Leseglede og litteraturformidling til barn og unge
Over halvparten av festivalane og arrangementa som fekk tilskot i sist tildelingsrunde for litteraturformidling har fokus på å spreia leseglede og leselyst til barn og unge. Dette er ein viktig prioritering for Kulturrådet.
– Fagleg utval for litteratur har dei siste åra hatt fokus på å få inn fleire søknader om formidling for barn og unge, mellom anna gjennom tilleggsutlysingar øyremerkt nye søkjarar frå barn og unge-feltet, seier Sigbjørn Skåden, medlem i Kulturrådet og leiar i Kulturrådets faglege utval for litteratur.
– Derfor er det veldig gledeleg å sjå den markante auken i søknader til nettopp formidlingstiltak for barn og unge no. Det tyder på at Kulturrådets tiltak og signal ut mot feltet blir fanga opp og har effekt. Få ting er vel meir gledeleg enn eit oppsving i leselyst og litteraturinteresse blant barn og unge, seier Skåden.
Det kom inn 48 søknader til tilskotsordninga for litteraturformidling til fristen 5. mars, og 23 prosjekt fekk tilskot. Over halvparten av søknadene som kom inn gjaldt litteraturfestivalar og litteraturarrangement som er retta heilt eller delvis mot barn og unge.
– Me ser at barns tilgang til gode litteraturopplevingar blir viktigare og viktigare
Fleire av litteraturfestivalane og litteraturarrangementa som får tilskot frå Kulturrådet, er reine barne- og ungdomsbokfestivalar med eit omfattande program. I tillegg rettar dei seg mot familiar og formidlarar av barne- og ungdomslitteratur. Appelsinia litteraturfestival i Skien er ein av dessa. Festivalen blir i september arrangert for tolvte år på rad, og har som mål å spreie leselyst og leseglede til barn og unge gjennom god litterær formidling.
– Skien er ein samansett by med utfordringar knytt til fattigdomsproblematikk der det er ekstra viktig å gi barn og unge tilgang på litteraturformidlingar uavhengig av bakgrunn. Me ser at barns tilgang til gode litteraturopplevingar blir viktigare og viktigare. Gjennom Appelsinia når me 2500 barn kvart år og gjennom eit skuleløp vil alle elevar i Skien oppleva åtte litteraturformidlingar fordelte på fire festivalar. Det er me veldig stolte av, seier Åshild Nygaard Isaksen, festivalsjef for Appelsinia litteraturfestival.
Av andre som har fått tilskot denne runden finn du Ribsen-festivalen i Grimstad, Seriefest på Deichman Grünerløkka i Oslo og prosjektet Ungdomsbokgildet. Ribsen-festivalen planlegg i år for omtrent 75 aktivitetar og arrangement, inkludert skrivekurs, teater, barnebokbad og framsyningar for barnehagane. Litteraturfestivalen Seriefest på Deichman Grünerløkka i Oslo er ein teikneseriefestival for barn på barnas premissar. Den består av ein kombinasjon av workshops, forfattarbesøk og aktivitetar som på ulike måtar har noko med teikneseriar å gjera, og har i tillegg ein fagdag for bibliotekarar og lærarar.
Prosjektet Ungdomsbokgildet er eit seminar for bibliotekarar og andre litteraturformidlarar vigde formidlinga av ungdomslitteratur. Målsetjinga er å auke kunnskapen om ny ungdomslitteratur blant formidlarar, auke formidlingskompetansen blant bibliotektilsette, og skapa ein nasjonal møteplass for alle som arbeider med litteraturformidling for ungdom. Det er viktig for Kulturrådet å støtte tiltak som dette i ei tid då det blir gitt ut stadig færre bøker for ungdom på norske forlag.
Språkmangfold
Ein føresetnad for lesing og leselyst er at det finst eit godt utval bøker på ditt eige språk. Det er også viktig at denne litteraturen blir godt formidla og blir gjort tilgjengeleg gjennom aktivitetar som festivalar og arrangement.
Fleire av litteraturformidlingsprosjekta som fekk støtte i denne runden, vil bidra til å styrke nynorsk språk og litteratur. Blant dei Litteraturdagane i Vinje, Litteratursymposiet i Odda, Litteraturhus i Møre og Romsdal og Boknatta som blir arrangert av Den norske Bokbyen i Fjærland. Fosse på Fosse i Strandebarm skal formidle forfattarskapen til Jon Fosse, som vart tildelt Nobels litteraturpris 2023, og vil med det også sette fokus på den nynorske litteraturen.
Litteraturfest Røros, lokalisert i det sørsamiske forvaltningsområdet, fekk også tilskot. Festivalen skal vere ein arena for samisk litteratur.
– Kulturrådet skulle gjerne sett fleire søknader om prosjekt som styrkjer formidlinga av litteratur frå samiske språk og nasjonale minoritetsspråk, og håpar å sjå fleire gode søknader på dette området framover, seier Skåden.
Neste søknadsfrist til ordninga Litteraturformidling er 3. september 2024.