SV løftar lokalt kulturliv i alternativt statsbudsjett
SV foreslår 91 millionar kroner meir til Kulturrådet i det alternative statsbudsjettet sitt, samanlikna med budsjettet til regjeringa. Målet er å gjere kunst og kultur meir tilgjengeleg der folk bur.
– SV viser med sitt budsjettforslag at dei ser kva rolle Kulturrådet kan ha for å vidareutvikle og ta vare på kunst- og kulturfeltet i heile landet. Det bidreg i sin tur til eit rikare kulturliv i små og store lokalsamfunn, seier rådsleiar i Kulturrådet Sigmund Løvåsen.
SV forslår følgjande auke til tilskotsordningar i Kulturrådet:
- Tverrgåande kulturverksemd: 8 millionar kroner
- Skulebibliotekordninga: 14 millionar kroner
- Innkjøpsordningane for sakprosa: 15 millionar kroner
- Tidsskrift og kritikk: 10 millionar kroner
- Fri scenekunst: 20 millionar kroner
- Musikkarrangørar: 20 millionar kroner
- Kulturvern: 4 millionar kroner
Totalt gir dette ein auke på 91 millionar kroner til Kulturrådet samanlikna med budsjettforslaget frå regjeringa.
Uutnytta kraft i kulturlivet
– Det ligg ei sterk uutnytta kraft i kulturlivet. I dei ti tusen søknadene Kulturrådet får årleg, ser vi at både profesjonelle og frivillige over heile landet brenn for å skape kulturaktivitetar som byggjer fellesskap i lokalsamfunna. I dag er det mange gode initiativ som ikkje får tilskot på grunn av tronge budsjettrammer. Viss SV får gjennomslag for kulturbudsjettet sitt, vil det komme heile landet til gode, seier Løvåsen.
SV sitt alternative statsbudsjett vil vere grunnlag for forhandlingane med regjeringspartia på Stortinget. Endeleg statsbudsjett blir vedteke av Stortinget i desember.
Les heile SVs alternative budsjett her.
Les Kulturrådets reaksjon på budsjettforslaget frå regjeringa her.