Å tildele ein million kroner av tidsskrift og kritikk si avsetting til Tekstallmenningen, men å gjere dette som ei overføring til Fagleg utval for tverrgåande ordningar. Denne tilrådinga kunne utvalet for tidsskrift og kritikk komme med fordi Tekstallmenningen også hadde sendt søknad til Fagleg utval for tverrgåande ordningar. I praksis foreslo fagleg utval for tidsskrift og kritikk å overføre éin million av sine midlar til Fagleg utval for tverrgåande ordningar i 2024, og frå og med same år overlate det til Fagleg utval for tverrgåande ordningar å ta imot søknadar og forvalte eventuelle tildelingar til tiltaket. Utvalsleiar er godt nøgd med vedtaket:
- Utvalet ser på Tekstallmenningen som ein viktig aktør for tidsskrift- og kritikkfeltet gjennom tenestene dei leverer til feltet. Samstundes har både utvalet og Tekstallmenningen sett det problematiske i at dei gjennom å få tilskot til arbeidet gjennom ordninga dermed har konkurrert med sine eigne kundar om dei same fondsmidlane. Alle partar har difor ønska å overføre tiltaket til ordninga tverrgåande kulturverksemd.
Tal
93 søknadar kom inn til denne runden, og alle blei realbehandla av Fagleg utval for tidsskrift og kritikk i utvalsmøte i november. Utvalet sette vedtak i 92 av søknadane og altså tilråding i éin (Tekstallmenningen), som blei behandla av Kulturrådet i årets siste rådsmøte.
Flest søknadar kom det i år inn frå det tverrfaglege feltet (24), medan 22 søknadar hadde tyngdepunktet sitt i det litterære feltet. Det kom elles inn 18 søknadar med tyngdepunkt på visuell kunst, 16 søknadar med tyngdepunkt på andre kunstfelt, ni søknadar med tyngdepunkt i musikkfeltet, og fire til kvart av felta kulturvern og scenekunst. Tildelingsprosenten på tvers av fagfelta låg på mellom 50 % og 68 %, med unntak av musikk, der 33 % av søknadane vart tilgodesett.
Søkarane har oftast base i Oslo og Bergen, med 62/93 søknadar frå Oslo og 14/93 frå Bergen. Viss ein såg på nedslagsfeltet, ville dette sjå annleis ut, da det særleg på arrangements- og prosjektsida blir prosjektert tiltak over heile landet.
Dei øvrige søkarane hadde basen sin i Viken (5 søkarar), Vestfold og Telemark (3 søkarar) Trøndelag og Troms og Finnmark (2 søkarar i kvart fylke) og Rogaland, Møre og Romsdal, Innlandet og Agder (1 søkar i kvart fylke).
Økonomien i runden
I forkant av denne runden disponerte utvalet tilsaman 31 001 000 kroner. Desse midla fordelte seg på tre typer: 148 000 kroner gjenståande på 2023-budsjettet, som følge av revidert nasjonalbudsjett, 930 000 kroner frå tidsskrift- og kritikkordninga sin del av overskotet av Norsk Tipping 2023, samt 29 923 000 kroner som Kulturrådet har vedteke sett av til tidsskrift og kritikk for 2024.
Fire søkarar fekk toårig produksjonstilskot, og to søkarar fekk treårig produksjonstilskot. Dette gir følgande fordeling av det samla tildelingsbeløpet:
58 søkarar fekk tilsaman 24 536 821 kroner for 2023 og 2024. Dette inkluderer Tekstallmenningen. Seks av desse fekk i tillegg tilsaman 4 964 000 kroner for 2025, og av desse igjen to som får 2 050 000 kroner for 2026.
Søknads- og tildelingsbeløpa under inkluderer dei fleirårige tilsegna, samt éin million kroner overførd til Fagleg utval for tverrgåande ordningar.
Tal frå runden
- Tal på søknadar: 93
- Tal på tildelingar: 58
- Søknadsbeløp: 87 726 537 kroner
- Tildelingsbeløp: 31 550 821 kroner