Kven bør få Kulturrådets ærespris 2024?
Kjenne du nokon som har gjort ein stor innsats for norsk kulturliv? No kan du nominera kandidatar til Kulturrådets ærespris. Forslag må sendast inn før 1. september.
Æresprisen er på 600 000 kroner og ein skulptur av bilethoggar Elena Engelsen, og går til nokon som har gjort ein innsats av vesentleg betydning for norsk kunst- og kulturliv.
I fjor gjekk prisen til songaren og musikaren Elias Akselsen for den langvarige karrieren hans som Noregs fremste formidlar av songtradisjonane til romanifolket.
Kulturrådets ærespris vart delt ut for første gong i 1968. Sidan den gong har kulturpersonlegdommar som Alf Prøysen, Sigbjørn Bernhoft Osane, Arne Nordheim, Anne-Cath Vestly, Kjartan Slettemark, Jon Fosse, Mari Boine, Inger Sitter, Jan Erik Vold, Miloud Guiderk, Synnøve Persen og Cliff Moustache fått prisen. Det same har prosjekt og grupper som Skulpturlandskap Nordland og Forsvarets musikk. Dei tre siste åra har prisen gått til Karin Krog, sørsamiske språkarbeidarar og Elias Aslaksen.
Nominer din kandidat
Nominasjonsprosessen er open, og du kan foreslå:
- ein person
- ei gruppe, kompani, ensemble e.l.
- eit prosjekt, ei satsing e.l.
Fristen for å nominere kandidatar er 1. september. Merk at me berre tek imot forslag som kjem inn gjennom nomineringsskjema. Dersom du ønskjer å levera forslag anonymt, lèt du vera å leggja inn eige namn i skjemaet.
Vinnaren blir annonsert i september
Når Kulturrådet møtest 24. og 25. september vil dei gå grundig gjennom alle dei foreslåtte kandidatane og velja ein prisvinnar som blir offentleggjord i etterkant av møtet. Prisutdelinga finn stad i løpet av hausten.
Les meir om Kulturrådets ærespris og tidlegare vinnarar her.